mandag 9. juni 2014

Pinsti på terrassen

Fredag var me oppe og fekk låna tilhengaren til papen då me kom. Etter legging av "lille Trille" var det rett ut og fylla han med søppel. Her skulle det vera effektivitet, ikkje noko slinger i valsen!

Laurdag morgon var det avgårde-Kåre til Haugesund og Årabrot. Vekk med søppel, så kjøpa terrassebord. Me blei litt flate i fjeset då me kom til stengd miljøstasjon, me som hadde lese oss opp på åpningstider og alt. Det viste seg at me ikkje hadde lese langt nok, for lenger nede på nettsidene sto det om unntaka: påskeaftan, pinseaftan og julaftan. Det var lita trøyst i at me slett ikkje var dei einaste. Då var det vel berre å gjera vendereis, då.

Etter litt refleksjon i framsetet, akkompagnert av Folk og røvere i Kardemommeby frå baksetet, fant me ut at me skulle sjekka SIM sine åpningstider på Stord. Dei hadde berre påskeaftan og julaftan som unntak, og dermed fekk søppelet vårt seg reine sightseeinga før det enda dagane sine på Heiane på Stord. På Heiane fekk me kjøpt terrassebord også, så glade var me. Me kom tilbake akkurat tidsnok til avsluttinga av dugnaden i Kvitanesvikjå...

 Då var det berre til å begynna...

Sommarkjole, solbriller og arbeidshanskar. Godt utstyr er halve arbeidet...

Her går det unna!

Eldstemann fant ut at å kombinera styrketrening med høve til å tena seg nokre kroner var gode greier. Han var vel den som bar brorparten av terrasseborda ned til hytta. 
 
Ein stk utsliten storebror...

...men nye oppgåver ventar...

 Måndag morgon.

 Det begynner å likna noko!

 Riktignok mykje skruearbeid igjen - mange av borda er berre lagde utover.

Kven vil vel vera inne i dette fine veret?
 
Halvard med husdyret...

Hytte bada i sommarsol.

Fantastisk pinsehelg: Nydeleg ver, ungar som leikar kjekt, litt "raddl" med slekta og hyttenaboane, og arbeid som viser igjen. Kan ikkje få det betre!



søndag 1. juni 2014

Terrasseprosjekt

Om de trur at me nå begynner å få stålkontroll på å planlegga hytteturar, må de nok revurdera dei tankane ein smule. Spesielt når hytteturane kjem så tett at me ikkje rekk å pakka skikkeleg ut frå den eine før me er i gong med den andre, då går ting litt på ein snei. Me reiste onsdag, men først måtte me pakka, så måtte me innom ein plass og eta middag, så måtte me handla badehåndkle sidan me hadde gløymt det heime, så måtte me innom ei byggsjappe og kjøpa papprøyr, og til slutt måtte me handla mat for helga. Det blei seint på kveld før me kom fram, men det er kanskje ikkje nødvendig å seia?

På parkeringsplassen møtte me på eit lass med singel. Dermed var det berre å starta der me slapp sist helg etter frukosten torsdag. Beste-Unn tok med seg eldste-og yngstemann på "Trodlamarsjen" opp til Trodlavassnipen nord i Sveio kommune. Mellomsten bestemte seg for å vera i området rundt hytta og leika med søskenbarnet sitt. Dermed var det godt med arbeidsro for foreldra. Far min syns tydelegvis at det er så kjekt å kjøra traktor (eller kanskje han tvilte litt på våre evner i den retninga...???), at han blei med oss heile dagen.

 Dette synet får meg til å føla meg heime: Traktor med far min og Tassen inni.

Drensrøyr på plass

Måling og sikting: -Det e kje så nøye, barra det e akkurat, seier far min...

Grei arbeidsfordeling: Pål held røyren i vater, far min spar og Tassen går i vegen...

Fredag lesste me tilhengaren full av byggeavfall og kjørte til Årabrot med det. Deretter kjørte me til Byggmax og fyllte hengaren med 2x8 og 2x6, og bagasjerommet med sementsekker. Dermed var det duka for nok eit kapittel i serien "trøyste og bere". Me har komne litt ut av teljinga på nummeret i rekkja, men me konkluderte vel med at verken joggetur eller styrketreningsøkt var naudsynt den dagen (sjølv om Pål, med Nordsjørittet pustande i nakken, hadde seg ein kveldstur på sykkel saman med svoger Geir).





Laurdag, etter enda meir bering, begynte blandemaskinen å gå. Pål støypte fast bjelkesko i røyra, mens eg hadde gjengen vår med meg til Kvitanesvikjå. Litt arbeidsfordeling må ein ha, ikkje sant?

Sjå der, ja! Fint på rad og rekke.

Då gjenstår det å sjå om ho mor kjem ajour med klesvasken før neste helg. Planen då er nok eit lass med søppel til Årabrot, for så å komma tilbake med 475 meter med terrassebord. Trøyste og bere!