Bånn gass i eine badelandet me var i.
Stranda "vår". Mykje meir oversiktleg og mykje mindre folk enn "hovudstranda" i byen.
Gjengen i Barcelona
Det var den sommaren me fekk oss ein liten pusekatt. Det hadde blitt med
snakket lenge, for me vaksne såg jo at minst ein av avleggarane hadde
hatt godt av eit dyr å kosa med, stella og ta ansvar for. Eit bilde som
blei delt på Facebook blei sparket i baken som skulle til. Det nye
familiemedlemmet hadde allereie blitt kalla Sniff av familien til
kattemor, og då såg me ingen grunn til å endra på det. Sniff er blitt
ein pendlarkatt mellom hus og hytte, og ser ut til å takla dette greitt.
Sniff og Halvard
Det var den sommaren då uteplassen på hytta stod i fokus, og då skruing av terrassebord var eit heitt tema. Heitt i dobbel forstand - jaggu ikkje greitt å jobba midt i solsteiken i over 30 graders varme. Me innførte spansk arbeidsmønster med siesta midt på dagen. Det var også den sommaren då målet om å få beisa heile hytta og terrassane gradvis blei moderert: -Eg skal i alle fall få teke hytta... -Eh, eg skal i alle fall få teke denne veggen... Halve hytta tenkjer eg me seier at eg rakk...
Mange sånne dagar denne sommaren!
Trapp frå ein terrasse til ein annan.
Ferdig terrasse frå ulike vinklar
Og endeleg denne siste helga også med gelender.
Ute på fjorden i herleg sommartemperatur
Kvitanesvikjå - nystrigla, og med flytebrygge
Astrid inspiserer "litlebåten"
Det var den sommaren me sloss mot alle salgs insekt. Først begynte kleggen, så overtok vepsen gradvis, og til slutt kom dei uappetittlege fluene. Me fekta og slo rundt oss, vaska ungar og kjøkken med ein utruleg frekvens til å vera oss, og laga insektsfeller som strengt teke ikkje virka noko særleg. Til slutt gjekk Pål og handla ein makalaus manik til å setja i stikkontakten, og dermed smalt det og lukta svidd rett som det var.
Det var den sommaren eldsteguten hadde sin første sommarjobb som bærplukkar på Tveit Gaard. Han plukka og plukka, og sveitta og sveitta. Kom varm og forkava frå jobb, og durte rett til sjøs for å kjøla seg ned. Det var også den sommaren då far min hamna på sjukehuset med blodpropp i eine leggen, midt i travlaste bringebærsesongen.
Bringebær før...
...og etter plukking
Det var den sommaren hageslangen heime blei gløymt med trykk på eine fredagen med helgependling til hytta, for så å hoppa av og laga lekkasje inn i kjellaren. Årvakne naboar skal ha takk for at det ikkje blei ståande å renna lenger enn det gjorde. Likevel blei det litt armar og bein med rydding, avfukting, demontering av veggplater, forsikringsselskap osb.
Oppsummert: Det har vore ein sommar me vil hugsa, og det har knapt vore tid til fotografering og blogging.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar