Forrige helg hadde me oss ein tur til Tveit igjen. Far min hadde 65-årsdag, og det blei feira med besøk av alle etterkommarane hans. Me nytta høvet til å ta oss ein tur ned på tomta og kikka. Måleband og fotoapparat er faste remedier når me går ned og ser, og så burde me hatt med notisblokk og hytteteikningane også, fant me ut etterkvart... Sidan sist har det kome singel der hytta skal stå, så neste steg i prosessen er å mura stripefundament. Det er med andre ord berre oss sjølv og vinterveret det kjem an på ei lita stund framover...
Her har Pål teke bilde frå nedsida av tomta der renseanlegget nå ligg. Det er blitt reine akebakken ned frå hytta, og me lurar på om me kanskje skulle sådd i blomsterengfrø her, eller om det berre skal få ligga åpent slik at naturen ordnar opp sjølv. Hmmm... Tenke, tenke...
Her er sjølve hyttegrunnen. Det blir to striper med forskalingsblokker på det øvste plattået, og ei på det nedste (ikkje omvendt, som eg kom i skade for å skriva på det forrige innlegget).
Så gjekk me og funderte litt på korleis me skal leggja stien det siste stykket ned til hytta. Antakeleg kjem me til å svinga oss rundt furua til venstre i bildet (om nå den kjem til stå der, då... Tvilsomt...). I hytta i bakgrunnen held Lilland-gjengen til.
Hobbyfotograf Berg lot seg fascinera av rimen som hadde lagt seg på strå og blad.
Må jo herja litt med han onkel!!!
Kose seg pågår!
Nå håpar me på eit møte med hytteprodusenten "Drømmehytten" på Ålgård før jul, slik at me får gjort dei siste avtalane.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar