Viser innlegg med etiketten pinnar i kryss. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten pinnar i kryss. Vis alle innlegg

søndag 9. august 2015

"Ut i skogen, opp i trærne!"

Mellomsten hadde i lengre tid mumla om at han kunne tenkt seg ei hytte oppi eit tre, og ville gjerne ha far sin med på prosjektet. Denne sommaren blei det endeleg sett av tid til dette, og første punktet på programmet var å blinka seg ut eit høveleg tre. Etter ein kjapp tur i skogen, kom dei tilbake og hadde funne akkurat det rette treet. Deretter blei byggherren beden om å laga ei teikning av korleis han såg for seg at denne trehytta skulle sjå ut.

Slik såg skissa ut, fargelagd av veslesøster då ingen følgde med...

Hytta skulle altså vera bygd rundt stamma på eitt tre, og så skulle det gå ei hengebru over til eit anna tre. Etterkvart som samtalen skreid fram, skulle det visst vera både løypestreng ned til Kvitanesvikjå og diverse lianer til å leika Tarzan i også. Pål fekk verkeleg noko å tenka på...

Etter ei stund med tenking, virka det som om mannen hadde ein plan. Han for til byn og handla materialer, og så begynte ting å skje:

Kva er det som skjer på terrassen? Skal han laga solur?

Javel?
 
Sjå her, ja!
 
"Eg e schempeflinke!" slo minstesnupps fast, mens ho sette i gong med hammar og spiker høgt oppe i treet. 

Mora hadde ikkje nerver til å sjå på ei som var "schempeflinke" så høgt til vers, og måtte finna seg noko å gjera ein annan plass. Var det ikkje ei hytte som trengde noko beis i nærleiken, tru?

Inngangsdøra ferdig...

..stenderverk på plass...

...og så tak...

...og til slutt kledning, så langt det rakk.

Nå går diskusjonen om fargeval i heimen. Pappen og storebror heller til kamuflasjemaling à la hæren, mammå meiner at gråfargen til den store hytta må passa godt, mens mellomsten held ein knapp på raudbrun. Kva dei landar på vil tida visa. Elles håpar nok Pål i sitt stille sinn at alle tankar om hengebruer, løypestrengar og lianer er gløymde. Følg med i neste episode!


 

søndag 3. mai 2015

Ingen hyttetur utan...

Me er etter måten ferske hytteeigarar, men allereie nå har me oppdaga at det er ting, dingsar og duppedittar som me berre må ha på hytta. Grunnen til at eg begynte å tenka på dette denne helga, var at minstesnupps sørga for at denne tingen fekk kjørt seg så å seia kvar dag:


-Vannet bare kom oppi støvelen min, var forklaringa. Det er klart at når vatnet har for vane å oppføra seg slik, blir ein støveltørkar heilt naudsynt å ha på hytta. 

Deretter begynte eg å tenka på kva andre ting som me har klart å gjera oss avhengige av på hytta, og her kjem nokre av dei i tilfeldig rekkefølge:


Aloe vera-planta står i baderomsvindauget. Den blei kjøpt etter at gutane hadde eit ublidt møte med ei brennmanet i fjor sommar. På hytta kjem me rett som det er i nærkontakt med både klegg, mygg og andre bevinga vesen, i tillegg til brennmaneter. Då er denne planta gullgjev. Ho står på ein oasisbit, og får vatn med nokså ujamne mellomrom, men har i alle fall overlevd ein vinter...


Ingen hyttetur utan sjokolademjølk, meinar avkommet. Det er krise dersom denne boksen blir tom!


Denne dingsen får kjørt seg. Det er stadig noko som skal monterast!


Hytte med utsikt til fjorden kan ikkje vera utan kikkert! Dersom det blir observert ein båt på fjorden, må me jo få greie på kven det er og om dei får fisk! Forvetne, me? 


Me er nøydde til å ha lesestoff! Me innrømmer gjerne at me er ein bokfamilie, og at høgdepunktet på ein bytur i Haugesund er ein tur innom Nils Sund bokhandel.


Og så må me ha brettspel og kortstokkar av ymse slag.



Sist helg blei terrassen rensa, denne helga har eg beisa han. Eg fekk teke det grøvste; den nedste terrassen og trappa ned dit må venta til neste gong. Me fant vel ut at me måtte ha ein litt ut-i-naturen-farge, og dermed falt valet på fargen "strå" på Trebitt sitt fargekart:


Nybeisa terrasse. I bakgrunnen ein båt som ventar på sjøsetjing, men som nok må venta til neste gong...

Har eg fortald at det fulle og heile namnet til han eg bur saman med er Pål Steinar Max Mekker Handyman Berg? Denne helga var det endeleg tid for eit prosjekt han har verka etter å begynna på i lengre tid, nemleg godstolar til terrassen. Adirondac, adriondac, anorakk - noko i den duren. Det er i alle fall stolar av amerikansk opphav med armlene så breie at dei kan fungera som eit lite bord.


Work in progress...


Ferdig prototype


Ahh! Godkjent! Hentar du ein cola og ei skål peanøtter, er du grei?

tirsdag 7. april 2015

Korleis var det nå igjen?

Nå har det vore rimeleg stille på bloggen ei god stund, så då det for ein gongs skuld skulle skrivast noko, måtte det research til, for å skriva det på godt norsk. Kor mange gonger hadde me vore på hytta sidan sist, og kva dreiv me eigentleg på med? Rart med det, ein trur ein skal klara å hugsa ting, men det som ikkje er skrive ned ein stad eller teke bilde av, det forsvinn.

Etter litt leiting på facebook og sjekking av datoar på dei få bilda som er tekne, kom eg fram til at me har vore to gonger på hytta mellom sist blogginnlegg og påske. Begge gongene utan innlagt vatn. Kanskje det var difor eg ikkje syns det var noko å skriva om? Me har eit samarbeid med to hyttenaboar om eit borehol, og nå i vinter viste det seg at noko elektronikk som styrer pumpa hadde teke kvelden. Heldigvis var det fiksa og alt som det skulle nå i påska. Hytte utan innlagt vatn kan vera riktig så sjarmerande, men når ein har lagt opp til å ha det, merkar ein det godt når det plutseleg er vekke. Me har t.d. vassklosett, og det blei jammen ikkje få gonger me var i bekken etter vatn berre for å få skylla ned i do!

Påskeferien delte me i to denne gongen, sidan Pål skulle jobba dei 2 1/2 dagane mellom helgene.

Palmehelga fekk Pål endeleg prøvekjørt motorsaga. 

Han blinka seg fornuftig nok ut nokre bjørk som ikkje var altfor store, og som heller ikkje måtte detta i ein bestemt retning. Eg bidrog med konstruktiv peiking, gutane drog på greiner, mens minstesnupps tok seg av motivatorjobben: "Bravo, pappa!" Litt arbeidsfordeling skal ein nå ha? Resultatet var eg i alle fall godt nøgd med. Det blei straks lysare rundt hytta. Lumberjacken sjølv gliste nøgd, og syntest det var karsleg med skogsarbeid. Eg trur nok det er nokre furuer som ligg tynt an framover...

I andre delen av påsken hadde eldstemann med seg ein kompis, og dermed fekk me brukt Sju(r)set(h)eren til fulle. Skjærtorsdag blei dei to fjortisane sjøsette i den vesle gule båten, og dermed var dei berga for resten av helga. Mellomsten og pappaen har eit trehytte-prosjekt gåande i ei furu borte ved traktorstien ned til Kvitanesvikjå. Her blei det rydda litt, før ideskisser og arbeidsteikningar blei påbegynte. Dette prosjektet kan lett bli langvarig...

Det eine fører fort med seg det andre. Me gjekk til innkjøp av nok ein "makalös manik", nemleg ei kompostkvern. Erfaring tilseier nemleg at ein haug med greiner, ris og kvister sjeldan rekk å bli til noko bål på våre kanter. Er det tørt nok, er det ikkje lov. Er det lov, får me ikkje fyr...

Dessutan måtte me jo få kløyvd veden, og då må ein ha hoggestabbe. 

Når veden er kløyvd må ein ha ein plass å stabla han, og dermed måtte me ha vedskjul.

Er det påske, så må ein ut og gå. Langfredag var me ein tur oppe på Tveitefjedlet. 

Var ein tur innom far min og henta Tassen, så han fekk seg ein god trim. 

Tre store gutar som hiv pinne langt, då må til og med Tassen melda pass til slutt. Ved varden på Tveitefjedlet heng det forresten ein postkasse, og oppi den er det bok til å logga besøk i. Veldig kjekt dersom alle som er oppom tek seg tid til å skriva seg inn i boka.

 Astrid og pappen på Tveitefjedlet.

Søndag var det jakt på påskeegg ved Ryvarden fyr, så då måtte me dit. Utruleg populært, mykje folk og god stemning ute ved fyret.



søndag 8. februar 2015

Steikje fine gardiner/storebror ser deg...

Nå var det jammen lenge sidan sist me var på hytta! Ikkje sidan slutten av november hadde me vore der, så kva me hadde på hytta, kva me ikkje hadde der og kva som skulle gjerast var noko ullent for oss då me skulle pakka. Me visste at me hadde relativt mykje som skulle transporterast til hytta. Julepresangane nå for tida har ein tendens til å ha noko "hyttete" over seg, nemleg. Dessutan visste me at store deler av laurdagen kom til å gå med til tribunesliting i Karmøyhallen der eldstemann skulle spela handballkamp mot Kopervik.

 Frå Karmøyhallen. Riskagutane i gult og svart, vår pode med nr 6 på ryggen.

Til slutt visste me også at me måtte fylla bilen med verktøy då me skulle heim, for nå er det diverse ting som må gjerast i heimen også...

Sist me var på hytta opplevde me forresten for første gong å ikkje ha noko å skriva om i bloggen etterpå. Eg kunne jo ha laga eit innlegg med setninga: "Me har vore på hytta, men har ikkje gjort ein drit", men det blei liksom så inkjevetta...

Det merktest på både folk og fe at det var lenge sidan me hadde vore på hytta denne helga. Fredag kveld var alle i uvanleg godt humør, og gav uttrykk for at det var kjekt å vera tilbake. Katten strauk til skogs, ho hadde vel eitt og anna musehol ho skulle sjå om, og kom tilbake i skikkeleg pøbelhumør. Det var ikkje ei fillerye som låg der ho skulle då Sniff var ferdig for kvelden...

Eg tek vel ikkje for hardt i når eg skriv at han eg er gift med har stor sans for duppedittar. Eg trur rett og slett at eg kan strekka meg til å kalla han ein skikkeleg teknofrik, utan å bli skulda for å overdriva. Det å ha hytte gir jo nye mulegheiter for å skaffa seg artige tekniske innretningar for ein av hans kaliber. Denne helga er det blitt installert fjernstyring av lys og varmeomn, og dessutan ein del termometer som blir overvaka frå pc eller mobil. Kamera er også kjøpt inn, så folk som er ute for å forveta seg treng slett ikkje føla seg for trygge. Eg kan sjå det praktiske i å kunna setja på omnen før me reiser heimefrå for å komma til ei hytte som i alle fall ikkje er gjennomfrosen. Det kan og vera greit å følga med på evt. straumbrot med tanke på å berga det som måtte finnast i kjøleskap og fryseboks. Men eg håpar eg slepp å få temperatursvingingane i kjøleskapet som laurdagsunderhaldning vidare framover...

Eg begynte på eit gardinprosjekt ei god stund før jul, men måtte setja det på vent p.g.a. dårleg reidskap. Eg føler meg slett ikkje tapt bak ein symaskin, men har til nå ikkje kunna forsvara innkjøp av noko slik sidan eg ikkje har vore veldig ivrig i den retninga. Mor mi sin gamle Singer, som ho skaffa seg før eg var påtenkt, har til nå gjort nytta til mitt bruk. Men så gjekk eg altså til innkjøp av mangfoldige meter med ubleika linstoff på IKEA, med det for auget at eg skulle sy gardiner til hytta sjølv. Det tålte ikkje den gamle Singer'en, og kva gjer ho mor då? Jo, ho ønskjer seg symaskin til jul. Kva gjer han far då? Jo, han tilkallar ein ekspert på området (Beate...), får gode råd og kjøper julepresang akkurat tilpassa mottakaren. Denne helga blei den makalause maniken pakka opp og prøvekjørt, men eg kan ikkje skryta på meg noko storproduksjon ennå.


Flett ny symaskin tilpassa meg som stort sett held meg til rettsaum, men som vågar meg på litt sikksakk når eg riktig skal slå ut håret...

"Steikje fine gardiner!" NB! Må hugsa strykejern neste gong!

Då gemalen høyrde rykter om gardinsying, fant han ut at det kanskje var på tide å få på plass karmen til skyvedøra, slik at det gjekk an å få på plass listene også på den veggen, for seinare å montera gardinstenger.


 Skyvedøra, nå også med karm og listverk.

Me reiste heimover med bilen full av sager, spikerpistolar og anna verktøy. Nå er det diverse ting i heimen som skal til pers. Då me bygde huset for snart 14 år sidan, sa me kvar gong me oppdaga ein "heilagdag" at det fekk me ta til konfirmasjonen, og så lo me rått fordi det var jo så langt fram i tid. Nå er det begynt å gå opp for oss at den første konfirmasjonen faktisk er neste vår, og at heimen ber preg av noko hard bruk, så nå blir me faktisk nøydde til å gjera noko heime også. Sett slik!

søndag 14. september 2014

Sommar i september

Me sette ny personleg rekord i å komma seint fram til hytta denne helga. Ein frontkollisjon i Rennfast gjorde sitt til at me sat bom fast i kø på Tasta i lengre tider, og me brukte seks timar på ein tur som vanlegvis tek to og ein halv. Me hadde mat og lydbok i bilen, så det var ikkje så synd på oss. Verre var det med dei som blei skadde i ulykka.

Ved frukosten laurdag ikkje-akkurat-så-veldig-tidleg, konstaterte me at me ikkje hadde noko som på død og liv MÅTTE gjerast denne helga. Eg lakkerte senga til Halvard og sengestigane som Pål og Bjørn laga sist, mens Pål beisa terrassegelenderet.


 Der var stigane på plass både hos Torstein og Astrid. Inne hos Halvard går me for ein avtagbar variant.

 Nybeisa gelender.


Deretter smørte me niste som me tok med oss ned til Kvitanesvikjå, og så var me der store deler av dagen. Strålande sol var det, godt og varmt, og ungane freste rundt i den vesle båten sin. Og så måtte det sjølvsagt badast, sjølv om Torstein var den einaste som hadde hugsa badetøy...





Tilbake på hytta måtte me opp på loftet etter stolputer og grillkol. Så pesimistiske var me sist, at me trudde det ikkje kom til å bli bruk for dette før neste sesong. Så feil kan ein ta! Grillmaten blei fortært, og så fekk mammå seg ein real sopptur i Ervesvåg (ingen kantareller igjen der nå...), mens resten av familien fekk underhaldning av ei flaggermus som hadde show like utanfor hytta.

Søndag føremiddag forsvant resten av familien til sjøs igjen, mens mammå tok den STORE hyttevasken. Litt av poenget med store vindauge er jo at det skal gå an å sjå ut av dei... Elles har me vore flittige med listeskriving over alt me må hugsa å ta med neste gong, som nok blir i haustferien. Me er med andre ord komne til den fasen i prosessen der me stort sett er på hytta for å kosa oss, mens me puslar rundt med småprosjekt etter innfallsmetoden. Herleg!

Helga blei avslutta med å ta bilde av innhaldet i kjøleskapet. Me er nemleg medlem i korttidsminneforeininga alle som ein i vår familie, og innhaldet i kjøleskapet blir ofte deretter: "Hæ? Det var eg nå sikker på at me hadde!", evt.: "Jah, nå har me tre kaviartuber..."


søndag 31. august 2014

Besøk kan setjast i arbeid!

Denne helga kjørte me i to bilar. Torstein går framleis heime og dinglar p.g.a. lærarstreik, så han blei med pappen og kjørte "flyttelass": To sofaer, ein skyvedørsgarderobe, ein kommode og den gamle kista etter oldemora mi. Eg, dei to minste og katten kom etter så snart me kunne. Me blei sitjande i den verste ferjekøen eg nokon gong har vore i, og det gjorde besøket vårt frå Sandnes også. Framme ved hytta klokka halv ni om kvelden var me holsvoltne! Kvinner og barn gjekk laus på tacoen, mens Pål og Bjørn bar inn og monterte sofaer. Katten gjekk i vegen så godt ho kunne. Det var heilt vanvittig med aktivitet, heilt til maten var klar og stillheita senka seg...

 Endeleg noko anna enn spisestovestolar å sitja på!

Laurdagen blei mindre hektisk. Pål og Bjørn jobba i hytta, Torstein og Henrik var nede og fiska, mens me andre gjekk på slang på Tveit, både i bjørnebærfeltet og i sylte-og saftebua til far min. Elles blei det leika både ute og inne, lese litt bøker, og ete store mengder mat og laurdagsgodt... Pusen var særs nøgd med at gutane kom opp frå sjøen med ein fisk som var akkurat passe stor til henne, så alle fekk sitt.

Skyvedørsgarderobe ferdigmontert på vårt soverom.


Stigar til alle køysengene er nå ferdige. Dermed slepp Bjørn å lempa ungane sine oppi og utav sengene neste gong dei er med på hyttetur...
 
Kjekt med besøk, det vil me gjerne ha meir av. Og i alle fall av den typen som kan setjast i arbeid...




mandag 9. juni 2014

Pinsti på terrassen

Fredag var me oppe og fekk låna tilhengaren til papen då me kom. Etter legging av "lille Trille" var det rett ut og fylla han med søppel. Her skulle det vera effektivitet, ikkje noko slinger i valsen!

Laurdag morgon var det avgårde-Kåre til Haugesund og Årabrot. Vekk med søppel, så kjøpa terrassebord. Me blei litt flate i fjeset då me kom til stengd miljøstasjon, me som hadde lese oss opp på åpningstider og alt. Det viste seg at me ikkje hadde lese langt nok, for lenger nede på nettsidene sto det om unntaka: påskeaftan, pinseaftan og julaftan. Det var lita trøyst i at me slett ikkje var dei einaste. Då var det vel berre å gjera vendereis, då.

Etter litt refleksjon i framsetet, akkompagnert av Folk og røvere i Kardemommeby frå baksetet, fant me ut at me skulle sjekka SIM sine åpningstider på Stord. Dei hadde berre påskeaftan og julaftan som unntak, og dermed fekk søppelet vårt seg reine sightseeinga før det enda dagane sine på Heiane på Stord. På Heiane fekk me kjøpt terrassebord også, så glade var me. Me kom tilbake akkurat tidsnok til avsluttinga av dugnaden i Kvitanesvikjå...

 Då var det berre til å begynna...

Sommarkjole, solbriller og arbeidshanskar. Godt utstyr er halve arbeidet...

Her går det unna!

Eldstemann fant ut at å kombinera styrketrening med høve til å tena seg nokre kroner var gode greier. Han var vel den som bar brorparten av terrasseborda ned til hytta. 
 
Ein stk utsliten storebror...

...men nye oppgåver ventar...

 Måndag morgon.

 Det begynner å likna noko!

 Riktignok mykje skruearbeid igjen - mange av borda er berre lagde utover.

Kven vil vel vera inne i dette fine veret?
 
Halvard med husdyret...

Hytte bada i sommarsol.

Fantastisk pinsehelg: Nydeleg ver, ungar som leikar kjekt, litt "raddl" med slekta og hyttenaboane, og arbeid som viser igjen. Kan ikkje få det betre!