fredag 27. august 2010

Ingen byggeprosjekt utan...

Som nemnd i eit tidlegare innlegg er det om ein liten månad 9 år sidan me flytta inn i flett nytt hus. Grunnen til at eg veit det så nøyaktig, er at me den gongen hadde to prosjekt gåande samstundes, og begge prosjekta blei ferdigstilt same helga. Kort fortalt: Vatnet gjekk fredag kveld, me kjørte flyttelass heile laurdagen, og så kom Torstein til verda søndagen...

9 år etter gjentek me det heile, men denne gongen blir det nok ikkje like synkront. Attpåklatten kjem nok før me får begynt på sjølve hyttebygginga, men terminen er nøyaktig den same som for 9 år sidan...

Digresjon: Eg trur ikkje me bygde noko då me venta Halvard...???


lørdag 21. august 2010

Kloakk er noko drit!

Då me reiste på hytta då eg var lita, hadde me do av typen når-det-er-fullt-er-det-berre-å-spa-eit-hol. Me er vel skjønt einige, både eg og gemalen, at kravet til komfort er noko høgare for vårt vedkommande. Dermed fant me ut at dette med doløysing måtte me ta stilling til før hytta blei reist, slik at me ikkje laga det altfor vanskeleg for oss sjølve.

Det skal seiast at framdrifta her ikkje har vore den største, rett og slett fordi me ikkje har klart å oppdriva den store entusiasmen for emnet. Me sleit rett og slett med å setja oss ned og lesa om septikktankar, reinseanlegg, snurredassar og forbrenningstoalett - for ikkje å snakka om å ta stilling til kva me skulle velja. Ein do skal fungera - og ferdig med det.

Etter mange rundar med beslutningsvegring fant me endeleg ut at me ville gå for vanleg vassklosett og septikktank med avrenning. Det var då Pål fant ut at han skulle begynna å søka etter brukte septikktankar på Finn. Alt det fins ein marknad for!!! Og, jammen fekk han napp også. På Tau var det nokon som hadde ein dei ville selja, og det førte igjen til at me for ein 14 dagars tid sidan nok var eit pussig syn på ferja over Boknafjorden...


På Tau: Svoger Øyvind sørgar for forskriftsmessig plassering på tilhengaren.



Ready for take-off!



Joda, han er der ennå.



På ferja.



Og endeleg framme på Tveit. Nei, det lukta ikkje godt!

fredag 20. august 2010

Det arbeidet ein aldri ser...

Me har i grunnen ikkje fått gjort noko særleg praktisk i samband med hytta vår ennå (bortsett frå å fjerna eit gjerde som stod diagonalt over tomta vår og å fella nokre tre), og enda føler me at dette har me jobba med i årevis allereie. Det kjem nok av at det er eit gigantisk byråkrati involvert i ein sånn prosess, og dette tek tid. Då me bygde huset vårt på Hommersåk i si tid (gud bedre - det er ni år sidan me flytta inn!!!), lærte me å la vera å laga oss tidsfristar. Me fant ut at tidsskjema alltid sprekk, og at når ein trur ein har kontroll på alt, så har ein ikkje det. Dette har vore nyttige erfaringar i hytteprosjektet vårt også.

Det som har vore greit, er at me denne gongen bygger i ein liten kommune. Kvar gong me har hatt små eller store spørsmål, har det berre vore å ta kontakt med "an Bjarne", "an Reidar", eller "an Svein Magnus" på kommunehuset. Dersom den me kontakta ikkje kunne svara, ser eg for meg at han berre snudde seg til sidemannen og sa: "Du, hu der dotter te Sjurseth-en med bringeberå lure på...", og så blei svaret diktert umiddelbart. Svar fekk me i alle fall alltid, og det raskt og.

På tinglysingen hos Statens Kartverk, ser eg meir for meg ein episode av "Etaten": "Sjå her er det ei som har brukt binders i staden for stifter! Går det an?" I alle fall var det her me møtte veggen første gongen. Når ein har fått skilt ut ei tomt, må ein jo sikra seg vegrett til den tomta. Vegen er ein grusveg som går over mange forskjellige eigendommar med enda fleire grunneigarar. Alle desse grunneigarane måtte dermed skriva under på at eg skulle få vegrett til tomta mi. Det kunne vore ein smal sak dersom alle grunneigarane budde på staden, og eg kunne ta meg ein tur innom i døra til kvar enkelt av dei med ærendet mitt. Men eit par av eigendommane som denne vegen går over er sommarbustader som er felleseige for fleire søsken. Og desse er busette i t.d. Oslo, Stockholm, Bergen, Ålesund... I tillegg forlanga Tinglysingen at eg måtte ha personnummera til dei som hadde skrive under. Ville du oppgitt personnummeret ditt til ein heilt ukjent person? Eg kan i alle fall fortelja at dette tok tid! Eit halvt år med brev, mailar og telefonar fram og tilbake tok det, men så var det visst i orden.

Greit, nå hadde me ei tomt, og me hadde lov til å kjøra på vegen. Så var det å få lov å bygga noko, då. Me var i kontakt med mange hytteprodusentar, men endte til slutt på Drømmehytten på Ålgård. Eit relativt lite firma i bransjen, men dei gav eit dønn ærleg og likande inntrykk. Før me bestemte oss for hyttemodell, tok me kontakt med Sveio kommune for å høyra om det fantest nokre restriksjonar på areal, mønehøgd e.l. (me bur jo tross alt i Sandnes kommune). Svaret var ganske greit: "Neeei, me har kje det. Kor stort hadde du tenkt, da?" Det var m.a.o. berre å gå i gong med teikningane. Til slutt hadde me fått byggemeldt hytta. Me oppdaga i siste liten at det i byggesøknaden stod Førde i Sunnfjord i staden for Førde i Hordaland, og fekk avverga den fadesen med eit nødskrik...

torsdag 19. august 2010

Hytte-meg-tu!!!

Me begynner å bygga hytte i Sveio, nærare bestemt på Tveit ved Ålfjorden, denne hausten. Etter å ha sysla litt med tanken om å laga ein blogg om prosessen, har eg nå bestemt meg for å hoppa i det. Eg har verken blogga eller bygd hytte før, så dette blir å gjera to ting (minst!) eg ikkje kan på ein gong...

Når det gjeld val av tittel på bloggen, så kjenner eg meg sjølv så godt etterkvart at eg veit at eg ikkje kjem til å klara å halda meg berre til hyttebygginga når eg først er begynt å jabba. Det kjem nok til å bli like mykje "og sånt" å lesa om.