mandag 1. april 2013

Drømmepåske!


"Det var jo terrasse me skulle ha jobba med nå!" utbraut gemalen den eine dagen då me stod vagla i kvar vår gardintrapp inne. Eg var vel ikkje heilt ueinig... Fantastisk påskever! Absolutt altfor fint ver til å jobba inne!

På den andre sida - me vil jo bli ferdige med denne hytta ein gong, og då er det nå greit om det går litt på fram og. 

 Pål har nå plata ferdig veggane i stova, og dermed hadde me store mengder med kapp å transportera til Årabrot. Godt å få det vekk, berre så synd at me gløymde det som stod i eine soverommet...

Eg har pussa og beisa dragarane i stova.

 Slik ser det ut nå.

Panel i taket og kryssfiner på veggane i boda. Ikkje heilt ferdige her.

Glava i veggane på badet. Dei har reklamert for billig baderomspanel, så denne veka må me prøva å få lånt ein tilhengar og komma oss ut på handel.
Plater på veggane og ferdigmontert sentralstøvsugar på kryploftet.

Den lokale klatremusa i sving. Faren er etter uttrykket å dømma noko skeptisk...

Me måtte skaffa ei "dissa" til minstejenta. Ein ting er å gå på besøk til folk som har "dissa" på terrassen, ein heilt annan ting er å flytta inn der... (Jada, haugesundarar, eg veit det heiter "føysa". Det er berre dei sørom fjorden som ikkje har forstått det heilt...)
Ein tur opp på Tveitefjedlet høyrer med når det er påske. Minsten trava trøstig i veg og viste fine takter. Ingen tvil om ho er klar for fleire turar i skog og mark!

Nokon har uendelege mengder energi, ser det ut til...

Lønn for strev. Sjekk den utsikta!



Vår nest eldste håpefulle reiste til fjells med Beste-Unn, og hadde ei veke med "skileirskule" på hytta hennar. Det kom daglege rapportar frå fjellheimen om turar, snøholer og hopptrening (!), og ein gut som hadde det heilt topp. Han hadde litt av kvart å fortelja då dei kom heim påskeaftan.

Kos i solveggen utanfor hytta 1. påskedag. Unn og pappa kom ned med nysteikte lappar til oss. Me rigga oss til med ein provisorisk benk av to forskalingsblokker, ein stige og ei golvsponplate.



søndag 3. mars 2013

Tak(k) skal du ha!

Endeleg!
Me er ferdige med å spikra panel i tak!
Stovetaket er ferdigstilt - "berre" listing igjen.



Resultatet er me ganske nøgde med. Me veit om eit par "heilagdagar" som nok berre me ser, men har blitt einige om at den dagen me sit på hytta og kikkar opp i taket - då er det på tide med eit nytt prosjekt!

I tillegg til listing, gjenstår også å beisa dragarane i same fargen som takpanelen: "kalkhvit" frå Tyrilin. Dragarane har nokre misfargingar som eg ønskjer å bli kvitt før eg hiv meg over beisinga igjen. Denne gongen prøvde eg å vaska dei, utan at det gav noko nemneverdig resultat, så eg må nok til med pussemaskin, tenkjer eg.



Etter stovetaket heiv me oss over veggane på gangen. Dermed var det på 'an igjen med glava, plast og veggplater.

 Hmm...

Det gjekk rasande fort, så før me forlot åstaden i dag, var også det prosjektet ferdig.






Mens me jobba i hytta, blei dei tre musketerane sysselsett av beste-Unn både i går og i dag. I går jobba dei med ved, og i dag hadde dei eit lavvo-prosjekt gåande borti skogen. Eldstemann hadde i tillegg med seg oppskriftpermen frå mat&helse på skulen, og inntok kjøkkenet saman med beste-Unn. Dei varta opp med brownies i går kveld, og potetsuppe i dag. Stor stas og mykje skryt!

søndag 17. februar 2013

Vinterferie light

Då det var rådslaging i heimen om kva tid gemalen sine ferieveker skulle leggast dette året, kom me fram til at vinterferie blei nedprioritert. Ikkje desto mindre har me nå hatt to helger etter kvarandre med jobbing på Tveit, kor den siste helga blei av det ovale slaget. Pål tok fredagen fri, og dermed kom me oss avgarde torsdag ettermiddag.

Første helga dreiv Pål med noko stenderverk på kryploftet over gang/bod, i tillegg til at me sette opp panel i taket på gangen. Panel er fort gjort når ein berre har 90 graders hjørne å ta omsyn til...



Nå andre helga har me jobba med taket i stova. Ny runde med plast, lekter og skråskjering av panel. Dessutan tok me oss ein tur til Årabrot med søppel, i tillegg til at mykje kapp hamna på bålet utanfor hytta.

 Lettvint lunsj...


 Ketsjup-fjes...

Utruleg kor god plass me fekk, berre med litt rydding og kosting! Me kom ikkje heilt i hamn med panelen slik me hadde tenkt, men er ikkje så veldig langt unna, heller.



 Når me jobbar, har me Pål sin gamle radio som bakgrunnsstøy. Ungane utforska kassettspelaren, og jammen låg det ein kassett inni! Det viste seg å vera ein opptakskassett med filmmusikken til Rocky 4. Så lenge har den stått ubrukt!

søndag 20. januar 2013

Brrr...

Første arbeidshelga på hytta dette året - definitivt ikkje den siste...



Gnistrande vinterver - klart, og godt med minusgrader, både ute og inni hytta. Første gongen eg har jobba inni hytta med dress og selbuvottar på...

 (Fotograf Astrid, 2 år og 4 månader...)


Eit gammalt munnhell seier at god reidskap er halve arbeidet. Eit anna seier at god planleggjing er halve arbeidet. Dersom ein då brukar god gammal Erasmus Montanus - logikk, skulle det tilseia at med god reidskap og god planleggjing, treng ein ikkje gjera noko som helst...

Me begynner å bli ganske godt utrusta når det gjeld reidskap. Dessverre har me litt å gå på når det gjeld planleggjing før me kan setja oss på rumpa og gjera ingenting. Denne helga er eit godt døme i så måte. Me hadde handla materialer til kubbing mellom stenderverk der kjøkkeninnreidinga skal plasserast, og var klare til innsats. Dei tre musketterane var godt i gang med skogsarbeid i lag med bestene på Tveit, så alt låg til rette for samanhengande og effektiv jobbing. Etter ein time konstaterte me at me var tomme for skruar...



Biltema to the rescue. Minstesnupps var med på Haugesundstur og fekk seg ein god dupp i bilen, mens dei to eldste var med beste-Unn på isen. Det blei etterpå rapportert om at beste-Unn blei grisetakla av eldstemann, som har vore innom innebandyklubben på Hommersåk og lært seg eitt og anna, men alle såg gudskjelov like heile ut då dei kom tilbake!

Litt fekk me nå gjort denne helga, sjølv om planleggjinga kunne vore bedre. Me fekk kubba i og plata veggene i kjøkkenkroken. Det blir lysare og trivelegare for kvar veggplate som kjem opp, syns eg. Så fekk me teke ein god ryddesjau, slik at røyrleggjaronkelen min skal sleppa å snoffla i altfor mykje når han kjem til veka.





Nå går diskusjonen i heimen om kor på kalenderen Pål skal leggja dei tilmålte ferievekene dette året. Vinterferie eller ikkje vinterferie, det er det eksistensielle spørsmålet...

søndag 30. desember 2012

Romjul

Måne over Ålfjorden

Etter ei heidundrande julefeiring, reiste me nordover 2. juledag. Oppe på Tveit var det folksamt, så me lånte hytta til søstera mi. Veret var mildt sagt varierande, frå 7-8 varmegrader og ned i eit par minus, litt snø, litt regn og litt opplett, frå vindstille til skikkeleg blåsbortdag. 

I hytta putlar me på så godt me kan. Det første me gjorde var å gjera oss ferdige med paneling av den delen av taket som me var begynt på.




Så var spørsmålet: Skal me fortsetja på resten av taket, eller skal me begynna med veggplatene? Me ressonnerte oss fram til at sidan golvet under det nemnde taket såg sånn ut:
...så kunne det kanskje vera greit å begynna på veggene, slik at me fekk brukt opp ein del av det som ligg i vegen. Som sagt så gjort.

 Gemalen tenker djupe (?) tankar før han går til verket.


 Med gode handlangarar går det unna!


 MDF-plater i "to etasjar". Skøyten skal me skjula med ei list.


 Sånn! Det var ein vegg.


 Og så fekk me begynt litt på neste veggen, fram til der me skal ha kjøkkeninnreiding.

Ta-daaaa! 

Følg med i neste episode. Då skriv me nok 2013 også. Kanskje det blir året då me begynner å ta hytta i bruk? 

Nå har me i alle fall kome oss sørom fjorden, og er klare til nyttårsfeiring i Sandnes i morgon. 

Godt nyttår til dei som måtte snusa innom bloggen!


søndag 18. november 2012

Steptrening!


For eit par veker sidan sette me oss ned med kalenderen for å få litt oversikt og planlegga helgene framover. Me fekk litt hakaslepp då det viste seg at det ikkje var ei einaste ledig helg før jul då det gjekk an å reisa nordover og jobba. Eldsteguten begynte på handball i haust, og trivst kjempegodt med det. Litt frustrerande for oss at alle kampar blir spela i helger, men me er av oppfatninga at "er du med på laget, så stiller du på kamp". Me blei likevel ikkje særleg leie oss då me fekk beskjed om at kampane denne helga var avlyste. Me snudde oss rundt i ein rasande fart, og vips blei det jobbehelg på hytta.

BesteUnn hadde planar for dei tre røvarane våre, og dermed fekk mamma og pappa jobba samanhengande begge to både i går og i dag. Kan tru me fekk gjort mykje!

Me er stort sett ferdige med tak og vegger i soveromsdelen, så denne helga begynte me på taket i kjøkken/stovedelen.

Her begynte me. Sånn såg det ut i går morges.


Plastic, fantastic!

Der var me oppe ved dragaren.

På med lekter...

...og så panel.

Så langt kom me i går, før me måtte ein tur til by'n etter meir lekter, stifter og dykkertar.

Her er me komne heilt opp til dragaren med panel, og er begynt med plast på andre sida.

...og så langt kom me med panel i dag. Det gjekk noko seinare når ein måtte skråskjera i eine enden...

Me er strålande nøgde med eigen innsats, og kjenner me har jobba. Det har blitt mykje klatring i stigar denne helga, så låra mine, saman med høgdeskrekken, har fått kjørt seg!

Direkte på latsida har dei ikkje ligge oppe på Tveit heller. I går sto far min på julemarknad på Bømlo, mens besteUnn hadde heile banden vår med seg og baka pepparkaker og ikkje mindre enn tre kransekaker! I dag var eldstemann med bestefar og pressa eplejuice, mens dei to andre var ein tur nede ved bryggene i lag med besteUnn. Og så har me kome til dekka bord til alle måltider. Eit hotell me ikkje vil anbefala til nokon, for me vil ha det heilt for oss sjølve... ;-)

Nå tippar eg neste høvet til ein tur nordover blir i romjula. Då ventar enda meir panel som må skråskjerast...






søndag 14. oktober 2012

Haustferie; London og hytte og sånt

I april hadde me 10-års bryllupsdag. Sjølve dagen blei "feira" med at me tok ein "bedre middag" på McDonalds på Kvadrat med heile familien på slep. Me var nemleg på veg til nok ei helg med hyttebygging.

I haustferien fekk me derimot feria oss sjølve sånn på "forektigt", som haugesundarane seier. Ungane blei frakta til Arsvågen der bestefar og besteUnn kom og henta dei, og så sette me kursen mot flyplassen på Sola, og var klare for langhelg i London, berre me to. Me har kosa oss glugg i hjel. Visakorta har fått kjørt seg, me har ete godt, ledd oss fillete, og til og med vore litt kulturelle. Her kjem nokre stikkord:

Overnatting:
Holiday Inn, Regent's Park. Sentralt, heilt greit hotell. Då me kom fekk me vita at me hadde blitt oppgraderte til executive room. Me resonnerte oss fram til at skilnaden var at me fekk badekåpe og tøfler...

Restaurantar:
Maze grill: Gordon Ramsey sin biffrestaurant. Her kom dei inn med forskjellige biffar og presenterte dei før me bestilte. Heilt klart stor fagkunnskap hos kelneren, men me merka dei hadde mest lyst til å selga den aller dyraste biffen som kom frå Australia. Elles merka me oss eit stort oppbod av kelnarar som hadde sine spesialområde: Ei gjekk rundt og skjenka vin og vatn (veldig ivrig i tenesta...), ein annan hadde ansvar for telys (!). Nydeleg mat, flott service og lokale akkurat passe uformelt til at me følte me kunne slappa av.
Chettinad: Ranka som beste indiske restaurant i Trip Adviser. Skulle ikkje forundra meg. Det me åt (som eg ikkje huskar namnet på) var i alle fall nydeleg. Indisk mangois til dessert - må prøvast!
Gaucho: Argentinsk restaurant, og då kjem det vel ikkje som noko bombe at det blei biff igjen... Igjen blei me presentert maten før han blei tillaga. Nydeleg mat her også, men Maze var nok hakket bedre.
Wahaka: Mexicansk restaurant. Her hadde me lunsj eine dagen, og fekk ein sånn "litt av alt"-tallerken. Knallgodt, og så sat me faktisk ute i sola og åt! Artig gimmick at rekninga kom med ei handfull chilifrø inni eit kort (som me gløymde att på hotellrommet då me skulle reisa...)
Jamies italian:Tydeleg ein populær kjede. Her hadde me lunsj den dagen me reiste heim. God mat. Me merkar oss at det er veldig "in" å servera maten enten på ein planke eller ei skjerefjøl i staden for vanlege tallerkenar. Ein ide til julemiddagen, kanskje? Så kan ein fyra med serviset i staden for å vaska det etterpå...

Shopping:
I tillegg til Oxford street, hadde me oss ein tur til eit svært kjøpesenter ved Sheppards Bush som heiter Westfield. Me tenkte først at her har dei ingenting som passar vår lommebok, men oppdaga etterkvart at me hadde begynt i den dyraste enden. Absolutt ein stad å ta turen, men det er kanskje lurt å vera litt tidleg på dagen. Då me var på veg ut av senteret i 2-tida på dagen, velta det med folk som skulle inn.
Har ein ungar i heimen, kjem ein vel ikkje utanom Hamley's. Eg blei litt matt av alle som skulle demonstrera diverse leiker. Då eg stod i kø for å betala, kom det trillande ei klinkekule. Deretter kom det hoppande ei entusiastisk ung dame som utbraut: "Oh, I've lost a marble!" Ho som stod før meg i køen snudde seg mot meg og kom med stjernekommentaren: "I think I've lost me marbles already..."

Underhaldning:
Stand-up-show med Michael McIntyre i O2-dome. Dette var vel det som gjorde at me kom oss avgarde. Denne karen har me sett på tv i ulike samanhengar, og har ledd like mykje av han kvar gong. Han hadde betraktningar om litt av kvart, og snakkar eit svært tydeleg og forståeleg engelsk slik at ein nordmann faktisk heng med i svingane. O2-dome er svær, og me sat høgt til vers. Har ein sterk høgdeskrekk bør ein vurdera nøye plassering dersom ein har tenkt seg på noko her!
Elles var me og såg komedien 39 steps. Fire skodespelarar i  over 100 roller, nesten ingen kulisser eller rekvisitter (men ein utruleg kreativ bruk av dei få som var...), og ein lydmann på høggir, gjorde dette til litt av ei oppleving. For dei som har lyst til å le godt og lenge (eg ler ennå...), er dette absolutt å anbefala. Glimrande alternativ til musical, men ein må vera litt stø i engelsk for å få med seg alle poenga.

Kjekt å sjå:
Søndagen var det godver, så då tok me turen til Kew gardens. Me var nok litt utanom sesongen, sjølv om drivhusa med planter frå heile verda nok går an å sjå året rundt. Treetop Walkway var ein artig sak. Ein enten gjekk trapper eller tok heisen opp til ein gangsti som gjekk bokstaveleg talt rundt tretoppane. Tysdag regna det, så då gjekk turen til National Gallery og National Portrait Gallery. På National Gallery rusla me oss gjennom kunsthistoria, og akkurat då eg syntest det verkeleg begynte å bli interessant, datt Pål heilt av lasset. På National Portrait Gallery var det ein museumspedagog som var så flink å formidla til ein skuleklasse som var der, at eg gladeleg skulle følgd henne på heile runden ho tok dei med på, hadde det ikkje vore for såre føtter og til dels streikande rygg.

Transport:
I tillegg til tube og buss, er transportetappa frå O2-dome og over Themsen verd å nemna. Emirates Airlines har finansiert ein taubane over Themsen. Ganske romantisk å sjå London by night frå lufta.

Elles er det aldri feil å reisa saman med ein dreven ferieplanleggjar. Alt er tima og tilrettelagt, og eg diltar etter og prøver å halda meg oppdatert på sånn nokonlunde kor eg er til ei kvar tid. I tillegg til billettane til Michael McIntyre og 39 steps, var og fleire av restaurantbesøka bestilte på førehand.


Me kom heim seint tysdag kveld, og onsdag morgon var det berre å pakka om før me kom oss nordover til Tveit. Ungane var glade for å sjå mamma og pappa igjen. Minstejenta har proklamert "MIN mamma!" med jamne mellomrom resten av haustferien, og vore utruleg klengete på meg.

I hytta er me nå ferdige med tak og vegger på alle soverom og gangen i soveromsdelen. Nå står den verkelege jobben, stova med kjøkkenkroken, for tur.

Publiserer dette innlegget utan bilde nå, så får eg legga inn bilde når serverproblema i heimen er løyste...