søndag 23. juli 2017

Avslutning av bloggen - Velkommen til Saltkråkan!


For sju år sidan begynte me for alvor med hyttebygging, og eg blogga om prosessen fram mot ferdig hytte. På eitt eller anna tidspunkt gjekk derimot det å bygga hytte gradvis over til det å berre vera på hytta, og det gjekk stadig lengre tid mellom kvar oppdatering av bloggen. Eg trur me kan tidfesta dette til då me fekk to gode sofaer inn i hytta, for etter det gjekk produktiviteten vår merkbart ned... Nå ser eg at det er heile to år sidan sist oppdatering, og då er det sanneleg på tide å avslutta heile bloggen.
Planen nå er å få kopiert tekst og bilde frå bloggen over i ei fotobok som skal ligga på hytta, og så vil eg, som lir av meir eller mindre konstant skrivekløe, fortsetja skribleriene mine i ei aldeles tradisjonell hyttebok - for hand.
Allereie i november i 2014 skreiv eg på bloggen: "Denne helga har eg t.d. tenkt på det pussige fenomenet at svært mange hytter har eit namn. Litt koseleg også, og litt meir "ut-i-naturen"-kjensle enn ei gateadresse. Tveit 111, det blir liksom ikkje noko schwung over det. Dei andre hyttene som ligg i same klynga heiter Tørresbu (etter Tørresvikjå), Lerkehaugen (fordi det skulle vera så mykje lerk der), Åsbu (etter han som bygde hytta) og Porshaugen (p.g.a. all porsen). Kva skal me kalla vår hytte for då? Skal me ta eit namn som seier noko om beliggenheit, eller om folka som held seg der?


Mange hytter heiter Fredheim, eller noko i den duren. Det kan ikkje me kalla vår hytte utan eit snev av ironi og sarkasme! Bråkebu, kanskje?"
Me har ikkje brukt nemneverdig meir energi på denne problemstillinga, men frå tid til anna har ho dukka opp igjen; hytta burde hatt eit namn!


Så hadde det seg slik at eg las "Vi på Saltkråkan" for minstejenta denne sommaren. Enda ein gong blei eg minna på kor fantastisk forfattar Astrid Lindgren var. Dette er rett og slett ei nydeleg bok, og etterkvart som eg las, drog eg parallellar til korleis me sjølve har det på hytta: Me har t.d. ei jente som pratar lenge og vel med alle ho treff på, og begynner alle samtalar med: "Vettu ka?" Me har ein gut som elskar alle dyr, frå den minste mauren til den største gorillaen.


Me har enda ein gut som surrar rundt i båt og dreg opp store mengder fisk frå sjøen (må få oss skikkeleg fryseboks på hytta, puh...). Og sommarstid er det nærmast ein horde med ungar som spring mellom hyttene, ofte med ein hund eller to på slep.


Me har ingen Båtsmann, men på Tveit, garden som bror min nå har overteke, bur berner-sennen-kvalpen Alfred, som i løpet av sitt første halvår i verda nå nærmar seg 30 kg (!).


Det er strålande solskinsdagar og ekte vestlandsk møkkavêr, det er bærplukking, soppsanking og fisking. Det er nærkontakt med rådyr, hare, orm og havørn.

Og, ikkje minst, det er timevis med stirring inn i bålet i bålpanna eller i vedovnen innandørs.


Jo, eg trur så sanneleg at me har fått oss vårt eige Saltkråkan. Og me deler gjerne. Er du i traktene, så sving gjerne innom. Me har godt med overnattingsplass, og er glade i besøk. Kjem du sørfrå, svingar du av mot Fjon. Kjem du nordfrå, svingar du av mot Erve. Deretter er det berre å gå etter lyden...


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar