"Det var jo terrasse me skulle ha jobba med nå!" utbraut gemalen den
eine dagen då me stod vagla i kvar vår gardintrapp inne. Eg var vel
ikkje heilt ueinig... Fantastisk påskever! Absolutt altfor fint ver til å
jobba inne!
På den andre sida - me vil jo bli ferdige med denne hytta ein gong, og då er det nå greit om det går litt på fram og.
Pål har nå plata ferdig veggane i stova, og dermed hadde me store mengder med kapp å transportera til Årabrot. Godt å få det vekk, berre så synd at me gløymde det som stod i eine soverommet...
Eg har pussa og beisa dragarane i stova.
Slik ser det ut nå.
Panel i taket og kryssfiner på veggane i boda. Ikkje heilt ferdige her.
Glava i veggane på badet. Dei har reklamert for billig baderomspanel, så denne veka må me prøva å få lånt ein tilhengar og komma oss ut på handel.
Plater på veggane og ferdigmontert sentralstøvsugar på kryploftet.
Den lokale klatremusa i sving. Faren er etter uttrykket å dømma noko skeptisk...
Me måtte skaffa ei "dissa" til minstejenta. Ein ting er å gå på besøk til folk som har "dissa" på terrassen, ein heilt annan ting er å flytta inn der... (Jada, haugesundarar, eg veit det heiter "føysa". Det er berre dei sørom fjorden som ikkje har forstått det heilt...)
Ein tur opp på Tveitefjedlet høyrer med når det er påske. Minsten trava trøstig i veg og viste fine takter. Ingen tvil om ho er klar for fleire turar i skog og mark!
Nokon har uendelege mengder energi, ser det ut til...
Lønn for strev. Sjekk den utsikta!
Nokon har uendelege mengder energi, ser det ut til...
Lønn for strev. Sjekk den utsikta!
Kos i solveggen utanfor hytta 1. påskedag. Unn og pappa kom ned med nysteikte lappar til oss. Me rigga oss til med ein provisorisk benk av to forskalingsblokker, ein stige og ei golvsponplate.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar