Viser innlegg med etiketten graving. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten graving. Vis alle innlegg

søndag 16. november 2014

Kva skal barnet heita?

14. november var sett opp som planleggingsdag for barnehagen, barneskulen og ungdomsskulen, samstundes med at det faktisk var fridag for ho mor. Så praktisk! Mens han far var på jobb, fekk resten av mafiaen både pakka og handla, og så var me innom og henta han i 15-tida før me kjørte nordover.

Målet for helga var å bli kvitt store mengder med søppel og å få båten til Mosterøy for vinterlagring. Laurdags føremiddag gjekk dermed med til lessing av bil og tilhengar, og transport av søppel til Heiane på Stord.

 Då søppelet var levert, fekk me med oss eit par leselamper frå Clas Ohlson på tilbakevegen. Kule?

Me merkar at tempoet har senka seg radikalt på hytta etter at me fekk oss sofaer. Der me tidlegare vandra litt kvilelaust rundt om kveldane, synk me nå godt til rette i ein sofa med puter, pledd og ei god bok. Det store behovet for å fiksa noko eller montera noko uteblir rett og slett! Ikkje det at det er så mykje som heng over oss heller. Nå er faktisk hytta ferdigmeldt, og då er det berre småprosjekt igjen. Og så skal ein jo filosofera litt. 
 
Denne helga har eg t.d. tenkt på det pussige fenomenet at svært mange hytter har eit namn. Litt koseleg også, og litt meir "ut-i-naturen"-kjensle enn ei gateadresse. Tveit 111, det blir liksom ikkje noko schwung over det. Dei andre hyttene som ligg i same klynga heiter Tørresbu (etter Tørresvikjå), Lerkehaugen (fordi det skulle vera så mykje lerk der), Åsbu (etter han som bygde hytta) og Porshaugen (p.g.a. all porsen). Kva skal me kalla vår hytte for då? Skal me ta eit namn som seier noko om beliggenheit, eller om folka som held seg der? Mange hytter heiter Fredheim, eller noko i den duren. Det kan ikkje me kalla vår hytte utan eit snev av ironi og sarkasme! Bråkebu, kanskje?

Sniff har funne ein ny yndlingsplass - oppi ein diger plastpose...


Sjølv om det er november, var me denne helga velsigna med eit uvanleg fint ver. Me måtte ut.

Han far sjølv fant trillebåra og fekk kjørt på litt grus på stien ned mot hytta.

Mens ho mor leika seg litt med bjørkekvister og noko ståltråd.

Ungane pusla på med sitt, enten det var å setja ny rekord i duplotårnbygging, sykling eller fisking. 

Søndag morgon sukka eg nøgd: -Åh, så eg slappar av og senker skuldrene når eg kjem hit! -Jepp, då har me eit hytte som virkar, svara eldstemann...





søndag 1. juni 2014

Terrasseprosjekt

Om de trur at me nå begynner å få stålkontroll på å planlegga hytteturar, må de nok revurdera dei tankane ein smule. Spesielt når hytteturane kjem så tett at me ikkje rekk å pakka skikkeleg ut frå den eine før me er i gong med den andre, då går ting litt på ein snei. Me reiste onsdag, men først måtte me pakka, så måtte me innom ein plass og eta middag, så måtte me handla badehåndkle sidan me hadde gløymt det heime, så måtte me innom ei byggsjappe og kjøpa papprøyr, og til slutt måtte me handla mat for helga. Det blei seint på kveld før me kom fram, men det er kanskje ikkje nødvendig å seia?

På parkeringsplassen møtte me på eit lass med singel. Dermed var det berre å starta der me slapp sist helg etter frukosten torsdag. Beste-Unn tok med seg eldste-og yngstemann på "Trodlamarsjen" opp til Trodlavassnipen nord i Sveio kommune. Mellomsten bestemte seg for å vera i området rundt hytta og leika med søskenbarnet sitt. Dermed var det godt med arbeidsro for foreldra. Far min syns tydelegvis at det er så kjekt å kjøra traktor (eller kanskje han tvilte litt på våre evner i den retninga...???), at han blei med oss heile dagen.

 Dette synet får meg til å føla meg heime: Traktor med far min og Tassen inni.

Drensrøyr på plass

Måling og sikting: -Det e kje så nøye, barra det e akkurat, seier far min...

Grei arbeidsfordeling: Pål held røyren i vater, far min spar og Tassen går i vegen...

Fredag lesste me tilhengaren full av byggeavfall og kjørte til Årabrot med det. Deretter kjørte me til Byggmax og fyllte hengaren med 2x8 og 2x6, og bagasjerommet med sementsekker. Dermed var det duka for nok eit kapittel i serien "trøyste og bere". Me har komne litt ut av teljinga på nummeret i rekkja, men me konkluderte vel med at verken joggetur eller styrketreningsøkt var naudsynt den dagen (sjølv om Pål, med Nordsjørittet pustande i nakken, hadde seg ein kveldstur på sykkel saman med svoger Geir).





Laurdag, etter enda meir bering, begynte blandemaskinen å gå. Pål støypte fast bjelkesko i røyra, mens eg hadde gjengen vår med meg til Kvitanesvikjå. Litt arbeidsfordeling må ein ha, ikkje sant?

Sjå der, ja! Fint på rad og rekke.

Då gjenstår det å sjå om ho mor kjem ajour med klesvasken før neste helg. Planen då er nok eit lass med søppel til Årabrot, for så å komma tilbake med 475 meter med terrassebord. Trøyste og bere!






søndag 25. mai 2014

Blir så flott, atte!

Kva gjer ein når ein har noko ein skulle ha grave, og ein har ein bror med tilgang til minigravar? Då inviterer me sjølvsagt bror med familie med på hyttetur. Dermed blei svogers med oss på hytta denne helga, og mens kvinner og barn inntok Kvitanesvikjå i herleg sommarvêr, begynte brørne Berg å grava...


Dei grov og grov, og snart såg sørvestsida av tomta slik ut:


Gravarane var tydeleg nøgde med jobben sin, og i løpet av laurdagskvelden var dei fleire gonger borti vindauget, kikka ut, og kom med kommentarar som: "Blir så flott, atte!" mens dei gliste rått. Kva som var vitsen med all gravinga kan me jo ta ein liten gjettekonkurranse på. Kanskje det blir litt klarare i løpet av neste helg?


Kvinner og barn tok seg stort sett av borddekking og oppvask, i tillegg til studier av lokalt dyreliv i Kvitanesvikjå. Store mengder småkrabbar sørga for at den yngre garde var godt sjølvgåande. Svigerinna mi sa det temmeleg treffande: "Ein blir sinnsjukt lat av å gjera ingenting!"


fredag 19. november 2010

Dagstur til Tveit

Nå har det skjedd ganske mykje på tomta vår utan at me har vore til stades. Kombinasjonen av å vera kontrollfrik og livredd for å gå glipp av noko, har gjort at eg har gått rundt og hatt eit behov for ein tur til Tveit dei siste vekene. Men så er det nå slik at det er vanskeleg å vera på to stader samstundes, så neste gong me kjem oss nordover heile familien blir i desember.

Neste helg skal me ha barnedåp i heimen, og eg hadde teke mål av meg til å laga kransekake sjølv. Det viste seg imidlertid at det å få tak i rette delene til kjøttkverna på Kenwooden blei litt vel avansert. Det var då pappen føreslo at eg skulle komma nordover ein tur, og så kunne me baka i lag.

I går slo eg to fluer i ein smekk, og tok Astrid med meg på ein dagstur til Tveit. Det tek omlag to og ein halv time å kjøra ein veg. Starta frå Hommersåk kl 08.50 og var på Tveit kl 11.15. Me starta med ein tur ned til tomta.

Sånn såg vegen ut i går. 

 Og sånn såg det ut der hytta skal stå. Me skal ha stripefundament, tre striper med betongblokker. To striper på det nederste nivået og ei på det øverste.


Her er eit bilde frå motsett side. Det er plannert og laga ein fin "akebakke" på nedsida av hytta der renseanlegget ligg nedgravd. Pappen og hundane var med på inspeksjonsrunden.

På veg oppover igjen.

Her får ein eit lite inntrykk av utsikta frå hytta. Me vil venda rett ned mot Kvitanesvikjå, for dei som er lokalkjende. Eg fekk og slått av ein prat med han som jobba på tomta, og fekk inntrykk av at alt var under kontroll.

Astrid og Bestefar, snart klare for baking...

Så var det inn på kjøkkenet. "Me begynne alltid med å setta på kaffi", sa pappen. Og han bør vita kva han snakkar om, han som er utdanna bakar... Så kjørte me ferdigkjøpt kransekakedeig gjennom kjøttkverna og i former. Odense sin deig var i følge bakaren bannlyst, men han hadde fått tak i nokre godsaker som visstnok ikkje heimelaga deig kunne måla seg med. Så kom toppen på kransekaka, og då blei det meir frihandsarbeid. Blyant, linjal og bakepapir kom fram. "Det e kje så nøye, barra det e akkurat," presiserte bakaren. Akkurat, ja... Ein triveleg dag med pappen og ei smørblid babyjente blei avslutta med hjortekarbonader til middag, før eg og Astrid gjorde vendereis over Boknafjorden igjen. Denne gongen med eit kransekakebyggesett i bagasjen. Så får me sjå då, om me får til monteringa dagen før dåpen. Kyndig rettleiing har me i alle fall fått.







mandag 8. november 2010

...og i hagen står en gravemaskin...

Endeleg er me i gong! Nå blir det ekstra spennande kvar gong me reiser til Tveit. Koss ser det ut nå, tru? Geir Flatnes begynte på onsdag med graving på tomta vår, og i helga måtte me nordover for å inspisera. Det er blitt laga veg frå parkeringsplassen og bort til tomta, det er gravd grøft til renseanlegget, og septikktanken er komen på plass. Me var nede på tomta på laurdag i krystallklart haustver og tok nokre bilder.


Her skal det ligga røyr der avrenninga frå septikktanken skal gå.



Ho mor står og speidar og tenker så det knakar...

Her skal hytta stå!

Så hadde me oss ein tur opp til han bestefar. Han hadde vore og henta store mengder med Aroma-epler, og var i gong med pressing av eplejuice
Den yngre garde i sving med den kjekkaste aktiviteten denne helga: Bli heist opp og ned på frontlastaren på traktoren hans bestefar! Verdas flottaste utsikt i bakgrunnen.
 Nede på hyttetomta igjen, med penn og notisblokk. Kven må me snakka med om kva? Det blir ei stund til neste gong me kjem oss nordover, så mykje må ordnast pr. mail og telefon. Her er eit oversiktsbilde av tomta.