lørdag 6. august 2011

Vannkoppar og vaniljesaus

Då dreg det seg til mot haust. På kalenderen har me bikka august, og me har sett, og ikkje minst høyrt, fleire plogar med grågås på veg mot varmare strok. Det er ei fascinerande skvaldring frå desse fuglane, og ein kan jo begynna å fabulera over kva dei eigentleg snakkar om der oppe i plogen sin. Diskuterer dei reiseruta? Er det sladder som blir utveksla? Driv gjess med baksnakking?

På Tveit er dei fastbuande midt i verste bringebærhausten, og tek seg knapt nok tid til å eta. Til tider har det vore vår oppgåve å kalla dei inn til lunsj og middag, hvis ikkje veit eg ikkje om dei hadde teke til seg næring i det heile... Bortsett frå bringebær og vaniljesaus, då... Uansett om dei har stått og plukka bær heile dagen; når kvelden kjem, er det på tide med bringebær med vaniljesaus. Eg lurar verkeleg på kor mange liter med vaniljesaus det går med på ein sesong...



Me for vår del har halde fram med beising og spikring. Ingenting nytt der, altså. Status nå, er at Pål er så ferdig med å spikra shingel som han kan bli før pipa er på plass (manglar litt over mønet), me har fått opp så mykje kledning som me kan før me får nærare rettleiing frå Drømmehytten (manglar trekanten over skyvedøra på kortveggen mot vest), og Pål har fått lista rundt dei fleste vindauga. Me endte opp med samme fargen på listene som på resten av hytta. Fant ut at det gav rolegast inntrykk. Har i alt kjøpt fem ti-literspann med beis, og er i gong med det fjerde av dei. Sånn, då har me det skriftleg til ein annan gong også.




Noko av det siste me gjorde, var å kjøra eit lass med søppel til Årabrot. Framleis ein del igjen, men atskillig bedre enn det var. Det blir nok fleire lass den vegen...




Veret har vore litt opp og ned, dessutan fekk babyen vannkoppar denne veka, så effektiviteten har vel vore sånn passe. Dessutan har me pusla litt rundt nede ved sjøen med båt- og bryggeprosjektet vårt. Eldstemann er blitt biten av fiskebasillen, og ønskjer seg nå garn, line og slukar til bursdagen i september, mellomsten elskar å rota rundt i fjæresteinane på jakt etter små og store dyr, og begge har arva faren sin sans for fart og spenning...



tirsdag 26. juli 2011

Kva skriv ein nå?

Det er blitt meir eller mindre ein vane å prøva å klekka ut gode og passe underfundige overskrifter til bloggen mens me jobbar med hytta. Slik var det denne veka og, og eg hadde faktisk fleire å velja mellom denne gongen. Men så kom 22. juli, og dermed datt alt saman. Kven kan vera morosam og underfundig etter noko slikt?

Kjapt oppsummert har veka bestått av beising og spikring av kledning for min del, og spikring av kledning og shingel for Pål sin del. Me er nesten i mål med begge deler. Deretter blir det vel til med listing, hjørnebord og vannbord og kva det nå heiter alt saman. Eg har gått og fundert på om desse skulle hatt ein annan farge enn den grå me har på kledningen, men er førebels ikkje blitt heilt einig med meg sjølv (ja, eg skriv "eg", for gemalen slår stort sett ut med armane og seier "vett 'kje eg!" når det gjeld slike ting som fargeval). Vil jo at hytta skal gå mest muleg i eitt med terrenget, så den voldsomme kontrastfargen er ikkje ønskjeleg. Kjekt dersom nokon har gode råd i så måte.



Eldstemann har debutert som sesongarbeidar hos bestefar. Bringebærplukking i to heile dagar resulterte i ordentleg lønningskonvolutt. Stor stas! Stas var det også å komma opp frå sjøen og ha fått ein lyr og ein makrell på stanga. Lyren var i følge fiskaren kjempegod, men makrellen fekk mora ha i fred...

Elles har har Pål og mannen til søstera mi hatt eit lite bryggeprosjekt gåande. Ei "eingongsbrygge" har Pål kalla det. I det ligg at ho nok ikkje står til evig tid, men er forhåpentlegvis brukande til det blir tid til å gjera ting meir skikkeleg. Og jammen er det kjekt å komma seg på sjøen innimellom spikring og beising!

Denne veka var det slutt på Pål sin pappapermisjon, men sidan han blei møtt med "Å? Kjem du nå?" då han møtte på jobb måndag, og sidan han etter nærare teljing hadde ganske så mange feriedagar til gode, tek han like godt ei ferieveke neste veke igjen. Men så dreg det seg til mot skulestart og tilvenning hos dagmamma, så deretter blir det nok berre helgejobbing på hytta ei god stund framover.

søndag 17. juli 2011

Å dra te sjøs!

"Er du ein erfaren båtmann?"
"Nei, er du?"
"Eg gjekk i sjøspeidaren for 25 år sidan..."
"Ja, men då berre må det gå bra..."

Samtalen utspant seg mellom gemalen og kompisen då dei skulle til med sjøsetting av båten me hadde skaffa oss. Dei gliste godt begge to, og jobba som vanleg som ein god blanding av "Pompel og Pilt" og "Dei to gode naboane". Etter ein del om og men var båten på sjøen, prøvekjørt og lagt for ile i Tørresvikjå. Kjekt å kunna avreagera med ein tur på sjøen når det blir i meste laget med shingel og kledning for ein stakkars hyttebyggar...


Gutane lever sitt eige "Vi på Saltkråkan"-liv. Utstyrt med fiskestang og redningsvest traskar dei til stranda eller bryggene når foreldra skal jobba, for så å bli kommanderte opp igjen når det er på tide med mat. Eller så tek dei seg ein tur til besten og snik til seg litt bringebær. Antioksydantar må til, ser du!


Ein liten dagstur til Kinsarvik bevilga me oss også denne veka, før det var tilbake til beising og spikring...

søndag 10. juli 2011

Undervegs

Tysdag bar det avgarde med fullasta loff og båt på slep. Nå er jobbesommaren i gong på ordentleg. Til nå har me jobba ute med vekselvis beising av kledning, spikring av kledning og spikring av shingel på taket.



Me ser at det kan vera greit å begynna på eit prosjekt inne også, for veret er svært varierande. Det har vore nokre regnbyger som har gjort at me har lurt på om båten, som framleis står på parkeringsplassen, kunne komma til å synka...






Innimellom alt dette, har gutane rukke å ha omgangssjuke. Ikkje spesielt triveleg nokon gong det der, men i alle fall ikkje når ein er innlosjert i ei hytte! I går kveld måtte "ho mor" ha ein lang spasertur for seg sjølv i striregnet for å avreagera litt. Og sjå kva eg fann! Kantareller!


I dag var eldstemann fit for fight igjen, så då skynda me oss heim til Hommersåk igjen før fleire blei sjuke. Eg er såpass pessimist at eg trur at når me har fått det i hus, skal det mykje til at nokon slepp unna, og då er det absolutt best å vera heime...

søndag 3. juli 2011

Kardemommeby, takras og bryllup...

Onsdag denne veka lasta me "loffen" full av ungar, og sette kursen mot Kristiansand. Litt ferie syntest me me kunne unna oss i år også, så me såg for oss eit par dagar i dyreparken og overnatting på svigers si hytte på Evje. Vergudane var så avgjort ikkje på vår side. Det gjekk frå yr, via vanleg regn til plaskregn i løpet av onsdagen. Eg og gemalen stod under eit tre mens den yngre garde såg på show i Kardemommeby. Me var klissvåte og mismodige, og tenkte vel at "nå kan det vel ikkje bli verre?"






Då kom det telefon frå far min på Tveit: "Det har vore kraftig vind, og det ser ut til at takpappen på hytta har blåse av..."

Etter intens hjerneaktivitet kom me fram til at det ikkje var så mykje me kunne gjera akkurat der og då. Me fekk ringt til svigers og gjort om på barnevaktavtalen for helga, kom oss litt tidlegare avgarde frå Kristiansand enn planlagt på torsdag, og pakka om i ein rasande fart då me kom heim. Fredag morgon hadde me opptelling: Stige? Finkler? Kompressor? Astrid? Og dermed for me avgarde.

Etter å ha teke det heile i augesyn, ringte me til snekkeren for å få litt ekspertråd. Etter ei lita stund ringte han tilbake, og gav oss beskjed om å legga ut for ny takpapp og ta vare på kvitteringen, så skulle Drømmehytten dekka dette.




Ettersom me skulle i bryllup laurdag, og dermed berre kunne jobba fredag, fant me ut at me fekk prøva å berga stumpane så godt me kunne. Pål var oppe på taket og fekk spikra på nokre lekter, så får me håpa at det held til me kjem nordover til veka igjen. Då får me "ta det hele fra begynnelsen igjen", som historielæraren min på Skeisvang sa...

lørdag 25. juni 2011

Er så nøgde, atte!!!

Då har me kome oss sørom Boknafjorden igjen. Me tenkte det var best å skygga banen ei lita stund på Tveit nå, sidan eldste bonusbroren min skal gifta seg neste helg. Ikkje heilt gull med ein trebarnsfamilie som går i vegen når ein skal førebu slikt...
Her kjem nokre bilde frå i dag:





fredag 24. juni 2011

Midtsommar

Då var snekkerane ferdige med sin jobb. Hytta er reist og tett. Då me var nede og kikka i halv elleve-tida i kveld, hadde dei siste finishen på ytterdøra, og for få minuttar sidan kjørte dei av garde.



Me kom tysdag, og då var me svært spente på koss det såg ut. Det var jo over to veker sidan sist me var her! Dei var begynt å setja i vindauge, og heldt akkurat på med skyvedøra ut mot terrassen då me kom. Litt nedtur at eine kjøkkenvindauget var levert feil, og at me får riktig storleik levert først i august...

I går fekk me rydda saman ein god del søppel, før me hadde ein tur til Haugesund og kjøpte beis. "Ny stengrå" heiter fargen me landa på. I dag var "heile folket i arbeid" med beising. I morgon får me sjå kva me gjer. Det er litt usikre vermeldingar, så enten blir det beising og spikring av kledning, eller så blir det ein tur til Årabrot med søppel...


Sidan det var sakthansaftan i kveld, hadde me oss ein tur til prestebrygga i Førde. Jammen er det blitt ein fin plass! Det blei imidlertid ein heller kjølig affære, for det bles rett inn frå sjøen. Den beste plassen var dermed rundt bålet.