Viser innlegg med etiketten møblering. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten møblering. Vis alle innlegg

søndag 16. november 2014

Kva skal barnet heita?

14. november var sett opp som planleggingsdag for barnehagen, barneskulen og ungdomsskulen, samstundes med at det faktisk var fridag for ho mor. Så praktisk! Mens han far var på jobb, fekk resten av mafiaen både pakka og handla, og så var me innom og henta han i 15-tida før me kjørte nordover.

Målet for helga var å bli kvitt store mengder med søppel og å få båten til Mosterøy for vinterlagring. Laurdags føremiddag gjekk dermed med til lessing av bil og tilhengar, og transport av søppel til Heiane på Stord.

 Då søppelet var levert, fekk me med oss eit par leselamper frå Clas Ohlson på tilbakevegen. Kule?

Me merkar at tempoet har senka seg radikalt på hytta etter at me fekk oss sofaer. Der me tidlegare vandra litt kvilelaust rundt om kveldane, synk me nå godt til rette i ein sofa med puter, pledd og ei god bok. Det store behovet for å fiksa noko eller montera noko uteblir rett og slett! Ikkje det at det er så mykje som heng over oss heller. Nå er faktisk hytta ferdigmeldt, og då er det berre småprosjekt igjen. Og så skal ein jo filosofera litt. 
 
Denne helga har eg t.d. tenkt på det pussige fenomenet at svært mange hytter har eit namn. Litt koseleg også, og litt meir "ut-i-naturen"-kjensle enn ei gateadresse. Tveit 111, det blir liksom ikkje noko schwung over det. Dei andre hyttene som ligg i same klynga heiter Tørresbu (etter Tørresvikjå), Lerkehaugen (fordi det skulle vera så mykje lerk der), Åsbu (etter han som bygde hytta) og Porshaugen (p.g.a. all porsen). Kva skal me kalla vår hytte for då? Skal me ta eit namn som seier noko om beliggenheit, eller om folka som held seg der? Mange hytter heiter Fredheim, eller noko i den duren. Det kan ikkje me kalla vår hytte utan eit snev av ironi og sarkasme! Bråkebu, kanskje?

Sniff har funne ein ny yndlingsplass - oppi ein diger plastpose...


Sjølv om det er november, var me denne helga velsigna med eit uvanleg fint ver. Me måtte ut.

Han far sjølv fant trillebåra og fekk kjørt på litt grus på stien ned mot hytta.

Mens ho mor leika seg litt med bjørkekvister og noko ståltråd.

Ungane pusla på med sitt, enten det var å setja ny rekord i duplotårnbygging, sykling eller fisking. 

Søndag morgon sukka eg nøgd: -Åh, så eg slappar av og senker skuldrene når eg kjem hit! -Jepp, då har me eit hytte som virkar, svara eldstemann...





søndag 14. september 2014

Sommar i september

Me sette ny personleg rekord i å komma seint fram til hytta denne helga. Ein frontkollisjon i Rennfast gjorde sitt til at me sat bom fast i kø på Tasta i lengre tider, og me brukte seks timar på ein tur som vanlegvis tek to og ein halv. Me hadde mat og lydbok i bilen, så det var ikkje så synd på oss. Verre var det med dei som blei skadde i ulykka.

Ved frukosten laurdag ikkje-akkurat-så-veldig-tidleg, konstaterte me at me ikkje hadde noko som på død og liv MÅTTE gjerast denne helga. Eg lakkerte senga til Halvard og sengestigane som Pål og Bjørn laga sist, mens Pål beisa terrassegelenderet.


 Der var stigane på plass både hos Torstein og Astrid. Inne hos Halvard går me for ein avtagbar variant.

 Nybeisa gelender.


Deretter smørte me niste som me tok med oss ned til Kvitanesvikjå, og så var me der store deler av dagen. Strålande sol var det, godt og varmt, og ungane freste rundt i den vesle båten sin. Og så måtte det sjølvsagt badast, sjølv om Torstein var den einaste som hadde hugsa badetøy...





Tilbake på hytta måtte me opp på loftet etter stolputer og grillkol. Så pesimistiske var me sist, at me trudde det ikkje kom til å bli bruk for dette før neste sesong. Så feil kan ein ta! Grillmaten blei fortært, og så fekk mammå seg ein real sopptur i Ervesvåg (ingen kantareller igjen der nå...), mens resten av familien fekk underhaldning av ei flaggermus som hadde show like utanfor hytta.

Søndag føremiddag forsvant resten av familien til sjøs igjen, mens mammå tok den STORE hyttevasken. Litt av poenget med store vindauge er jo at det skal gå an å sjå ut av dei... Elles har me vore flittige med listeskriving over alt me må hugsa å ta med neste gong, som nok blir i haustferien. Me er med andre ord komne til den fasen i prosessen der me stort sett er på hytta for å kosa oss, mens me puslar rundt med småprosjekt etter innfallsmetoden. Herleg!

Helga blei avslutta med å ta bilde av innhaldet i kjøleskapet. Me er nemleg medlem i korttidsminneforeininga alle som ein i vår familie, og innhaldet i kjøleskapet blir ofte deretter: "Hæ? Det var eg nå sikker på at me hadde!", evt.: "Jah, nå har me tre kaviartuber..."


søndag 31. august 2014

Besøk kan setjast i arbeid!

Denne helga kjørte me i to bilar. Torstein går framleis heime og dinglar p.g.a. lærarstreik, så han blei med pappen og kjørte "flyttelass": To sofaer, ein skyvedørsgarderobe, ein kommode og den gamle kista etter oldemora mi. Eg, dei to minste og katten kom etter så snart me kunne. Me blei sitjande i den verste ferjekøen eg nokon gong har vore i, og det gjorde besøket vårt frå Sandnes også. Framme ved hytta klokka halv ni om kvelden var me holsvoltne! Kvinner og barn gjekk laus på tacoen, mens Pål og Bjørn bar inn og monterte sofaer. Katten gjekk i vegen så godt ho kunne. Det var heilt vanvittig med aktivitet, heilt til maten var klar og stillheita senka seg...

 Endeleg noko anna enn spisestovestolar å sitja på!

Laurdagen blei mindre hektisk. Pål og Bjørn jobba i hytta, Torstein og Henrik var nede og fiska, mens me andre gjekk på slang på Tveit, både i bjørnebærfeltet og i sylte-og saftebua til far min. Elles blei det leika både ute og inne, lese litt bøker, og ete store mengder mat og laurdagsgodt... Pusen var særs nøgd med at gutane kom opp frå sjøen med ein fisk som var akkurat passe stor til henne, så alle fekk sitt.

Skyvedørsgarderobe ferdigmontert på vårt soverom.


Stigar til alle køysengene er nå ferdige. Dermed slepp Bjørn å lempa ungane sine oppi og utav sengene neste gong dei er med på hyttetur...
 
Kjekt med besøk, det vil me gjerne ha meir av. Og i alle fall av den typen som kan setjast i arbeid...




mandag 21. april 2014

Forsmak på sommaren

Påska markerer starten på ein ny sesong for oss som har hytte ved sjøen. Nå skal det seiast at for akkurat vår familie varer hyttesesongen heile året, men heile vinterhalvåret er me mest åleine på Kvitanes. Når påska så kjem, er plutseleg gardinene trekte frå i alle hytter, og det tyt folk ut av alle dører - tjukke slekta heile gjengen. Kaffi skal drikkast, skrøner skal forteljast, og ungane får det plutseleg svært så travelt med kameratar og venninner i ulike nabohytter. Dei er som regel heimom og får i seg noko mat innimellom før det ber av garde igjen, og så har me som mål å få lagt ungane i rett seng i rett hytte kvar kveld...

Og der var me plutseleg innpå temaet som har gått igjen i det siste: Senger. Nå har endeleg alle fått seg ordentlege heimesnekra senger. Då me kom denne gongen, heiv Pål seg over snekring av Halvard si seng. På dette rommet var det betre plass, så der blei det reine familiesenga: Dobbeltseng nede, og enkeltseng i overkøya. Astrid si seng blei beisa og lakkert, mens Halvard si seng førebels berre har fått beis på seg, sidan me gløymde å kjøpa meir lakk. Verdas beste seng, gliser Halvard.


 Astrid si seng, ferdig beisa og lakkert, og med sengehest både oppe og nede...

 Halvard si seng.


Då sengemakeriet var over, flytta Pål sagene ut, og dermed blei det råd å få rydda, sopa, støvsuga og gjera det litt meir heimekoseleg i hytta.

Nysopt stovegolv - reine ballsalen (men det manglar ein sofa og to...)!


Ute blei det snekra tram, slik at me kunne kvitta oss med dei to pallane me til nå har balansert på på veg inn og ut av hytta. I tillegg snekra Pål gangveg frå trammen og bort til der hovudterrassen kjem. Det begynner å bli framkommeleg ute også.

 På trammen blei det felt ned ei rist som me fant på Biltema. Min idé, noko murrande utført av gemalen...


 ...men når jobben var gjort, var han einig i at det var ein god idé og ser ganske tøft ut...


Inne hadde eg ein fæl sorteringsjobb av ulike verktøy, skruar, spiker og andre duppedittar. Kva skulle lagrast og kva skulle hivast - og kva var det nå alt me hadde lagra inne på boden? Heldigvis blei det ikkje teke bilde av den seansen, for det var til tider eit deprimerande syn...

Båten blei henta på Mosterøy. Det å stå til vinterlagring i ei løe er ikkje berre berre. Det resulterte dette året i eit knust glas i vindskjermen. Båten står framleis på hengaren sin, den. Sjøsetting får me ta seinare når det som skal reparerast er reparert. Eg trur me etterkvart har fått tak i dei rette skruane, men så var det visst eit bor som knakk...

Langfredag fekk me besøk av farmor og Per. Dei hadde med seg vaffeljern som presang, og farmor hadde i tillegg med seg ferdig vaffelrøre. Svært praktisk, syns me.

 Torstein, farmor og eit vaffeljern. Går ikkje an å få det betre...

Fint vêr hadde dei med seg også.

Og finvêret varte, og det å gjera noko innomhus blei plutseleg mindre interessant. Me måtte ut. Den vesle båten som gutane skal ha å krusa rundt i, blei dulla litt med.


Bunnstoff må til. Full konsentrasjon...

Første påskedag blei feira i Kvitanesvikjå. Full rulle med folk som hadde ulike prosjekt på gong.

Klypping og rydding av brakabuskar...


Fisking...
...og sløving...

I dag er det andre påskedag. Finvêret er spådd å vara ei veke til, så det var med tungt hjerte me vende nasen heimover til klesvask og førebuing av ny veke. Me har fått ein fin forsmak på sommaren på Tveit og Kvitanes, og me gler oss til det me har i vente!



søndag 2. mars 2014

Todelt vinterferie

Dei i familien som har tilknytting til skule hadde vinterferie denne veka. Det førte til at me hadde to helger på hytta, den siste litt lenger enn den første. Sidan sist hadde Haugaland Kraft vore og kobla oss til straumnettet på ordentleg. Dermed var det å samla inn skøyteleidningar noko av det første eg heiv meg over. Så herleg å sleppa å snofla i leidningar på kryss og tvers!

Kvar gong me reiser er det alltid eit spørsmål om kva me skal prioritera, for prosjekt er det alltid nok av. Eg ytra eit ønske om å få kjøkkenkroken heilt ferdig, slik at alt verktøy kunne ryddast vekk derifrå og me kunne få ein funksjonell plass til å laga mat. Eg fekk det som eg ville.

Når det gjeld kjøkkenet har me nå hatt den første og førebels einaste "nei, forresten"-ideen i heile hytteprosessen. Me fekk for oss at me ville ha vifteskapet like stort som dei andre veggskapa, så det blei bytta ut. Etter dette har Pål saga hol i vegger og kobla vifta til ventil, montert pyntelister oppe og nede på veggskapa, kobla til oppvaskmaskin og montert front på denne (o lykke!), montert dekksider hist og pist, montert veggplate mellom benkeplata og veggskapa, og elles hengt opp hylle og lamper her og der. Me passa på å få teke nokre presentable bilde av kjøkkenet før byggestøvet på nytt la seg.

  Kjøkkenet er frå IKEA og heiter "Bodbyn". Lampene over kjøkkenvasken heiter "Foto" og er frå same stad.

 Veggplata mellom benkeplate og veggskap er frå Alloc. Mønsteret heiter "Betong".


På veggen til venstre for vindauget heng hylla "Stenstorp" frå IKEA.

Eg har jobba mykje innan renovasjon denne gongen: brunne bål og fått vekk mykje embalasje og kapp, og hatt ein ekspedisjon til Sveiåsen med søppelsekker. Kjekt å konstatera at me faktisk har eit golv...

Me har eksperimentert litt med belysning. Kjøpte eit par "starter kits" til eit skinnesystem for spottar frå Clas Ohlson. Det virkar greitt, så nå har me montert to skinner på eine takbjelken, og laga handleliste over kor mykje meir me skal ha.

 Spottar i taket.

Summa sumarum: Herleg med kjøkken som fungerer. Me har testa ut både koketopp, steikeomn og oppvaskmaskin. Godt med stort og romsleg spisebord å sitja rundt. Nå gledar me oss til å kunna innta ein komfortabel sofa også, men har vel kome fram til at me bør vera ferdig med innandørs saging før noko slikt kjem på plass.

Av andre ting som skjer på Tveit kan eg nemna at vegen er i ferd med å bli asfaltert frå hovudvegen på Erve og opp til snuplassen nedom garden til far min. Eg syns det ser veldig bra ut, men er svært spent på korleis Ervesbrekka/Olabakken blir på glatta om vinteren.


Nyasfaltert snuplass og veg.

(Digresjon: Eg syns det er svært hyggeleg at grandonkelen min, Ola, har fått ein bakke oppkalla etter seg. Han var ein original på mange måtar, blei nesten 100 år, og budde åleine i huset sitt nedom Ervesbrekkå/Olabakken. Framleis ventar eg instinktivt å sjå han rusla rundt huset sitt når eg kjører forbi, sjølv om det er ni år sidan han døydde. Nokre menneske skal liksom berre vera der, slik dei alltid har vore. Me har alltid kalla bakken for Ervesbrekkå, men eg høyrer mange av dei andre hyttefolka seier Olabakken, og det gjer meg litt varm om hjartet...)


søndag 9. februar 2014

Svart belte i shopping

Første hyttetur i 2014. Eg gir austavinden skulda, for me hadde faktisk planlagt og pakka til ei hyttehelg i januar, men ferjer som kanskje går er litt for usikkert for oss.

Heldigvis har det skjedd litt sjølv om me ikkje har vore på hytta. Per Inge røyrleggjaronkel har vore og gjort seg ferdig med sin jobb, så nå er det vatn både inn og ut, både på bad og i kjøkkenkrok. Elektrikaren er og ferdig, men Haugaland Kraft har ikkje fått kobla oss til ennå, så det blei byggestraum denne helga også.

Eg hadde teke ein telefon til Vikse møbler i Haugesund, så denne helga låg det ein god del og venta på oss der. Laurdag fekk me oss barnevakt oppe på garden, lånte varebilen til pappen og kjørte til Haugesund og fylte han til taket og vel så det. Tilbake kom me med spisebord med to klaffer og ti stolar, sofabord, taklamper til alle soveromma og diverse anna småtteri. Betalingskortet lukta svidd, eg er heilt sikker...

 Pappen sin varebil i ferd med å tømmast etter tunge tak.

Så kom nok ein runde av "trøyste og bere", og ein augneblink eller to tenkte eg at me kanskje heller skulle gått for den minimalistiske stilen med melamin og stål, i staden for å kjøpa møblar av det tyngste treverket som er å oppdriva. Jaja, me fekk det nå inn, og ikkje trur eg det blir aktuelt å bera det ut att i mi levetid i alle fall!



Der var spisebord og stolar på plass. Serien heiter "France", og er i såpebehandla eik.

Laurdagskvelden etter at minstesnupps var ekspedert til køys gjekk med til å pakka ut og montera galskapen. Så var det til å pakka ut og begynna å montera taklamper på soveromma. Vinflaska som me brifa med på bildet er framleis uåpna...


Den yngre garde fekk det travelt med alle eskene som stolane kom i...


I dag fortsette me å jobba med kjøkkenet. Koketoppen og steikeomnen er monterte, og så er det lys under veggskapa og i skuffene.


Sofabordet har me ennå ikkje rukke å gjera noko med, så det står framleis fint i pakken sin. Neste post på programmet er sofagrubling. Sofa til heilårshytte ved sjøen. Må tåla ein støyt, vera god å sitja i og ikkje sprenga alle økonomiske rammer. Hm...