Viser innlegg med etiketten djupe tankar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten djupe tankar. Vis alle innlegg

søndag 3. mai 2015

Ingen hyttetur utan...

Me er etter måten ferske hytteeigarar, men allereie nå har me oppdaga at det er ting, dingsar og duppedittar som me berre må ha på hytta. Grunnen til at eg begynte å tenka på dette denne helga, var at minstesnupps sørga for at denne tingen fekk kjørt seg så å seia kvar dag:


-Vannet bare kom oppi støvelen min, var forklaringa. Det er klart at når vatnet har for vane å oppføra seg slik, blir ein støveltørkar heilt naudsynt å ha på hytta. 

Deretter begynte eg å tenka på kva andre ting som me har klart å gjera oss avhengige av på hytta, og her kjem nokre av dei i tilfeldig rekkefølge:


Aloe vera-planta står i baderomsvindauget. Den blei kjøpt etter at gutane hadde eit ublidt møte med ei brennmanet i fjor sommar. På hytta kjem me rett som det er i nærkontakt med både klegg, mygg og andre bevinga vesen, i tillegg til brennmaneter. Då er denne planta gullgjev. Ho står på ein oasisbit, og får vatn med nokså ujamne mellomrom, men har i alle fall overlevd ein vinter...


Ingen hyttetur utan sjokolademjølk, meinar avkommet. Det er krise dersom denne boksen blir tom!


Denne dingsen får kjørt seg. Det er stadig noko som skal monterast!


Hytte med utsikt til fjorden kan ikkje vera utan kikkert! Dersom det blir observert ein båt på fjorden, må me jo få greie på kven det er og om dei får fisk! Forvetne, me? 


Me er nøydde til å ha lesestoff! Me innrømmer gjerne at me er ein bokfamilie, og at høgdepunktet på ein bytur i Haugesund er ein tur innom Nils Sund bokhandel.


Og så må me ha brettspel og kortstokkar av ymse slag.



Sist helg blei terrassen rensa, denne helga har eg beisa han. Eg fekk teke det grøvste; den nedste terrassen og trappa ned dit må venta til neste gong. Me fant vel ut at me måtte ha ein litt ut-i-naturen-farge, og dermed falt valet på fargen "strå" på Trebitt sitt fargekart:


Nybeisa terrasse. I bakgrunnen ein båt som ventar på sjøsetjing, men som nok må venta til neste gong...

Har eg fortald at det fulle og heile namnet til han eg bur saman med er Pål Steinar Max Mekker Handyman Berg? Denne helga var det endeleg tid for eit prosjekt han har verka etter å begynna på i lengre tid, nemleg godstolar til terrassen. Adirondac, adriondac, anorakk - noko i den duren. Det er i alle fall stolar av amerikansk opphav med armlene så breie at dei kan fungera som eit lite bord.


Work in progress...


Ferdig prototype


Ahh! Godkjent! Hentar du ein cola og ei skål peanøtter, er du grei?

søndag 16. november 2014

Kva skal barnet heita?

14. november var sett opp som planleggingsdag for barnehagen, barneskulen og ungdomsskulen, samstundes med at det faktisk var fridag for ho mor. Så praktisk! Mens han far var på jobb, fekk resten av mafiaen både pakka og handla, og så var me innom og henta han i 15-tida før me kjørte nordover.

Målet for helga var å bli kvitt store mengder med søppel og å få båten til Mosterøy for vinterlagring. Laurdags føremiddag gjekk dermed med til lessing av bil og tilhengar, og transport av søppel til Heiane på Stord.

 Då søppelet var levert, fekk me med oss eit par leselamper frå Clas Ohlson på tilbakevegen. Kule?

Me merkar at tempoet har senka seg radikalt på hytta etter at me fekk oss sofaer. Der me tidlegare vandra litt kvilelaust rundt om kveldane, synk me nå godt til rette i ein sofa med puter, pledd og ei god bok. Det store behovet for å fiksa noko eller montera noko uteblir rett og slett! Ikkje det at det er så mykje som heng over oss heller. Nå er faktisk hytta ferdigmeldt, og då er det berre småprosjekt igjen. Og så skal ein jo filosofera litt. 
 
Denne helga har eg t.d. tenkt på det pussige fenomenet at svært mange hytter har eit namn. Litt koseleg også, og litt meir "ut-i-naturen"-kjensle enn ei gateadresse. Tveit 111, det blir liksom ikkje noko schwung over det. Dei andre hyttene som ligg i same klynga heiter Tørresbu (etter Tørresvikjå), Lerkehaugen (fordi det skulle vera så mykje lerk der), Åsbu (etter han som bygde hytta) og Porshaugen (p.g.a. all porsen). Kva skal me kalla vår hytte for då? Skal me ta eit namn som seier noko om beliggenheit, eller om folka som held seg der? Mange hytter heiter Fredheim, eller noko i den duren. Det kan ikkje me kalla vår hytte utan eit snev av ironi og sarkasme! Bråkebu, kanskje?

Sniff har funne ein ny yndlingsplass - oppi ein diger plastpose...


Sjølv om det er november, var me denne helga velsigna med eit uvanleg fint ver. Me måtte ut.

Han far sjølv fant trillebåra og fekk kjørt på litt grus på stien ned mot hytta.

Mens ho mor leika seg litt med bjørkekvister og noko ståltråd.

Ungane pusla på med sitt, enten det var å setja ny rekord i duplotårnbygging, sykling eller fisking. 

Søndag morgon sukka eg nøgd: -Åh, så eg slappar av og senker skuldrene når eg kjem hit! -Jepp, då har me eit hytte som virkar, svara eldstemann...





søndag 12. oktober 2014

planar og gjennomføringsevne.

Me klarte å få til ei veke haustferie for heile gjengen i år også. I forkant av ei slik veke har me alltid store planar, og i etterkant konstaterer me ofte at gjennomføringsevna ikkje alltid harmonerer med alle planane...

Me hadde med oss trådkorger og anna innreiding til skyvedørsgarderoben på vårt soverom. Fekk me dei på plass? Ja. Fekk me brukt dei til noko? Nei. Kleda me hadde med oss blei liggande i dei sedvanlege plastkassane til me fant ut at me trengde dei. Gammal vane er vond å venda.

Me hadde planer om å få på plass foringane rundt skyvedøra i stova, slik at me endeleg kunne få lista rundt den. Gjorde me det? Nei.

Eg lånte Unn si bok med turforslag på Haugalandet...

Denne veka måtte me vel klara å komma oss ut på tur? Tittelsnes fort, kanskje? Rex Garden i Førde? Eller gullgruvene ute ved Buavåg? Gjorde me det? Nei. Me kom så langt at me fekk kjøpt gummistøvlar til gutane, slik at fottøyet i det minste var i orden, men den lengste turen hadde vel eg og minstesnupps då me gjekk opp sørom fehuset på Tveit og såg på hestane som går og beitar der.

Kva fekk me gjort, då?
Jo, me fekk nok ein gong sjøsett ungane i eit lite gult ausekar av ein båt...

Det blei sett hummarteiner, og dei tre søte små diskuterte kven av dei som kom til få flest(!) hummarar i si teine. Foreldra tenkte i sine stille sinn at ein krabbe eller to ville vera god nok fangst. Fire flotte krabbar blei fangsten, og det var haugen på nok, ettersom berre eldstemann våga å smaka på krabben...

Me hadde med oss nyinnkjøpt ryddesag, og Pål og Torstein har slått alt graset på tomta. 

Dette må me nok vera flittige med, for det ryk i veret både småbjørk og småselje innimellom graset. Får desse lov til å etablera seg, er det ikkje lenge før me er omringa av skog. 

Ulempa er jo at det kjem til syne ganske så mykje rot når ein driv slik og slår, så dermed måtte me til å rydda også.

Me fekk båten på land, og Pål fekk begynt på gjera-klar-til-vinterlagringsjobben med den. Båten pleier å stå i ei løe på Mosterøy om vinteren, så neste gong me reiser på hytta tek me han nok med oss dit.

Men viktigast av alt; me fekk kost oss ein heil haug. Seine morgonar med god tid til frukosten er noko me set pris på.


 Og så skjer det jo alltid noko...

...enten det er helikopter som kjem for å transportera utstyr til mobilmasta på Tveitefjellet...

...ei mus som forvillar seg inn i hytta til skrekkblanda fryd hos dei tre røvarane våre (og stor interesse hos pusen...)...

 ...eller berre eit fantastisk fascinerande møkkavêr...

 ...med storm, regn, torden og lyn med tilhøyrande straumbrot... 


søndag 2. mars 2014

Todelt vinterferie

Dei i familien som har tilknytting til skule hadde vinterferie denne veka. Det førte til at me hadde to helger på hytta, den siste litt lenger enn den første. Sidan sist hadde Haugaland Kraft vore og kobla oss til straumnettet på ordentleg. Dermed var det å samla inn skøyteleidningar noko av det første eg heiv meg over. Så herleg å sleppa å snofla i leidningar på kryss og tvers!

Kvar gong me reiser er det alltid eit spørsmål om kva me skal prioritera, for prosjekt er det alltid nok av. Eg ytra eit ønske om å få kjøkkenkroken heilt ferdig, slik at alt verktøy kunne ryddast vekk derifrå og me kunne få ein funksjonell plass til å laga mat. Eg fekk det som eg ville.

Når det gjeld kjøkkenet har me nå hatt den første og førebels einaste "nei, forresten"-ideen i heile hytteprosessen. Me fekk for oss at me ville ha vifteskapet like stort som dei andre veggskapa, så det blei bytta ut. Etter dette har Pål saga hol i vegger og kobla vifta til ventil, montert pyntelister oppe og nede på veggskapa, kobla til oppvaskmaskin og montert front på denne (o lykke!), montert dekksider hist og pist, montert veggplate mellom benkeplata og veggskapa, og elles hengt opp hylle og lamper her og der. Me passa på å få teke nokre presentable bilde av kjøkkenet før byggestøvet på nytt la seg.

  Kjøkkenet er frå IKEA og heiter "Bodbyn". Lampene over kjøkkenvasken heiter "Foto" og er frå same stad.

 Veggplata mellom benkeplate og veggskap er frå Alloc. Mønsteret heiter "Betong".


På veggen til venstre for vindauget heng hylla "Stenstorp" frå IKEA.

Eg har jobba mykje innan renovasjon denne gongen: brunne bål og fått vekk mykje embalasje og kapp, og hatt ein ekspedisjon til Sveiåsen med søppelsekker. Kjekt å konstatera at me faktisk har eit golv...

Me har eksperimentert litt med belysning. Kjøpte eit par "starter kits" til eit skinnesystem for spottar frå Clas Ohlson. Det virkar greitt, så nå har me montert to skinner på eine takbjelken, og laga handleliste over kor mykje meir me skal ha.

 Spottar i taket.

Summa sumarum: Herleg med kjøkken som fungerer. Me har testa ut både koketopp, steikeomn og oppvaskmaskin. Godt med stort og romsleg spisebord å sitja rundt. Nå gledar me oss til å kunna innta ein komfortabel sofa også, men har vel kome fram til at me bør vera ferdig med innandørs saging før noko slikt kjem på plass.

Av andre ting som skjer på Tveit kan eg nemna at vegen er i ferd med å bli asfaltert frå hovudvegen på Erve og opp til snuplassen nedom garden til far min. Eg syns det ser veldig bra ut, men er svært spent på korleis Ervesbrekka/Olabakken blir på glatta om vinteren.


Nyasfaltert snuplass og veg.

(Digresjon: Eg syns det er svært hyggeleg at grandonkelen min, Ola, har fått ein bakke oppkalla etter seg. Han var ein original på mange måtar, blei nesten 100 år, og budde åleine i huset sitt nedom Ervesbrekkå/Olabakken. Framleis ventar eg instinktivt å sjå han rusla rundt huset sitt når eg kjører forbi, sjølv om det er ni år sidan han døydde. Nokre menneske skal liksom berre vera der, slik dei alltid har vore. Me har alltid kalla bakken for Ervesbrekkå, men eg høyrer mange av dei andre hyttefolka seier Olabakken, og det gjer meg litt varm om hjartet...)


søndag 17. november 2013

Langhelg i kjøkkenteneste

Som eg skreiv i sist blogginnlegg, hadde både eg og ungane fri denne fredagen, så då kunne ikkje gemalen vera verre...

Me kom oss avgarde torsdag ettermiddag. Då stod allereie tilhengaren klar i garasjen, ferdiglessa med kjøkkeninnreiding frå IKEA. På Tveit var me lova middag då me kom fram, og glade var me for det. Det er nå aller kjekkast å komma til gards når bestefar og beste-Unn er heime.

Tidlegare på dagen hadde snekkeren ringt. Han hadde vore ein ny tur i hytta vår, og kunne verkeleg ikkje finna ut kor lekkasjen kom frå. Drømmehytte-mannen var kobla på saka, og han igjen hadde kobla på Gilje vinduer. Kunne det kanskje vera sjølve vindauget som ikkje var tett? Ikkje veit me, men på torsdag kveld då me kom, var det i alle fall ein ganske stor dam på golvet innfor vindauget. Me kunne m.a.o. sjå vekk frå å legga ferdig parketten denne helga. Ein mann frå Gilje vinduer ringte fredag for å høyra meir om spetakkelet, men kunne ikkje forstå at det kunne vera produksjonsfeil frå dei heller. "Då foreslår eg at du ringer snekkeren og Drømmehytten og så blir de einige om kva som må gjerast," fekk han som svar frå Pål. Tydelegare melding går det vel ikkje an å få? Me ventar i spenning...

Fredag morgon begynte kjøkkensjauen. Først skulle galskapen berast inn i hytta.

 Heile folket i arbeid!

Deretter var det teikning av kjøkkenet på veggen, sortering av pakkar og lesing av manual. IKEA har verkeleg tima og tilrettelagt for at folk skal kunna montera kjøkkena sine sjølv; i manualen står det til og med kva tid det er på tide med kaffipause!

Pål begynte å montera skap, og Torstein monterte skuffer. Eg fekk opp lister rundt to dører i stova, berre avbroten av 465 "mammaaaaa!??" frå minstesnupps.

 Benkeskap

 Torstein monterer skuffer. Dette arbeidet overtok eg på laurdagen.

Veggskap på plass, her blir ventilator montert.


...og så langt kom me denne helga.

Bevares for eit rot!

Ettersom me hadde tilhengar med oss, måtte me sørga for å få med oss heim ved til vinteren. Nå blir det ei god stund til neste gong me kjem oss nordover. Handball og julebord får ta skulda. Me håpar likevel at ting ikkje står heilt stille, og gjer nokre forsøk på å få elektrikar og røyrleggjar i sving mens me er vekke.




lørdag 12. oktober 2013

Skal me bli arbeidsledige? Det skulle teke seg ut!

Det var med litt vedmod at me vendte nasen sørover i dag. Me hadde blitt einige om å reisa heim laurdag, slik at me skulle få ein dag å summa oss på før kvardagen igjen meldte seg etter haustferien. Det var berre det at veret var så fantastisk nydeleg at me mest hadde lyst til å bli ei natt til. Blikkstille og krystallklart, god lunk i solveggen, men låg sol og lange skuggar, og eit drag i lufta som minnar om at det går mot kaldare tider.


Me klarte å lausriva oss, og godt var det, for minstesnupps slit med å roa seg i senga heime etter ei heil veke på hytta. Nå er klokka ti om kvelden og treåringen har akkurat sovna...


Me reiste nordover laurdag denne gongen, sidan me hadde ei heil veke å ta av. Handla litt i Aksdal, og var oppom hos far min og laga oss middag og fekk pressa oss litt juice av eplene me hadde med frå treet vårt i hagen på Hommersåk.

Rundt åtte liter blei det frå pingletreet vårt. Skulle kanskje hatt eit epletre til?

Elles gjekk kvelden med til å installera oss og få litt oversikt i hytta. Det aller kjekkaste å konstatera, var at nå har me varmtvannstank og dusjkabinett som fungerer! Røyrleggaronkel Per Inge hadde nemleg vore og jobba sidan sist me var på hytta.

 Sjå! Eit speil!

 Sjå! Ein dusj!

 Den varmtvannstanken skal med tid og stunder få eit skap rundt seg... Arbeidslampa sørga for både lys og varme på badet...

 ...og i speilet kan de sjå; me har dør til badet!

Det første Pål heiv seg i gong med, var å montera dei siste dørkarmane som me hadde med oss. Dermed kan me lukka døra både på badet og på foreldresoverommet. Det kallar eg framsteg!


 Hmm... Pål har vore på taket igjen...

Dette er  ein takhatt. Funksjon? Tja. Har noko med ventilering av kloakkavløp å gjera. Den pussige lukta på badet har forsvunne, og det boblar ikkje lenger i sluken når me har vore på do. Ein nyttig ting med andre ord. 

I og med at gjennomføringa til takhatten nå var på plass, kunne Pål også plata ferdig vegger og tak på kryploftet.

Så var det listing, då. I dag morges trudde me at me hadde lista alle stader me kunne, men då me rydda og gjorde reint før me reiste, fann eg ut at det var to lister eg hadde gløymd likevel. Ja ja, det skulle teke seg ut om me blei heilt arbeidsledige...

Eg har ei stund gått rundt og vore noko oppgitt over mangelen på stader å henga opp kler. Nå har me fått på plass garderobestang, hattehylle og skohylle i entreen, og knaggrekker både her og der på soveromma. Ikkje så mykje meir som skal til for at ho mor får ro i sjela...



Noko overraska fant me midt i veka ut at nå er det i grunnen berre å starta på golvlegging i stove/kjøkkendelen av hytta.

 Du og du, nå er me i innspurten!

Dei håpefulle måtte "herja inn" det nye golvet...

I tillegg fekk me endeleg tak i snekkeren som reiste hytta, og han lova å komma ei av dei to neste vekene og fiksa det fuktskadde vindauget. Då mangla berre ein plan for pipe og ovn, og etter ein tur til Neumann bygg i Haugesund begynte me å sjå løysingar på dette også. Me hadde eigentleg teke mål av oss til å setja opp pipa sjølve, men har nå komme fram til at me skal få ein proff til å gjera jobben.

Innimellom alt dette har me kosa oss slik ein trebarnsfamilie skal når det er ferie. Me har vore på kino og sett "Turbo" (Astrid: "på den sjempestore fimlen og spist nommi-nomm"), me har vore på skogstur med tante/søster og søskenbarn/tanteungar og henta kongler, me har vore på Tysværtunet og bada med same gjengen, dei to eldste har vore med onkel Geir på sjøen og sett teine, OG vore med då ho blei dregen opp igjen MED hummar oppi, me har vore på middagsbesøk hos venner i Haugesund, me har gått bananas i bokhandelen Nils Sund (30-50%, då er det lov å handla!), og me har brunne opp uendelege mengder med avkapp i grillen.

Den store båtturen med strandhogg som me planla fredag blei i staden til ein liten runde på Ervessundet før baljen blei dregen opp for vinteren. Motoren ville ikkje gå i revers, og det var visst lekkasjer hist og pist, så då var det best å komma seg til lands. Reknar med at det blir fleire turar på sjøen neste år enn det har vore i år (det skal ikkje mykje til...), og så er det greit å vita at båten nå står trygt under tak for vinteren.



søndag 8. september 2013

Neste gong eg skal bygga hytte...

...skal alle vinklane vera 90 grader!

Det er listing det har dreidd seg om denne helga, og nå er me komne til den meir utfordrande delen av hytta. Det var ikkje tilfeldig at me begynte med soveromma. Dei har nemleg relativt uproblematisk form samanlikna med gangen mellom dei, for ikkje å snakka om stovedelen. Etter baksing med ei taklist som skulle ha ein 19 graders vinkel i eine enden og ein på 26 grader i den andre, falt utbrotet som denne gongen blei overskrifta. For noko klatt å halda på med! Men så blei eg då endeleg ferdig med soveromsgangen òg.


Pål begynte ute, og fekk gjort unna dei siste småtinga som stod igjen utvendig. Ein ting til å kryssa av for ferdig. Sjå, slik ser hytta ut utvendig! Er ho ikkje flott?

 Fasaden mot sjøen og søraust

 Mot sørvest - retning Lauvåsen for lokalkjende. Det er her den store terrassen kjem.

 Inngangsparti mot nordvest og Lilland-hytta

 Den kjedelegaste veggen mot nordaust

Etterpå kom Pål inn også, og heiv seg over listing i stovedelen mens eg måtte ha meg ein time-out pga feber og vonde bihuler. Då eg stod opp igjen, såg det slik ut:

Taklister og lister rundt eine dragaren på plass. Me skal også lista langs med dragaren, men det blir neste gong.

Taklister på veggen mot soveromsdelen. Der det viser plast skal det opp nokre fjøler som eg beisa denne helga.

Lister rundt luka til loftstrappa.

Til slutt i dag tok eg ein runde og tok bilde av korleis det ser ut rundt hytta:

Dette bildet er teke frå soveromsvindauget vårt. Tilnærma same utsikta har me frå terrassen, frå dei store vindaugene i stova, og frå do (kan risikera dokø med den utsikta der...). Eit par furutre lever farleg...

 Utsikt frå inngangsdøra. Her må me nok laga oss ein noko bedre sti...

"Utsikt" frå skyvedøra. Her ser me rett inn i skogen, og dessutan på den framtidige terrassen med utestove, bakaromn og mange andre gode idear som me ikkje har fått ennå...