torsdag 30. desember 2010

Godt nyttår!

Me har ikkje vore på Tveit sidan sist, men me har nå fått vore på Ålgård og gjort ein del avtalar med dei som produserer Drømmehytten. Det var eit raskt og effektivt møte, og i dagane etter tikka det inn mailar med teikningar og prisar. Ventar ennå på tilbud frå snekker. Me vil ha nokon som kan reisa hytta for oss og få henne tett, slik at me etterpå kan jobba i vårt eige tempo (som er høgst variabelt...) utan å bekymra oss om noko har blese vekk eller ramla ned for kvar gong me reiser nordover.

Det neste me må gjera, er å bestilla forskalingsblokker til fundamentet, slik at det er klart til å begynna med dette så snart snøen er vekke. 2011 blir eit spennande år!

1 kommentar:

  1. Hei Anne Jorunn, ein liten melding fra ein som du kjente før, og kanskje huskar sånn vagt heilt bak i den innerste minneboka di.
    Ser kjempeflott ut, og får jo mine gamle minner og fram igjen fra eg holdt på der inne på mitt store prosjekt i 80 åra.
    Spennande å bygge noe sjøl, og se at det vokse fram.
    Og ser jo at du har dreve på med andre prosjekter og med barnaproduksjon og e jo ganske greit å gjøre det og sjøl. Sjøl laga er vellaga.
    Nå når du har kommet så longt ner på mitt innlegg kan eg jo sei kim eg e og da, er jo ikke sikkert minnet ditt strekke så langt tilbake, men er altså ditt søskenbarn på mor siå han Jan.
    Me holde på me vårt eget byggeprosjekt på Bømmelulu, der me holde på å bygge naust, og det blir ei fjøl då og ei fjøl då.

    Har ei mail adressa og eg da som e ainsta@online.no

    Hilsen Jan

    SvarSlett