søndag 20. mai 2012

Hipp hipp hurraaa!!!

17. mai i år må vel skriva seg inn i historia som ein av dei våtaste og kaldaste nokon gong. Ungane her i huset fekk på seg ullundertøy under finstasen, før det bar ut på trappa (som er under tak...) for den obligatoriske fotoshoot'en:


 Deretter fekk gutane regnjakke over dressen, og ei noko molefonken småjente blei lempa oppi vogna med ullteppe og regntrekk før dagens store utfordring: Barnetoget. Det blei ein våt affære, men gutane såg ut til å ha det kjekt.




 Så var det ein tur bortom skulen for leiker og premiar ute (gutane) og is inne (foreldra og veslesøster), før eldstemann gjekk i "latbrandstoget" (særs lokal tradisjon på Hommersåk; ikkje be meg forklara namn eller bakgrunn...) med innebandy'en.


Deretter avslutta me feiringa, pakka i bilen og vende kursen mot Ålfjorden for ei langhelg med hyttebygging.

Kva har me fått gjort? For min eigen del kan eg svara: Ikkje det spøtt! Pål har fortsatt å jobba under overskrifta "småpottl", mens eg har jobba under overskrifta "småpottl som ikkje vil sova"...

Fredag var me på Årabrot med eit svært tilhengarlass med søppel, og i tillegg fekk eg kommandert bror min til å komma og henta ein del glavarullar som me hadde til overs. Dermed blei det litt lettare å gå, i det minste.

Laurdag var røyrleggar-onkelen min inne på befaring. Han kjem nok til å begynna på sin jobb om ikkje så lenge. Etterpå blei det ein del fundering på valet mellom fliser, vanleg panel malt med våtromsmaling, baderomspanel eller vinyl. Prosjektleiaren då me bygde huset sa: "Du kan få ka du vil, men det kosta...". Han var nok inne på noko vesentleg...

Søndag kom verkeleg godveret, og kontrasten til tidlegare nemnde 17. mai var slåande. Då hadde eldstemann venta lenge nok, så då MÅTTE me berre sjøsetta båten.




Ein mystisk pipelyd gjer dessverre at me truleg må ta båten opp igjen for å finna ut kva det der er for noko...

Innimellom dette har ungane kost seg og leika godt med søskenbarna sine. Søstera mi har ein gut på 5 år og ei jente på 2 år. Gutane hadde eit gapahuk-prosjekt gåande i skogen eine dagen, og har elles leika sjørøvarar, godt inspirerte av "pirates of the Carribean". Småjentene har vimsa rundt, klatra, hoppa, samla på småstein og vore skjønt einige om at kvil midt på dagen er for pingler...

søndag 6. mai 2012

To helger med "småpottl"

Nå har me vore på Tveit to helger på rad, og stort sett drive med det Pål på sandnesisk kallar "småpottl". Eg syns dette er eit svært dekkande ord for kva me har drive med; mange småting som tek tid, men som kanskje ikkje viser så godt igjen.
 
Inne i hytta har Pål spikra opp elektrikarlekter i taket i soveromsdelen, og sett opp stenderar mellom stova og kryploftet. Eg har sopt og rydda og prøvd etter beste evne å gjera det framkommeleg til å jobba. Dessutan har eg målt opp og teikna kjøkkeninnreidninga på golvet der ho skal vera. Nå nærmar det seg stygt at me kan involvera elektrikar og røyrleggjar.

Ute er nå vindskier og vannbord på plass på heile hytta utanom spissen mot Kvitanesvikjå. Pål har og fått ramma inn trekantvindaugene i spissen, og eg har fått beisa bittelitt. Dessutan har eg sådd blomstereng nedom hytta, så får me sjå koss det eksperimentet går... Det blei og ein del rydding ute, så nå står 15 søppelsekker klare til ein tur på søppelplassen neste gong me reiser nordover igjen.

Denne helga fekk me god hjelp med barnepass, og det merktest godt. Utruleg kor mykje meir effektivt det går når to kan jobba i lag samanhengande. Her er nokre bilde frå desse to helgene:








søndag 8. april 2012

Påsken 2012 - trøste og bære!

Me bestilte siste leveransen frå Drømmehytten i løpet av påskeveka. Litt overraska blei me då me fekk vita at dei ville komma med lastebil allereie palmelaurdag (er det noko som heiter det?). Me hadde nemleg bestemt oss for å venta med å reisa til verste køen hadde lagt seg, dvs laurdag morgon, så litt travelt fekk me det.

På turen nordover prøvde me å finna ut korleis me skulle organisera det heile. Ikkje så heilt enkelt når ein er usikker på kor stort eit lass er, kva det inneheld og kva som skal jobbast med først og sist. Me virra rundt og flytta på ting etter beste evne, og då lastebilen kom, spurte Pål sjåføren om kor mykje det var denne gongen. Sju tonn, fekk han til svar... Me bar og bar: Ferdigmalte MDF-plater til alle veggene i hytta, kryssfinerplater og gipsplater, ferdigmalt listverk til heile hytta, panel til taket i heile hytta og alle dei innvendige dørene.




Etter to dagar med bæring og ein dag med flytting på det me hadde bore, konstaterte gemalen at han kunne melda seg inn i gorillaklubben, "for dei som kan klø seg sjølv på leggen utan å bøya seg". Eg veit ikkje kva klubb eg sjølv kunne melda meg inn i, men eg kjende eg hadde jobba, ja!

Så følgde to dagar då gemalen hadde henting av bildeler på programmet. Grunnen til dette var ein stjernesmell eg klarte å forårsaka for nokre veker sidan, men det snakkar me ikkje så høgt om... Eg og ungane blei i alle fall igjen på Tveit, og hadde to dagar med nydeleg ver. Eine dagen hadde me utflukt opp til Tveitefjedlet saman med søster, svoger og tanteungar, med påfølgande risengrynsgraut då me kom att. Andre dagen laga me bål og rydda litt rundt hytta, i tillegg til å sludra med slekt som kom tytande ut frå diverse hytter i nærleiken. Ingen tvil om at påsken markerer oppstart av hyttesesongen.




Skjærtorsdag var det eit skikkeleg guffent ver, så då pakka me badetøy og drog til Aksdal for å lauga oss, før me drog vidare på besøk i Haugesund. Langfredag, påskeaftan og 1. påskedag fekk me oss nokre gode arbeidsøkter, noko som gjer at me nå kan proklamera at glava er me fint ferdige med!


I tillegg er Pål godt i gong med vindskier og vannbord og kva det nå heiter alt saman.

Ho mor måtte opp i stigen ho også, trass i høgdeskrekk. Det skal seiast: Å stå i ein stige høgt til vers og skulla slå i ein spiker med venstrehanda - vel, det blir venstrehandsarbeid! Ikkje ofte eg føler meg SÅ klønete!




søndag 26. februar 2012

Vinterferie

Endeleg ei heil veke samanhengande på Tveit! Me vaksne hadde sjølvsagt hyttejobbing som førsteprioritet, men det er klart at med ungar i bagasjen så må ein finna på litt andre ting også. Me har jo som mål at dei skal trivast med å reisa på hytta, og då kan me ikkje drepa all entusiasme allereie i byggeprosessen. Etter litt grubling på korleis me skulle løysa dette, slo lærargenet hos ho mor ut i full blomst. Gutane fekk følgjande oppgåve: "Lag ei liste over ti ting som du har lyst til å gjera i ferien!" Oppgåva blei teken svært alvorleg, og etter ei lita stund hadde me ei variert smørbrødliste over trivelege gjeremål. Forslaga varierte frå "spela på DS", "spisa snop" og "sjå på tv" til "laga bål", "gå på museum" og "fiska". Etter endt veke kunne me konstatera at me hadde gjort ni av Halvard sine forslag og sju av Torstein sine forslag. Gutane var strålande nøgde med veka, og er allereie blitt førebudde på at ei tilsvarande liste skal utarbeidast for påskeferien.

Dagane fekk sin eigen rytme: Etter frukost jobba Pål åleine i hytta, mens eg var igjen oppe i huset. Når det var tid for at minstesnupps skulle sova, trilla eg henne ned til hytta. Den turen var vanlegvis nok til at ho sovna, og så kunne eg ta meg ei jobbeøkt på eit par timar også. Når Astrid vakna, var det eit signal om at arbeidsdagen var over, og at det var på tide å finna på andre ting. Pål har stort sett halde på med stenderverk til skillevegger inne, mens eg har vore "Dronninga av Glava". Gutane fekk i oppdrag å laga bål utanfor hytta dei dagane det var ver til det. Dette var både nyttig og koseleg; me blei kvitt ein masse avkapp som låg og slang rundt i hytta, og me har grilla både pølser og pinnebrød i løpet av veka.

Veret har variert frå snøstorm via regnbyger til blikkstille opphaldsver. Noko for ein kvar smak, med andre ord... Her er nokre bilde frå veka:

 Tre gode venner: Astrid, Tassen og bestefar.

 Fyrbøtarar i aksjon!

 Pølselunsj er ikkje dumt!



 Nå begynner me å sjå korleis romma blir. Her er gangen. Redningsvestane ligg i det som skal bli bod.

 Kjøkkenkroken.

 Det minkar styggeleg på glavaen som skal i ytterveggene.

 Litt verre med den som skal i taket...

 Torstein har vagla seg...

 Trekløveret vårt i sving på trampolinen.



 Sånt ser det ut ute.

 Pål monterer klossar til å spikra vannborda fast i.



Har kjent litt stikking i bihulene denne veka. Er det desse rakkarane som er skuld i det tru? Store rakler på hasselen i alle fall!

Spirer på hyllen også. Det vårast!

mandag 6. februar 2012

Meir glava

Me visste det var ei god stund sidan sist me var nordover, men det blei poengtert ytterlegare ved funnet av julepresangar (!) som stod og venta på oss då me kom i helga... Januar og februar er fæle med at det alltid er nokon som er sjuke. Denne helga klarte me likevel å snika oss unna.
Dei fastbuande på Tveit var barnevaktar i Stavanger. Antakeleg møttest me midt i Boknafjorden fredag kveld, og me klarte akkurat å unngå kvarandre søndag kveld også. Tassen var derimot heime, og var ivrig velkomstkomite'.
Nede i hytta gjekk det i glava og skillevegger. Søndag blei det etterkvart så ille vêr, at me ikkje våga å jobba så lenge som me hadde tenkt, av frykt for å snøa inne. Pål måtte hiva seg i traktoren og brøyta ned til Erve, for det hadde laga seg skikkelege snøfenner på vegen. Så var det berre å lø ungar og bagasje i bilen og komma seg heimover. Neste gong blir vinterferien om 14 dagar. Då får me jobba fleire dagar i strekk, og det skal bli godt. Her er nokre bilde frå helga:

Utsikt frå hytta. Ikkje mykje Ålfjord å sjå...


Det viser igjen. Rundt dette vindauget kjem etterkvart kjøkkeninnreidninga.


Pål har begynt å dela av romma i soveromsdelen.


Enda eit soverom...


...og enda eitt.




mandag 21. november 2011

Ei helg i isolasjon

Me inntok nabohytta denne helga. Fordelen med å bu der når me jobbar, er at me får jobba meir samanhengande. Ulempa er at me dreg på eit heilt flyttelass når me kjem. Og så har me den snodige tradisjonen at kvar gong me innlosjerer oss i hytta, er det ein eller annan som spyr. Denne helga var ikkje noko unntak. Minstejenta hadde dårleg appetitt fredag kveld, og når ho har det, då er det verkeleg noko! Laurdag morgon vakna me av eit vræl, og konstaterte nok ein gong at fortset me på denne måten, er vaskemaskin heilt aldeles påkrevd i vår eiga hytte... Babycallen, som me i eit anfall av vill og gal optimisme hadde pakka med oss i håp om å få jobba på kveldstid, blei for det meste ståande ubrukt.

Men trass i småtroll med magasjau, syns me faktisk at me fekk gjort litt denne helga. Både eg og Pål kjenner på støle musklar etter mykje bæring.

Fredag, mens "lille trille" låg i vogna si og sov, kom eit lass med glava. Lastebilen rygga seg bort til tomta, og så begynte to karar å lempa ut glavarullar så dei berre trilla nedover. Eg tenkte: "Gud bedre, nå ber det rett til sjøs med heile isolasjonen!", men heldigvis stoppa dei før dei kom så langt. "Ha ei fin helg!" hauka glava-karane (iført tresko, sjølvsagt - må ein gå i tresko for å vera lastebilsjåfør?), og vekk var dei. Igjen i striregnet stod Torstein, Pål og eg, og ei uhorveleg mengd med glava som måtte bergast innomhus i ein rasande fart. Me bar og bar...

Etterpå dumpa me dei to eldste avleggarane hos han bestefar, mens foreldra og minstejenta tok ein tur til Haugesund etter eit tilhengarlass med golvsponplater til loftet på hytta. Fant ut at det var like greit å få dei på plass, så har me noko å gå på når me skal få glava inn i tak og vegger. Dette bar me inn i hytta på laurdagen, innimellom turane til bestefar sin vaskemaskin...



Pål har skore til og montert golvsvillene til dei innvendige skilleveggane...


...denne makalause "maniken" driv med luftavfukting ...



 ...og desse "romfararane" kasta seg over glavaen med dødsforakt!

Den siste berejobben var då me kom heim søndag, for då hadde me med oss eit hengarlass med ved. Nå kan minusgradene berre komma, me er klare til fyring!



onsdag 9. november 2011

Lekkasje!

Eg har fått kommentarar frå fleire hald på at det har vore stille på bloggen vel lenge. Det er det berre ein grunn til: Me har ikkje vore på Tveit på aldri den tid. Det har vore bursdagar opp og i mente, og me har hatt ei fin haustferieveke på Rhodos saman med "svigers og svogers", som svigerinna mi så treffande kallar det. Men nå var me endeleg klare. Endeleg kom me oss avgarde til Tveit igjen, og endeleg kunne me konstatera at det siste vindauget var på plass og hadde riktig storleik. Pål heiv seg over listverk i ein rasande fart.



Så var det det der beslaget som skulle vera over vindauget, då. Kor i all verda var det blitt av? Det skulle vera omlag 2 m langt, og det skulle vera ein 4-5 stykker av dei. Vill leiting både ute og inne. Me fant det ikkje nokon stad. Det me derimot fant, var ein lekkasje ved dei store vindauga i spissen mot Kvitanesvikjå. I all verda! Kor kjem dette vatnet frå?



Vill leiting nok ein gong. Panikken begynte å bre seg. Kor stor skade er skjedd? Pål gjekk opp i stigen ute og tømte vatn frå ei halvannan liters brusflaske, mens eg stod i stigen inne og såg om eg kunne finna ut kor det kom inn.



Her var det. Eit lite hol i enden på det eine trekantvindauget.




Her er det sett utanfrå. Puh, det er i alle fall ikkje me sjølve som har gjort noko gale. Dette er snekkeren sitt arbeid, så nå får han enda meir å komma tilbake og ordna opp i. Kor mykje som er skadd og må fiksast på veit me framleis ikkje, men me har fått tetta holet mellombels, og så har Pål hatt kontakt med Drømmehytten som som vanleg er løysingsorienterte. Til tross for surring med storleik på vindauge, ser det ut til at me har funne rett hytteprodusent!







"Eh, du Pål? Det er nokon på veg opp stigen eg står i! Eg kjem meg ikkje ned!"

Det blei ikkje gjort så forferdeleg mykje denne gongen. Mykje av tida gjekk vekk til leiting og grubling. Det merkest også at Astrid er blitt større, for ho har slett ikkje tenkt å sova meir enn høgst nødvendig når det foregår så mykje spennande rundt henne. Stigeklatring er ny hobby - ikkje så rart når ein tenker på kven som er brørne hennar, kanskje... Men neste gong, då er det isolasjon som står på planen, og då satsar me på ei skikkeleg jobbehelg med overnatting på nabohytta og babycallen med for kveldsjobbing. Me får sjå, me får sjå...