søndag 16. september 2012

Haust

Når ein må ha på arbeidslamper midt på dagen, då kan ein vel konkludera med at hausten er komen... Me har hatt oss ei jobbehelg igjen. Hadde med oss han "Hårek", sjølv om det gjenstår litt på han før han blir hiven til sjøs. Pappen trengde nemleg tilhengaren sin; det er sesong for eplehenting i Hardanger. Me hadde også med oss eit kjøleskap, så nå er me godt dekka med kvitevarer som berre står i vegen.

Det har dreia seg om tak denne helga, og nå har alle romma i soveromsdelen fått kvitbeisa panel i taket.

 Soveromsgangen

 Litt av stova, med badet i bakgrunnen

Badet

Denne helga bikka me 15. september, og dermed er det lov å brenna bål igjen. Det har me gjort både laurdag og søndag, og fått vekk mykje smått kapp både ute og inne. Det blir nok fleire bål utover hausten, for det er meir der det kjem i frå...

Oppe på garden dreiv far min som vanleg med produksjon ute i "furtebua" si. Denne gongen blei det pressa 200 l bringebærsaft. Far min er den einaste eg veit om som opererer med hektoliter når det er snakk om saft...

 Torstein er under opplæring. Neste sommar skal han ha sommarjobb hos bestefar, seier han.



Neste gong me reiser nordover skriv me nok oktober. Neste helg har me ein toårsdag og ein elleveårsdag å feira, så då kjem nok Tveite-folket sørover i staden.