søndag 29. juli 2012

Småting som ikkje viser

Når sant skal seiast, er det litt kjedeleg å halda på med ein masse småting som tek tid, men som ikkje viser så godt igjen. Fluenetting, til dømes. Kompressoren durar og går, og eg høyrer stiftepistolen smell i eit bankande ute, men kor er det eigentleg det er blitt jobba? Så peikar Pål litt snurt på noko grønt inkjevetta oppunder takutstikket. Der! Ser du det ikkje?

Denne helga har Pål montert resten av ventilane, kledd igjen heilt opp på oppsida av hytta, lista rundt inngangsdøra, montert noko spikerslag inne, og så var det altså denne hersens fluenettingen...

For min eigen del er det jammen ikkje mykje å melda. Eg beisar og beisar. For spesielt interesserte kan eg nemna at eg nå har begynt på eit nytt spann med beis. Juhuuu!!!

Elles har det vore relativt folksamt på Tveit. Søster med familie har vore innlosjert i nabohytta, og i tillegg til oss har to bonusbrør også vore innom oppe på garden, så bonusmora mi hadde eit svare strev med madrassar og sengtøy både her og der på fredag. Tippar dei skal bli glade og letta når me kan begynna å sova i eiga hytte...

 Astrid i gong med teiknesaker på hytta.

 Inngangsdør med innramming.

Oppsida av hytta, nå også med fluenetting...

tirsdag 24. juli 2012

På'an igjen...

Etter to veker med bilferie i Europa, var det berre heimom ein liten tur for å vaska og pakka om kler, før me på ny var klare for hyttejobbing sist veke. Eine dagen hadde me elektrikar på plass, og han fekk gjort såpass mykje at det nå er plenty me kan henga fingrane i utan å måtta venta på andre. Han skal etter planen tilbake ein gong denne veka.

 Nå går det el.røyr og vassrøyr på kryss og tvers i det som skal bli veggene i hytta.

Sikringsskapet i gangen.

Pål har monter lufteventilar i ein del rom, kledd oppunder utspringet over terrassen, montert røyr til sentralstøvsugar og heva ytterdøra slik at det er plass til varmekablar og påstøyp i gangen.

 Justering av ytterdør.

 Røyropplegg til sentralstøvsugar.

Her måtte Pål slåst litt med nokre illsinte veps før han kunne kle igjen, men det blei då bra, ikkje sant?



Eg for min del har stort sett beisa, i tillegg til å vera handlangar for Pål. Haugen med ferdigbeisa takpanel veks sakte men sikkert.

Halvard fekk seg gummibåt til bursdagen sin. Pumpa som følgde med var ikkje noko å ropa hurra for, men poden visste som vanleg råd...



Astrid har tydelegvis bestemt seg for at lur midt på dagen er eit tilbakelagt stadium, så dermed har me dels jobba på skift og dels hatt barnevakt oppe på Tveit. Neste gong me reiser for å jobba, tek me med oss ei kasse med leiker til å ha inne i hytta, og så har me planar om ein liten sandhaug utanfor hytta. Minstejenta er i grunnen veldig flink til å sysselsetja seg sjølv, så me har faktisk litt tru på at me dermed skal få jobba litt meir.

Elles hadde me "vaffelbesøk" frå Sandnes på laurdag. Svigermor og vennen hennar tok seg ein dagstur for å sjå kor langt me var komne. Stor stas då ho farmor installerte seg med vaffelrøre og dobbelt vaffeljern i hytta.