Laurdag, derimot, var det bånn gass. Astrid var i godlaget, så ho underheldt seg sjølv og foreldra med teikning, høgtlesing frå bok og bygging med duplo. Ho er etterkvart blitt vant til lydane frå kompressor, spikerpistol og sirkelsag, og me konstaterer at ein toåring som veks opp på ein byggeplass utviklar god motorikk...
Elles har ho vore med bestefar og kjørt traktor...
...og ete dosen sin, og vel så det, med bær av ymse slag. Hageblåbær er visst den nye favoritten.
På hytta fekk me fullført panel i tak og plater på vegger på nok eit soverom denne helga:
I tillegg er det panel i taket på dei to siste soveromma også, og klargjort for panel i gangen i soveromsdelen og på badet. Dermed veit me godt kva det er me skal i gong med neste gong...
Elles hadde tv-en hans bestefar teke kvelden denne helga, og det syns eg godt han kan gjera oftare. Eg og gutane fekk ein koseleg kortspelekveld på laurdag, heilt utan nokon form for krangling. Gutane fekk forbod mot å gå og legga seg før eg hadde vunne ein omgang (noko som tok tid...), og dei syns det stod til å slå mora ned i støvlane gong etter gong...
Eit anna prosjekt denne helga har vore han Hårek, ein liten båt som har
ligge på låven hos far min og berre venta på at nokon skulle forbarma
seg over han. Det var vel eigentleg bonusbrørne mine som i si tid freste rundt i Førdespollen med denne.
Ettersom me ikkje kjem oss av garde til Tveit på nokre
helger nå, tok me han like godt med oss heim. Her skal han vera garasjeprosjekt for Pål og gutane, og så er målet at
han med tid og stunder skal komma seg på sjøen igjen og gjera Ålfjorden
utrygg i lag med Torstein og Halvard.