I april hadde me 10-års bryllupsdag. Sjølve dagen blei "feira" med at me tok ein "bedre middag" på McDonalds på Kvadrat med heile familien på slep. Me var nemleg på veg til nok ei helg med hyttebygging.
I haustferien fekk me derimot feria oss sjølve sånn på "forektigt", som haugesundarane seier. Ungane blei frakta til Arsvågen der bestefar og besteUnn kom og henta dei, og så sette me kursen mot flyplassen på Sola, og var klare for langhelg i London, berre me to. Me har kosa oss glugg i hjel. Visakorta har fått kjørt seg, me har ete godt, ledd oss fillete, og til og med vore litt kulturelle. Her kjem nokre stikkord:
Overnatting:
Holiday Inn, Regent's Park. Sentralt, heilt greit hotell. Då me kom fekk me vita at me hadde blitt oppgraderte til executive room. Me resonnerte oss fram til at skilnaden var at me fekk badekåpe og tøfler...
Restaurantar:
Maze grill: Gordon Ramsey sin biffrestaurant. Her kom dei inn med forskjellige biffar og presenterte dei før me bestilte. Heilt klart stor fagkunnskap hos kelneren, men me merka dei hadde mest lyst til å selga den aller dyraste biffen som kom frå Australia. Elles merka me oss eit stort oppbod av kelnarar som hadde sine spesialområde: Ei gjekk rundt og skjenka vin og vatn (veldig ivrig i tenesta...), ein annan hadde ansvar for telys
(!). Nydeleg mat, flott service og lokale akkurat passe uformelt til at me følte me kunne slappa av.
Chettinad: Ranka som beste indiske restaurant i Trip Adviser. Skulle ikkje forundra meg. Det me åt (som eg ikkje huskar namnet på) var i alle fall nydeleg. Indisk mangois til dessert - må prøvast!
Gaucho: Argentinsk restaurant, og då kjem det vel ikkje som noko bombe at det blei biff igjen... Igjen blei me presentert maten før han blei tillaga. Nydeleg mat her også, men Maze var nok hakket bedre.
Wahaka: Mexicansk restaurant. Her hadde me lunsj eine dagen, og fekk ein sånn "litt av alt"-tallerken. Knallgodt, og så sat me faktisk ute i sola og åt! Artig gimmick at rekninga kom med ei handfull chilifrø inni eit kort (som me gløymde att på hotellrommet då me skulle reisa...)
Jamies italian:Tydeleg ein populær kjede. Her hadde me lunsj den dagen me reiste heim. God mat. Me merkar oss at det er veldig "in" å servera maten enten på ein planke eller ei skjerefjøl i staden for vanlege tallerkenar. Ein ide til julemiddagen, kanskje? Så kan ein fyra med serviset i staden for å vaska det etterpå...
Shopping:
I tillegg til
Oxford street, hadde me oss ein tur til eit svært kjøpesenter ved Sheppards Bush som heiter
Westfield. Me tenkte først at her har dei ingenting som passar vår lommebok, men oppdaga etterkvart at me hadde begynt i den dyraste enden. Absolutt ein stad å ta turen, men det er kanskje lurt å vera litt tidleg på dagen. Då me var på veg ut av senteret i 2-tida på dagen, velta det med folk som skulle inn.
Har ein ungar i heimen, kjem ein vel ikkje utanom
Hamley's. Eg blei litt matt av alle som skulle demonstrera diverse leiker. Då eg stod i kø for å betala, kom det trillande ei klinkekule. Deretter kom det hoppande ei entusiastisk ung dame som utbraut: "Oh, I've lost a marble!" Ho som stod før meg i køen snudde seg mot meg og kom med stjernekommentaren: "I think I've lost me marbles already..."
Underhaldning:
Stand-up-show med
Michael McIntyre i O2-dome. Dette var vel det som gjorde at me kom oss avgarde. Denne karen har me sett på tv i ulike samanhengar, og har ledd like mykje av han kvar gong. Han hadde betraktningar om litt av kvart, og snakkar eit svært tydeleg og forståeleg engelsk slik at ein nordmann faktisk heng med i svingane. O2-dome er svær, og me sat høgt til vers. Har ein sterk høgdeskrekk bør ein vurdera nøye plassering dersom ein har tenkt seg på noko her!
Elles var me og såg komedien
39 steps. Fire skodespelarar i over 100 roller, nesten ingen kulisser eller rekvisitter (men ein utruleg kreativ bruk av dei få som var...), og ein lydmann på høggir, gjorde dette til litt av ei oppleving. For dei som har lyst til å le godt og lenge (eg ler ennå...), er dette absolutt å anbefala. Glimrande alternativ til musical, men ein må vera
litt stø i engelsk for å få med seg alle poenga.
Kjekt å sjå:
Søndagen var det godver, så då tok me turen til
Kew gardens. Me var nok litt utanom sesongen, sjølv om drivhusa med planter frå heile verda nok går an å sjå året rundt. Treetop Walkway var ein artig sak. Ein enten gjekk trapper eller tok heisen opp til ein gangsti som gjekk bokstaveleg talt rundt tretoppane. Tysdag regna det, så då gjekk turen til
National Gallery og National Portrait Gallery. På National Gallery rusla me oss gjennom kunsthistoria, og akkurat då eg syntest det verkeleg begynte å bli interessant, datt Pål heilt av lasset. På National Portrait Gallery var det ein museumspedagog som var så flink å formidla til ein skuleklasse som var der, at eg gladeleg skulle følgd henne på heile runden ho tok dei med på, hadde det ikkje vore for såre føtter og til dels streikande rygg.
Transport:
I tillegg til tube og buss, er transportetappa frå O2-dome og over Themsen verd å nemna. Emirates Airlines har finansiert ein
taubane over Themsen. Ganske romantisk å sjå London by night frå lufta.
Elles er det aldri feil å reisa saman med ein dreven ferieplanleggjar. Alt er tima og tilrettelagt, og eg diltar etter og prøver å halda meg oppdatert på sånn nokonlunde kor eg er til ei kvar tid. I tillegg til billettane til Michael McIntyre og 39 steps, var og fleire av restaurantbesøka bestilte på førehand.
Me kom heim seint tysdag kveld, og onsdag morgon var det berre å pakka om før me kom oss nordover til Tveit. Ungane var glade for å sjå mamma og pappa igjen. Minstejenta har proklamert "MIN mamma!" med jamne mellomrom resten av haustferien, og vore utruleg klengete på meg.
I hytta er me nå ferdige med tak og vegger på alle soverom og gangen i soveromsdelen. Nå står den verkelege jobben, stova med kjøkkenkroken, for tur.
Publiserer dette innlegget utan bilde nå, så får eg legga inn bilde når serverproblema i heimen er løyste...