Og eg som trudde hyttebygging skulle dreia seg om å få gjort noko praktisk...
Me er tydelegvis framleis på kontorstadiet, og jammen er det godt eg er i permisjon, for det er mailar og telefonar i aust og vest.
Me har fått eit tilbod frå ein snikker på å reisa hytta og få henne tett. Etter å ha høyrt litt rundt har me funne ut at dette er eit godt tilbod som me vil gå for. Så har me fått nokre formelle papirer å kikka på når det gjeld leveringa av byggesettet frå Drømmehytten. Var visst litt om å gjera å få dette unna slik at dei kunne bestilla vindauge og dører.
Eg har brukt ei veke i telefon og på mail for å få tak i elektrikaren. I dag fekk eg tak i han, og nå lova han at det skulle komma byggestraum i løpet av eit par dagar. Mannen med gravemaskinen skal tilbake og grava ei grøft, men slit litt i forhold til frosta. Han må i tillegg få informasjon frå elektrikaren/Haugaland Kraft. Dessutan er det vel snart på tide å kobla inn onkel røyrleggar Per Inge også.
Og så må me ikkje gløyma å bestilla forskalingsblokker og betongbil!
Eg ser for meg at den vinterferieveka blir travel...
Viser innlegg med etiketten kontorarbeid. Vis alle innlegg

mandag 14. februar 2011
fredag 20. august 2010
Det arbeidet ein aldri ser...
Me har i grunnen ikkje fått gjort noko særleg praktisk i samband med hytta vår ennå (bortsett frå å fjerna eit gjerde som stod diagonalt over tomta vår og å fella nokre tre), og enda føler me at dette har me jobba med i årevis allereie. Det kjem nok av at det er eit gigantisk byråkrati involvert i ein sånn prosess, og dette tek tid. Då me bygde huset vårt på Hommersåk i si tid (gud bedre - det er ni år sidan me flytta inn!!!), lærte me å la vera å laga oss tidsfristar. Me fant ut at tidsskjema alltid sprekk, og at når ein trur ein har kontroll på alt, så har ein ikkje det. Dette har vore nyttige erfaringar i hytteprosjektet vårt også.
Det som har vore greit, er at me denne gongen bygger i ein liten kommune. Kvar gong me har hatt små eller store spørsmål, har det berre vore å ta kontakt med "an Bjarne", "an Reidar", eller "an Svein Magnus" på kommunehuset. Dersom den me kontakta ikkje kunne svara, ser eg for meg at han berre snudde seg til sidemannen og sa: "Du, hu der dotter te Sjurseth-en med bringeberå lure på...", og så blei svaret diktert umiddelbart. Svar fekk me i alle fall alltid, og det raskt og.
På tinglysingen hos Statens Kartverk, ser eg meir for meg ein episode av "Etaten": "Sjå her er det ei som har brukt binders i staden for stifter! Går det an?" I alle fall var det her me møtte veggen første gongen. Når ein har fått skilt ut ei tomt, må ein jo sikra seg vegrett til den tomta. Vegen er ein grusveg som går over mange forskjellige eigendommar med enda fleire grunneigarar. Alle desse grunneigarane måtte dermed skriva under på at eg skulle få vegrett til tomta mi. Det kunne vore ein smal sak dersom alle grunneigarane budde på staden, og eg kunne ta meg ein tur innom i døra til kvar enkelt av dei med ærendet mitt. Men eit par av eigendommane som denne vegen går over er sommarbustader som er felleseige for fleire søsken. Og desse er busette i t.d. Oslo, Stockholm, Bergen, Ålesund... I tillegg forlanga Tinglysingen at eg måtte ha personnummera til dei som hadde skrive under. Ville du oppgitt personnummeret ditt til ein heilt ukjent person? Eg kan i alle fall fortelja at dette tok tid! Eit halvt år med brev, mailar og telefonar fram og tilbake tok det, men så var det visst i orden.
Greit, nå hadde me ei tomt, og me hadde lov til å kjøra på vegen. Så var det å få lov å bygga noko, då. Me var i kontakt med mange hytteprodusentar, men endte til slutt på Drømmehytten på Ålgård. Eit relativt lite firma i bransjen, men dei gav eit dønn ærleg og likande inntrykk. Før me bestemte oss for hyttemodell, tok me kontakt med Sveio kommune for å høyra om det fantest nokre restriksjonar på areal, mønehøgd e.l. (me bur jo tross alt i Sandnes kommune). Svaret var ganske greit: "Neeei, me har kje det. Kor stort hadde du tenkt, da?" Det var m.a.o. berre å gå i gong med teikningane. Til slutt hadde me fått byggemeldt hytta. Me oppdaga i siste liten at det i byggesøknaden stod Førde i Sunnfjord i staden for Førde i Hordaland, og fekk avverga den fadesen med eit nødskrik...

Abonner på:
Innlegg (Atom)