mandag 21. april 2014

Forsmak på sommaren

Påska markerer starten på ein ny sesong for oss som har hytte ved sjøen. Nå skal det seiast at for akkurat vår familie varer hyttesesongen heile året, men heile vinterhalvåret er me mest åleine på Kvitanes. Når påska så kjem, er plutseleg gardinene trekte frå i alle hytter, og det tyt folk ut av alle dører - tjukke slekta heile gjengen. Kaffi skal drikkast, skrøner skal forteljast, og ungane får det plutseleg svært så travelt med kameratar og venninner i ulike nabohytter. Dei er som regel heimom og får i seg noko mat innimellom før det ber av garde igjen, og så har me som mål å få lagt ungane i rett seng i rett hytte kvar kveld...

Og der var me plutseleg innpå temaet som har gått igjen i det siste: Senger. Nå har endeleg alle fått seg ordentlege heimesnekra senger. Då me kom denne gongen, heiv Pål seg over snekring av Halvard si seng. På dette rommet var det betre plass, så der blei det reine familiesenga: Dobbeltseng nede, og enkeltseng i overkøya. Astrid si seng blei beisa og lakkert, mens Halvard si seng førebels berre har fått beis på seg, sidan me gløymde å kjøpa meir lakk. Verdas beste seng, gliser Halvard.


 Astrid si seng, ferdig beisa og lakkert, og med sengehest både oppe og nede...

 Halvard si seng.


Då sengemakeriet var over, flytta Pål sagene ut, og dermed blei det råd å få rydda, sopa, støvsuga og gjera det litt meir heimekoseleg i hytta.

Nysopt stovegolv - reine ballsalen (men det manglar ein sofa og to...)!


Ute blei det snekra tram, slik at me kunne kvitta oss med dei to pallane me til nå har balansert på på veg inn og ut av hytta. I tillegg snekra Pål gangveg frå trammen og bort til der hovudterrassen kjem. Det begynner å bli framkommeleg ute også.

 På trammen blei det felt ned ei rist som me fant på Biltema. Min idé, noko murrande utført av gemalen...


 ...men når jobben var gjort, var han einig i at det var ein god idé og ser ganske tøft ut...


Inne hadde eg ein fæl sorteringsjobb av ulike verktøy, skruar, spiker og andre duppedittar. Kva skulle lagrast og kva skulle hivast - og kva var det nå alt me hadde lagra inne på boden? Heldigvis blei det ikkje teke bilde av den seansen, for det var til tider eit deprimerande syn...

Båten blei henta på Mosterøy. Det å stå til vinterlagring i ei løe er ikkje berre berre. Det resulterte dette året i eit knust glas i vindskjermen. Båten står framleis på hengaren sin, den. Sjøsetting får me ta seinare når det som skal reparerast er reparert. Eg trur me etterkvart har fått tak i dei rette skruane, men så var det visst eit bor som knakk...

Langfredag fekk me besøk av farmor og Per. Dei hadde med seg vaffeljern som presang, og farmor hadde i tillegg med seg ferdig vaffelrøre. Svært praktisk, syns me.

 Torstein, farmor og eit vaffeljern. Går ikkje an å få det betre...

Fint vêr hadde dei med seg også.

Og finvêret varte, og det å gjera noko innomhus blei plutseleg mindre interessant. Me måtte ut. Den vesle båten som gutane skal ha å krusa rundt i, blei dulla litt med.


Bunnstoff må til. Full konsentrasjon...

Første påskedag blei feira i Kvitanesvikjå. Full rulle med folk som hadde ulike prosjekt på gong.

Klypping og rydding av brakabuskar...


Fisking...
...og sløving...

I dag er det andre påskedag. Finvêret er spådd å vara ei veke til, så det var med tungt hjerte me vende nasen heimover til klesvask og førebuing av ny veke. Me har fått ein fin forsmak på sommaren på Tveit og Kvitanes, og me gler oss til det me har i vente!



1 kommentar: