Gemalen og eldstemann for av garde på Agder-cup i helga, mens eg tok med meg dei to resterande avleggarane til Tveit for å forveta meg meir om ståa. Og her går det på fram, som ein kan sjå av bilda. Hadde ein prat med snikker Robert på telefon i dag, og han rekna med eit par veker til på det han skal gjera. Då er hytta reist, tett og klar for at me kan putla i vårt eige, meir bedagelege tempo i sommar. Neste helg er langhelg, så dermed er me klare til ny tur nordover allereie i morgon kveld. Og eg som ikkje har rukke å pakka ut etter sist helg ennå! Snakk om å snu i døra!
Sååååå kjekt, Anne Jorunn! synes eg ser gliset ditt når du står der og skuer over resultatet. Dette blir flott!!
SvarSlettTorunn.