søndag 23. juli 2017

Avslutning av bloggen - Velkommen til Saltkråkan!


For sju år sidan begynte me for alvor med hyttebygging, og eg blogga om prosessen fram mot ferdig hytte. På eitt eller anna tidspunkt gjekk derimot det å bygga hytte gradvis over til det å berre vera på hytta, og det gjekk stadig lengre tid mellom kvar oppdatering av bloggen. Eg trur me kan tidfesta dette til då me fekk to gode sofaer inn i hytta, for etter det gjekk produktiviteten vår merkbart ned... Nå ser eg at det er heile to år sidan sist oppdatering, og då er det sanneleg på tide å avslutta heile bloggen.
Planen nå er å få kopiert tekst og bilde frå bloggen over i ei fotobok som skal ligga på hytta, og så vil eg, som lir av meir eller mindre konstant skrivekløe, fortsetja skribleriene mine i ei aldeles tradisjonell hyttebok - for hand.
Allereie i november i 2014 skreiv eg på bloggen: "Denne helga har eg t.d. tenkt på det pussige fenomenet at svært mange hytter har eit namn. Litt koseleg også, og litt meir "ut-i-naturen"-kjensle enn ei gateadresse. Tveit 111, det blir liksom ikkje noko schwung over det. Dei andre hyttene som ligg i same klynga heiter Tørresbu (etter Tørresvikjå), Lerkehaugen (fordi det skulle vera så mykje lerk der), Åsbu (etter han som bygde hytta) og Porshaugen (p.g.a. all porsen). Kva skal me kalla vår hytte for då? Skal me ta eit namn som seier noko om beliggenheit, eller om folka som held seg der?


Mange hytter heiter Fredheim, eller noko i den duren. Det kan ikkje me kalla vår hytte utan eit snev av ironi og sarkasme! Bråkebu, kanskje?"
Me har ikkje brukt nemneverdig meir energi på denne problemstillinga, men frå tid til anna har ho dukka opp igjen; hytta burde hatt eit namn!


Så hadde det seg slik at eg las "Vi på Saltkråkan" for minstejenta denne sommaren. Enda ein gong blei eg minna på kor fantastisk forfattar Astrid Lindgren var. Dette er rett og slett ei nydeleg bok, og etterkvart som eg las, drog eg parallellar til korleis me sjølve har det på hytta: Me har t.d. ei jente som pratar lenge og vel med alle ho treff på, og begynner alle samtalar med: "Vettu ka?" Me har ein gut som elskar alle dyr, frå den minste mauren til den største gorillaen.


Me har enda ein gut som surrar rundt i båt og dreg opp store mengder fisk frå sjøen (må få oss skikkeleg fryseboks på hytta, puh...). Og sommarstid er det nærmast ein horde med ungar som spring mellom hyttene, ofte med ein hund eller to på slep.


Me har ingen Båtsmann, men på Tveit, garden som bror min nå har overteke, bur berner-sennen-kvalpen Alfred, som i løpet av sitt første halvår i verda nå nærmar seg 30 kg (!).


Det er strålande solskinsdagar og ekte vestlandsk møkkavêr, det er bærplukking, soppsanking og fisking. Det er nærkontakt med rådyr, hare, orm og havørn.

Og, ikkje minst, det er timevis med stirring inn i bålet i bålpanna eller i vedovnen innandørs.


Jo, eg trur så sanneleg at me har fått oss vårt eige Saltkråkan. Og me deler gjerne. Er du i traktene, så sving gjerne innom. Me har godt med overnattingsplass, og er glade i besøk. Kjem du sørfrå, svingar du av mot Fjon. Kjem du nordfrå, svingar du av mot Erve. Deretter er det berre å gå etter lyden...


søndag 9. august 2015

"Ut i skogen, opp i trærne!"

Mellomsten hadde i lengre tid mumla om at han kunne tenkt seg ei hytte oppi eit tre, og ville gjerne ha far sin med på prosjektet. Denne sommaren blei det endeleg sett av tid til dette, og første punktet på programmet var å blinka seg ut eit høveleg tre. Etter ein kjapp tur i skogen, kom dei tilbake og hadde funne akkurat det rette treet. Deretter blei byggherren beden om å laga ei teikning av korleis han såg for seg at denne trehytta skulle sjå ut.

Slik såg skissa ut, fargelagd av veslesøster då ingen følgde med...

Hytta skulle altså vera bygd rundt stamma på eitt tre, og så skulle det gå ei hengebru over til eit anna tre. Etterkvart som samtalen skreid fram, skulle det visst vera både løypestreng ned til Kvitanesvikjå og diverse lianer til å leika Tarzan i også. Pål fekk verkeleg noko å tenka på...

Etter ei stund med tenking, virka det som om mannen hadde ein plan. Han for til byn og handla materialer, og så begynte ting å skje:

Kva er det som skjer på terrassen? Skal han laga solur?

Javel?
 
Sjå her, ja!
 
"Eg e schempeflinke!" slo minstesnupps fast, mens ho sette i gong med hammar og spiker høgt oppe i treet. 

Mora hadde ikkje nerver til å sjå på ei som var "schempeflinke" så høgt til vers, og måtte finna seg noko å gjera ein annan plass. Var det ikkje ei hytte som trengde noko beis i nærleiken, tru?

Inngangsdøra ferdig...

..stenderverk på plass...

...og så tak...

...og til slutt kledning, så langt det rakk.

Nå går diskusjonen om fargeval i heimen. Pappen og storebror heller til kamuflasjemaling à la hæren, mammå meiner at gråfargen til den store hytta må passa godt, mens mellomsten held ein knapp på raudbrun. Kva dei landar på vil tida visa. Elles håpar nok Pål i sitt stille sinn at alle tankar om hengebruer, løypestrengar og lianer er gløymde. Følg med i neste episode!


 

søndag 3. mai 2015

Ingen hyttetur utan...

Me er etter måten ferske hytteeigarar, men allereie nå har me oppdaga at det er ting, dingsar og duppedittar som me berre må ha på hytta. Grunnen til at eg begynte å tenka på dette denne helga, var at minstesnupps sørga for at denne tingen fekk kjørt seg så å seia kvar dag:


-Vannet bare kom oppi støvelen min, var forklaringa. Det er klart at når vatnet har for vane å oppføra seg slik, blir ein støveltørkar heilt naudsynt å ha på hytta. 

Deretter begynte eg å tenka på kva andre ting som me har klart å gjera oss avhengige av på hytta, og her kjem nokre av dei i tilfeldig rekkefølge:


Aloe vera-planta står i baderomsvindauget. Den blei kjøpt etter at gutane hadde eit ublidt møte med ei brennmanet i fjor sommar. På hytta kjem me rett som det er i nærkontakt med både klegg, mygg og andre bevinga vesen, i tillegg til brennmaneter. Då er denne planta gullgjev. Ho står på ein oasisbit, og får vatn med nokså ujamne mellomrom, men har i alle fall overlevd ein vinter...


Ingen hyttetur utan sjokolademjølk, meinar avkommet. Det er krise dersom denne boksen blir tom!


Denne dingsen får kjørt seg. Det er stadig noko som skal monterast!


Hytte med utsikt til fjorden kan ikkje vera utan kikkert! Dersom det blir observert ein båt på fjorden, må me jo få greie på kven det er og om dei får fisk! Forvetne, me? 


Me er nøydde til å ha lesestoff! Me innrømmer gjerne at me er ein bokfamilie, og at høgdepunktet på ein bytur i Haugesund er ein tur innom Nils Sund bokhandel.


Og så må me ha brettspel og kortstokkar av ymse slag.



Sist helg blei terrassen rensa, denne helga har eg beisa han. Eg fekk teke det grøvste; den nedste terrassen og trappa ned dit må venta til neste gong. Me fant vel ut at me måtte ha ein litt ut-i-naturen-farge, og dermed falt valet på fargen "strå" på Trebitt sitt fargekart:


Nybeisa terrasse. I bakgrunnen ein båt som ventar på sjøsetjing, men som nok må venta til neste gong...

Har eg fortald at det fulle og heile namnet til han eg bur saman med er Pål Steinar Max Mekker Handyman Berg? Denne helga var det endeleg tid for eit prosjekt han har verka etter å begynna på i lengre tid, nemleg godstolar til terrassen. Adirondac, adriondac, anorakk - noko i den duren. Det er i alle fall stolar av amerikansk opphav med armlene så breie at dei kan fungera som eit lite bord.


Work in progress...


Ferdig prototype


Ahh! Godkjent! Hentar du ein cola og ei skål peanøtter, er du grei?

søndag 26. april 2015

Sniff syr gardiner

-Bil, ein vaksen og fire ungar, sa Pål til dama i billettluka på Mortavika.
-Nei! Tre ungar og ein pus! kom det frå ho i midten i baksetet.

Kanskje ikkje så rart at den forsnakkinga kom, for katten er med kvar gong me reiser på hytta, og ho har jammen sine prosjekt gåande, akkurat som resten av familien. Sniff er den desidert mest forvetne katten eg nokon gong har møtt. Der andre kattar flyg sin veg når nokon startar ein maskin, kjem Sniff stikkande med snuten, lykkeleg uvitande om kor stor fare ho er for seg sjølv. Støvsuging er kjempespennande. Når Pål fyrer opp kompressoren og set i gong med spikerpistolen er ho på pletten. Men favoritten er symaskinen!

Først må det målast - og Sniff er med.

Så må det nålast - best å passa på.

Overvaking av sjølve syinga.

Best å sjå nærare på om det blir gjort skikkeleg arbeid!

Kanskje det trengst ein hjelpande labb?

Då katten var lempa vekk, og eg trudde at nå skulle eg få jobba i fred, høyrde eg frå motsett side: 
-Skal eg hjelpa deg, mamma? 
Kanskje det er difor det går litt treigt med den gardinsyinga? Eg klarte ei lengd denne laurdagen også, men deretter måtte eg berre ha meg ein tur utomhus og gjera noko heilt anna. Det er grenser for kor mykje "hjelp" eg kan takla å få. 

Dermed blei det stabling av ved. Pål kløyvde og eg stabla. 


Pål hadde akkurat kome med ei utsegn om at det kjendest litt karsleg å driva med sånt arbeid då dette skjedde...

 Då den øvste terrassen var frigjort for ved og anna rot, var det tid for vask.

Mykje grønske hadde sett seg fast berre over denne eine vinteren, men nå er han i alle fall reingjort og klar for beising. Det får bli neste gong me reiser på hytta, om vêrgudane vil.

tirsdag 7. april 2015

Korleis var det nå igjen?

Nå har det vore rimeleg stille på bloggen ei god stund, så då det for ein gongs skuld skulle skrivast noko, måtte det research til, for å skriva det på godt norsk. Kor mange gonger hadde me vore på hytta sidan sist, og kva dreiv me eigentleg på med? Rart med det, ein trur ein skal klara å hugsa ting, men det som ikkje er skrive ned ein stad eller teke bilde av, det forsvinn.

Etter litt leiting på facebook og sjekking av datoar på dei få bilda som er tekne, kom eg fram til at me har vore to gonger på hytta mellom sist blogginnlegg og påske. Begge gongene utan innlagt vatn. Kanskje det var difor eg ikkje syns det var noko å skriva om? Me har eit samarbeid med to hyttenaboar om eit borehol, og nå i vinter viste det seg at noko elektronikk som styrer pumpa hadde teke kvelden. Heldigvis var det fiksa og alt som det skulle nå i påska. Hytte utan innlagt vatn kan vera riktig så sjarmerande, men når ein har lagt opp til å ha det, merkar ein det godt når det plutseleg er vekke. Me har t.d. vassklosett, og det blei jammen ikkje få gonger me var i bekken etter vatn berre for å få skylla ned i do!

Påskeferien delte me i to denne gongen, sidan Pål skulle jobba dei 2 1/2 dagane mellom helgene.

Palmehelga fekk Pål endeleg prøvekjørt motorsaga. 

Han blinka seg fornuftig nok ut nokre bjørk som ikkje var altfor store, og som heller ikkje måtte detta i ein bestemt retning. Eg bidrog med konstruktiv peiking, gutane drog på greiner, mens minstesnupps tok seg av motivatorjobben: "Bravo, pappa!" Litt arbeidsfordeling skal ein nå ha? Resultatet var eg i alle fall godt nøgd med. Det blei straks lysare rundt hytta. Lumberjacken sjølv gliste nøgd, og syntest det var karsleg med skogsarbeid. Eg trur nok det er nokre furuer som ligg tynt an framover...

I andre delen av påsken hadde eldstemann med seg ein kompis, og dermed fekk me brukt Sju(r)set(h)eren til fulle. Skjærtorsdag blei dei to fjortisane sjøsette i den vesle gule båten, og dermed var dei berga for resten av helga. Mellomsten og pappaen har eit trehytte-prosjekt gåande i ei furu borte ved traktorstien ned til Kvitanesvikjå. Her blei det rydda litt, før ideskisser og arbeidsteikningar blei påbegynte. Dette prosjektet kan lett bli langvarig...

Det eine fører fort med seg det andre. Me gjekk til innkjøp av nok ein "makalös manik", nemleg ei kompostkvern. Erfaring tilseier nemleg at ein haug med greiner, ris og kvister sjeldan rekk å bli til noko bål på våre kanter. Er det tørt nok, er det ikkje lov. Er det lov, får me ikkje fyr...

Dessutan måtte me jo få kløyvd veden, og då må ein ha hoggestabbe. 

Når veden er kløyvd må ein ha ein plass å stabla han, og dermed måtte me ha vedskjul.

Er det påske, så må ein ut og gå. Langfredag var me ein tur oppe på Tveitefjedlet. 

Var ein tur innom far min og henta Tassen, så han fekk seg ein god trim. 

Tre store gutar som hiv pinne langt, då må til og med Tassen melda pass til slutt. Ved varden på Tveitefjedlet heng det forresten ein postkasse, og oppi den er det bok til å logga besøk i. Veldig kjekt dersom alle som er oppom tek seg tid til å skriva seg inn i boka.

 Astrid og pappen på Tveitefjedlet.

Søndag var det jakt på påskeegg ved Ryvarden fyr, så då måtte me dit. Utruleg populært, mykje folk og god stemning ute ved fyret.



søndag 8. februar 2015

Steikje fine gardiner/storebror ser deg...

Nå var det jammen lenge sidan sist me var på hytta! Ikkje sidan slutten av november hadde me vore der, så kva me hadde på hytta, kva me ikkje hadde der og kva som skulle gjerast var noko ullent for oss då me skulle pakka. Me visste at me hadde relativt mykje som skulle transporterast til hytta. Julepresangane nå for tida har ein tendens til å ha noko "hyttete" over seg, nemleg. Dessutan visste me at store deler av laurdagen kom til å gå med til tribunesliting i Karmøyhallen der eldstemann skulle spela handballkamp mot Kopervik.

 Frå Karmøyhallen. Riskagutane i gult og svart, vår pode med nr 6 på ryggen.

Til slutt visste me også at me måtte fylla bilen med verktøy då me skulle heim, for nå er det diverse ting som må gjerast i heimen også...

Sist me var på hytta opplevde me forresten for første gong å ikkje ha noko å skriva om i bloggen etterpå. Eg kunne jo ha laga eit innlegg med setninga: "Me har vore på hytta, men har ikkje gjort ein drit", men det blei liksom så inkjevetta...

Det merktest på både folk og fe at det var lenge sidan me hadde vore på hytta denne helga. Fredag kveld var alle i uvanleg godt humør, og gav uttrykk for at det var kjekt å vera tilbake. Katten strauk til skogs, ho hadde vel eitt og anna musehol ho skulle sjå om, og kom tilbake i skikkeleg pøbelhumør. Det var ikkje ei fillerye som låg der ho skulle då Sniff var ferdig for kvelden...

Eg tek vel ikkje for hardt i når eg skriv at han eg er gift med har stor sans for duppedittar. Eg trur rett og slett at eg kan strekka meg til å kalla han ein skikkeleg teknofrik, utan å bli skulda for å overdriva. Det å ha hytte gir jo nye mulegheiter for å skaffa seg artige tekniske innretningar for ein av hans kaliber. Denne helga er det blitt installert fjernstyring av lys og varmeomn, og dessutan ein del termometer som blir overvaka frå pc eller mobil. Kamera er også kjøpt inn, så folk som er ute for å forveta seg treng slett ikkje føla seg for trygge. Eg kan sjå det praktiske i å kunna setja på omnen før me reiser heimefrå for å komma til ei hytte som i alle fall ikkje er gjennomfrosen. Det kan og vera greit å følga med på evt. straumbrot med tanke på å berga det som måtte finnast i kjøleskap og fryseboks. Men eg håpar eg slepp å få temperatursvingingane i kjøleskapet som laurdagsunderhaldning vidare framover...

Eg begynte på eit gardinprosjekt ei god stund før jul, men måtte setja det på vent p.g.a. dårleg reidskap. Eg føler meg slett ikkje tapt bak ein symaskin, men har til nå ikkje kunna forsvara innkjøp av noko slik sidan eg ikkje har vore veldig ivrig i den retninga. Mor mi sin gamle Singer, som ho skaffa seg før eg var påtenkt, har til nå gjort nytta til mitt bruk. Men så gjekk eg altså til innkjøp av mangfoldige meter med ubleika linstoff på IKEA, med det for auget at eg skulle sy gardiner til hytta sjølv. Det tålte ikkje den gamle Singer'en, og kva gjer ho mor då? Jo, ho ønskjer seg symaskin til jul. Kva gjer han far då? Jo, han tilkallar ein ekspert på området (Beate...), får gode råd og kjøper julepresang akkurat tilpassa mottakaren. Denne helga blei den makalause maniken pakka opp og prøvekjørt, men eg kan ikkje skryta på meg noko storproduksjon ennå.


Flett ny symaskin tilpassa meg som stort sett held meg til rettsaum, men som vågar meg på litt sikksakk når eg riktig skal slå ut håret...

"Steikje fine gardiner!" NB! Må hugsa strykejern neste gong!

Då gemalen høyrde rykter om gardinsying, fant han ut at det kanskje var på tide å få på plass karmen til skyvedøra, slik at det gjekk an å få på plass listene også på den veggen, for seinare å montera gardinstenger.


 Skyvedøra, nå også med karm og listverk.

Me reiste heimover med bilen full av sager, spikerpistolar og anna verktøy. Nå er det diverse ting i heimen som skal til pers. Då me bygde huset for snart 14 år sidan, sa me kvar gong me oppdaga ein "heilagdag" at det fekk me ta til konfirmasjonen, og så lo me rått fordi det var jo så langt fram i tid. Nå er det begynt å gå opp for oss at den første konfirmasjonen faktisk er neste vår, og at heimen ber preg av noko hard bruk, så nå blir me faktisk nøydde til å gjera noko heime også. Sett slik!