tirsdag 31. mai 2011

Heim og snu i døra...

Gemalen og eldstemann for av garde på Agder-cup i helga, mens eg tok med meg dei to resterande avleggarane til Tveit for å forveta meg meir om ståa. Og her går det på fram, som ein kan sjå av bilda. Hadde ein prat med snikker Robert på telefon i dag, og han rekna med eit par veker til på det han skal gjera. Då er hytta reist, tett og klar for at me kan putla i vårt eige, meir bedagelege tempo i sommar. Neste helg er langhelg, så dermed er me klare til ny tur nordover allereie i morgon kveld. Og eg som ikkje har rukke å pakka ut etter sist helg ennå! Snakk om å snu i døra!




søndag 15. mai 2011

Hei, bestilte du basseng???

Nå har snekkerane jobba ei veke med hytta vår, og me har hatt ein tur nordover for å forveta oss, og for å støypa bandjern i pillarblokkene på det som skal bli terrassen. Mellomsøs med familie var også på plass, og då dei kom ned på si hytte, kom følgande tekstmelding til meg: "Dokke har fått basseng. Ta med nal...". Det var m.a.o. litt vått...



Her er eit par bilde til som viser kor langt dei er komne. Sjølv om me på førehand meinte me hadde god kontroll, blei det likevel eit par utsegn av typen: "blei vindaugene på soveromma så store?" og "blei det ikkje lågare under taket i utstikket på kjøkkenet?" 


Elles er det i løpet av helga sett opp tunnellar over bringebæra på Lundaråkeren. 


Og så har verdas beste trekløver kosa seg slik dei pleier når me kjem til Tveit...

mandag 9. mai 2011

...gå!!!

I går, søndag (!), kom første lasset med materialer!





Og i dag kom "snikker Hansen" og ein lærling og heiv seg over arbeidet.

Dette bildet er teke kl halv ti i dag morges! Nå blir det verkeleg spennande å komma nordover til helga igjen!

mandag 2. mai 2011

Klar, ferdig...

Då me kom heim frå påskeferie på Tveit, låg det ein mail frå Drømmehytten og venta på meg: Dette må de passa på når de støyper grunnmuren... Arrgh! Me hadde jo allereie støypt grunnmuren! Så då blei det mailar og telefonar fram og tilbake, før me i dag kunne konkludera med at dette går nok bra. Og heldigvis for det, for i dag seier snekkeren at han er klar til å begynna om ei vekes tid! Nå blir det verkeleg spennande!

Elles er det litt rart å skriva innlegg på bloggen i dag, når eg veit at ein av dei ivrigaste lesarane ikkje er blant oss lenger. Barndomskameraten frå nabogarden skreiv også blogg, men mens min blogg handla om hyttebygging og framtidsplanar, handla hans om det å leva med uhelbredeleg kreft. Ein flott fyr, med eit humør og eit pågangsmot av dei sjeldne. Han hadde verkeleg fortent å bli meir enn 40 år...

tirsdag 19. april 2011

Påske på Tveit

Påskeveret kunne vel ikkje vore bedre. Vindstille, strålande solskin, og me ser koss det spirer og gror alle stader. 


Ein kan få lyst til å hoppa av mindre!



Morgonstemning på Oaneset, fotografert frå snuplassen mens eg venta på betongbilen i dagmorges.
Hyttefolket inntek Tveit i påsken.

Betongbilen på plass før klokka ni i dagmorges.

Den yngre garde følger spent med.
Ganske så nøgde!
Me slutta å bråka før klokka ti, då overtok ein hakkespett som prøvde å hakka hol i blikkplata oppå straumstokken. Spørs om dei fekk sova frampå i Lilland-hytta i dag...

lørdag 16. april 2011

På tide å pakka loffen?

Me har kjøpt oss ny bil. Baksetemafiaen fekk litt for liten plass i BMW-en, så til tross for lydbøker og finurlege avleidingsmanøver frå foreldra si side, var turane nordom Boknafjorden begynt å bli ei mare. Bilansvarleg i heimen, som er ihuga medlem av BMW ccn, fant til slutt ut at han nok måtte "tenka ut av boksen". BMW har rett og slett ikkje produsert bilar som treff oss når det gjeld både behov og lommebok på ein gong.

Så etter eit par veker der gubben høglytt psyka seg opp, for han til Oslo med fly ein morgon, og kom heim igjen seint på kvelden med det han definerer som ein loff. Renault espace, ein franskmann, altså. Franskbrød, pariserloff, baguette... Gutane meiner han liknar på eit romskip, mens underteikna tek seg i å nynna "ein bussjåfør, ein bussjåfør" når eg sit bak rattet. Ein sjuseter er det - eller ein Sju(r)set(h)er, som far min så sinnrikt kom på...






Så i morgon pakkar me loffen før me dreg i 6-årsdag til niesa i Sandnes, og så reiser me direkte derifrå til Tveit på påsketur. Så får me håpa på rolegare tider i ferjekøen, mens me smått om senn venner oss til å kjøra rundt i ein loff...

søndag 3. april 2011

Ta-daaaa!!!

Då er me komne heim etter ei helg på Tveit. Babyen har fått mat og rein bleie, vaskemaskinen går og gutane har fått kveldsmat og vore i dusjen. Me er akkurat så hektiske og skitne som me skal vera etter ei god jobbehelg.

Sidan sist hadde Geir Flatnes vore og gjort nokre justeringar på vegen fram til tomta, fiksa litt der me skal ha terrasse, og grove ned tilførselsledningar for straum og vatn. Me var litt spente på koss det ville sjå ut, og må sei oss riktig nøgde med resultatet.

Arbeidet denne helga har gått ut på å fullføra stablinga av forskalingsblokker, slik at det er klart til betongbil i påskeveka. Det heile gjekk atskillig meir knirkefritt denne gongen, og nå må me kunna seia at me er i rute. 

Her er nokre bilde frå helga:


 Dette bildet er teke frå det nordaustre hjørnet, med soveavdelinga nærmast i bildet.


 Her har me det nordvestre hjørnet med kjøkkenkroken nærmast.


 Her blir terrassen. Bildet er teke frå sørvest.


Her er bildet teke frå terrassen, med kjøkkenkrok og stove nærmast. I spissen skal me ha svære golv-til-tak-vindauge i stova. Der skal me sitja og ha kontroll over Kvitanesvikjå...


Den yngre garde har denne helga kosa seg med slengtau som blei montert i ei furu. Elles dreiv dei ei stund og skulle grava eit hol til Kina, var det snakk om. Dessutan er det kome froskeegg i "Lilland-dammen", og dermed var ingen støvlar tørre...