mandag 9. juni 2014

Pinsti på terrassen

Fredag var me oppe og fekk låna tilhengaren til papen då me kom. Etter legging av "lille Trille" var det rett ut og fylla han med søppel. Her skulle det vera effektivitet, ikkje noko slinger i valsen!

Laurdag morgon var det avgårde-Kåre til Haugesund og Årabrot. Vekk med søppel, så kjøpa terrassebord. Me blei litt flate i fjeset då me kom til stengd miljøstasjon, me som hadde lese oss opp på åpningstider og alt. Det viste seg at me ikkje hadde lese langt nok, for lenger nede på nettsidene sto det om unntaka: påskeaftan, pinseaftan og julaftan. Det var lita trøyst i at me slett ikkje var dei einaste. Då var det vel berre å gjera vendereis, då.

Etter litt refleksjon i framsetet, akkompagnert av Folk og røvere i Kardemommeby frå baksetet, fant me ut at me skulle sjekka SIM sine åpningstider på Stord. Dei hadde berre påskeaftan og julaftan som unntak, og dermed fekk søppelet vårt seg reine sightseeinga før det enda dagane sine på Heiane på Stord. På Heiane fekk me kjøpt terrassebord også, så glade var me. Me kom tilbake akkurat tidsnok til avsluttinga av dugnaden i Kvitanesvikjå...

 Då var det berre til å begynna...

Sommarkjole, solbriller og arbeidshanskar. Godt utstyr er halve arbeidet...

Her går det unna!

Eldstemann fant ut at å kombinera styrketrening med høve til å tena seg nokre kroner var gode greier. Han var vel den som bar brorparten av terrasseborda ned til hytta. 
 
Ein stk utsliten storebror...

...men nye oppgåver ventar...

 Måndag morgon.

 Det begynner å likna noko!

 Riktignok mykje skruearbeid igjen - mange av borda er berre lagde utover.

Kven vil vel vera inne i dette fine veret?
 
Halvard med husdyret...

Hytte bada i sommarsol.

Fantastisk pinsehelg: Nydeleg ver, ungar som leikar kjekt, litt "raddl" med slekta og hyttenaboane, og arbeid som viser igjen. Kan ikkje få det betre!



søndag 1. juni 2014

Terrasseprosjekt

Om de trur at me nå begynner å få stålkontroll på å planlegga hytteturar, må de nok revurdera dei tankane ein smule. Spesielt når hytteturane kjem så tett at me ikkje rekk å pakka skikkeleg ut frå den eine før me er i gong med den andre, då går ting litt på ein snei. Me reiste onsdag, men først måtte me pakka, så måtte me innom ein plass og eta middag, så måtte me handla badehåndkle sidan me hadde gløymt det heime, så måtte me innom ei byggsjappe og kjøpa papprøyr, og til slutt måtte me handla mat for helga. Det blei seint på kveld før me kom fram, men det er kanskje ikkje nødvendig å seia?

På parkeringsplassen møtte me på eit lass med singel. Dermed var det berre å starta der me slapp sist helg etter frukosten torsdag. Beste-Unn tok med seg eldste-og yngstemann på "Trodlamarsjen" opp til Trodlavassnipen nord i Sveio kommune. Mellomsten bestemte seg for å vera i området rundt hytta og leika med søskenbarnet sitt. Dermed var det godt med arbeidsro for foreldra. Far min syns tydelegvis at det er så kjekt å kjøra traktor (eller kanskje han tvilte litt på våre evner i den retninga...???), at han blei med oss heile dagen.

 Dette synet får meg til å føla meg heime: Traktor med far min og Tassen inni.

Drensrøyr på plass

Måling og sikting: -Det e kje så nøye, barra det e akkurat, seier far min...

Grei arbeidsfordeling: Pål held røyren i vater, far min spar og Tassen går i vegen...

Fredag lesste me tilhengaren full av byggeavfall og kjørte til Årabrot med det. Deretter kjørte me til Byggmax og fyllte hengaren med 2x8 og 2x6, og bagasjerommet med sementsekker. Dermed var det duka for nok eit kapittel i serien "trøyste og bere". Me har komne litt ut av teljinga på nummeret i rekkja, men me konkluderte vel med at verken joggetur eller styrketreningsøkt var naudsynt den dagen (sjølv om Pål, med Nordsjørittet pustande i nakken, hadde seg ein kveldstur på sykkel saman med svoger Geir).





Laurdag, etter enda meir bering, begynte blandemaskinen å gå. Pål støypte fast bjelkesko i røyra, mens eg hadde gjengen vår med meg til Kvitanesvikjå. Litt arbeidsfordeling må ein ha, ikkje sant?

Sjå der, ja! Fint på rad og rekke.

Då gjenstår det å sjå om ho mor kjem ajour med klesvasken før neste helg. Planen då er nok eit lass med søppel til Årabrot, for så å komma tilbake med 475 meter med terrassebord. Trøyste og bere!






søndag 25. mai 2014

Blir så flott, atte!

Kva gjer ein når ein har noko ein skulle ha grave, og ein har ein bror med tilgang til minigravar? Då inviterer me sjølvsagt bror med familie med på hyttetur. Dermed blei svogers med oss på hytta denne helga, og mens kvinner og barn inntok Kvitanesvikjå i herleg sommarvêr, begynte brørne Berg å grava...


Dei grov og grov, og snart såg sørvestsida av tomta slik ut:


Gravarane var tydeleg nøgde med jobben sin, og i løpet av laurdagskvelden var dei fleire gonger borti vindauget, kikka ut, og kom med kommentarar som: "Blir så flott, atte!" mens dei gliste rått. Kva som var vitsen med all gravinga kan me jo ta ein liten gjettekonkurranse på. Kanskje det blir litt klarare i løpet av neste helg?


Kvinner og barn tok seg stort sett av borddekking og oppvask, i tillegg til studier av lokalt dyreliv i Kvitanesvikjå. Store mengder småkrabbar sørga for at den yngre garde var godt sjølvgåande. Svigerinna mi sa det temmeleg treffande: "Ein blir sinnsjukt lat av å gjera ingenting!"


mandag 21. april 2014

Forsmak på sommaren

Påska markerer starten på ein ny sesong for oss som har hytte ved sjøen. Nå skal det seiast at for akkurat vår familie varer hyttesesongen heile året, men heile vinterhalvåret er me mest åleine på Kvitanes. Når påska så kjem, er plutseleg gardinene trekte frå i alle hytter, og det tyt folk ut av alle dører - tjukke slekta heile gjengen. Kaffi skal drikkast, skrøner skal forteljast, og ungane får det plutseleg svært så travelt med kameratar og venninner i ulike nabohytter. Dei er som regel heimom og får i seg noko mat innimellom før det ber av garde igjen, og så har me som mål å få lagt ungane i rett seng i rett hytte kvar kveld...

Og der var me plutseleg innpå temaet som har gått igjen i det siste: Senger. Nå har endeleg alle fått seg ordentlege heimesnekra senger. Då me kom denne gongen, heiv Pål seg over snekring av Halvard si seng. På dette rommet var det betre plass, så der blei det reine familiesenga: Dobbeltseng nede, og enkeltseng i overkøya. Astrid si seng blei beisa og lakkert, mens Halvard si seng førebels berre har fått beis på seg, sidan me gløymde å kjøpa meir lakk. Verdas beste seng, gliser Halvard.


 Astrid si seng, ferdig beisa og lakkert, og med sengehest både oppe og nede...

 Halvard si seng.


Då sengemakeriet var over, flytta Pål sagene ut, og dermed blei det råd å få rydda, sopa, støvsuga og gjera det litt meir heimekoseleg i hytta.

Nysopt stovegolv - reine ballsalen (men det manglar ein sofa og to...)!


Ute blei det snekra tram, slik at me kunne kvitta oss med dei to pallane me til nå har balansert på på veg inn og ut av hytta. I tillegg snekra Pål gangveg frå trammen og bort til der hovudterrassen kjem. Det begynner å bli framkommeleg ute også.

 På trammen blei det felt ned ei rist som me fant på Biltema. Min idé, noko murrande utført av gemalen...


 ...men når jobben var gjort, var han einig i at det var ein god idé og ser ganske tøft ut...


Inne hadde eg ein fæl sorteringsjobb av ulike verktøy, skruar, spiker og andre duppedittar. Kva skulle lagrast og kva skulle hivast - og kva var det nå alt me hadde lagra inne på boden? Heldigvis blei det ikkje teke bilde av den seansen, for det var til tider eit deprimerande syn...

Båten blei henta på Mosterøy. Det å stå til vinterlagring i ei løe er ikkje berre berre. Det resulterte dette året i eit knust glas i vindskjermen. Båten står framleis på hengaren sin, den. Sjøsetting får me ta seinare når det som skal reparerast er reparert. Eg trur me etterkvart har fått tak i dei rette skruane, men så var det visst eit bor som knakk...

Langfredag fekk me besøk av farmor og Per. Dei hadde med seg vaffeljern som presang, og farmor hadde i tillegg med seg ferdig vaffelrøre. Svært praktisk, syns me.

 Torstein, farmor og eit vaffeljern. Går ikkje an å få det betre...

Fint vêr hadde dei med seg også.

Og finvêret varte, og det å gjera noko innomhus blei plutseleg mindre interessant. Me måtte ut. Den vesle båten som gutane skal ha å krusa rundt i, blei dulla litt med.


Bunnstoff må til. Full konsentrasjon...

Første påskedag blei feira i Kvitanesvikjå. Full rulle med folk som hadde ulike prosjekt på gong.

Klypping og rydding av brakabuskar...


Fisking...
...og sløving...

I dag er det andre påskedag. Finvêret er spådd å vara ei veke til, så det var med tungt hjerte me vende nasen heimover til klesvask og førebuing av ny veke. Me har fått ein fin forsmak på sommaren på Tveit og Kvitanes, og me gler oss til det me har i vente!



søndag 6. april 2014

Ny helg - ny seng

Familien Fred og Harmoni sette seg i bilen og vendte nasen nordover. Minsten hadde tydelegvis øvd på songar til påskegudsteneste i barnehagen, for ho skrålte av full hals: "Halle-halle-halleluja! Det bobb-bobb-bobb-bobb-bobler inni meg!"

Då me passerte Vatnekrossen syntest visst mellombror det fekk halda, og kom med ei oppfordring til veslesøster om å slutta å synga. Ho på si side repliserte: "Nei!" og fortsette: "Halle-halle-halleluja..."

Etter ein tur innom Kvadrat for påfyll av energi og ny bok til storebror, gjekk ferda vidare, akkompagnert av veslesøster sine glade hallelujarop. Nærmare Tjensvollskrysset begynte det visst å bobb-bobb-bobb-bobb-bobla i storebror også: "Kan du tia stille?" "Nei!" kom det frå veslesnupps. "Halle-halle-halleluja!"

Vel er eg pedagog. Eg har til og med musikk som fag. Men når det bobb-bobb-bobb-bobb-boblar ustanseleg frå baksetet i nærare to timar, då kjenner også eg at det kan bli i meste laget. Det var ikkje fritt for at temperaturen i hovuda til familien Fred og Harmoni steig til nærare kokepunktet på denne turen, og det på grunn av ein i overkant festleg søndagsskulesong...

Gemalen stilte noko redusert rett frå jobbreise på Austlandet. Han hadde teke med seg nokre basillusker, så han gjekk for halv maskin, og var slett ikkje så effektiv som han sjølv hadde ønska. Likevel blei det produsert nok ei køyeseng denne helga, denne gongen inne hos veslesøster.


Eg fekk lakka storebror si seng. Torstein er fiskaren i familien, så det er kanskje ikkje så rart at han valde eit maritimt preg på rommet sitt. Han har fått puter frå IKEA, forma som fenderar, makrell og tauverk. Makrellputene har allereie blitt sjekka ut, og dei KAN brukast som slagvåpen i putekrig...


Det blei ei relativt amputert helg, sidan det også venta bursdagsfeiring på Tasta i dag. Vel inne i bilen var me snare til å setja på lydbok etter lydbok på vegen sørover. Det er grenser for kor mykje "halleluja" ein kan makta på ei helg...

søndag 23. mars 2014

Plassbygd seng

Denne helga la byggestøvet seg på nytt over store deler av hytta. Me fant nemleg ut at det var på tide å få skikkelege senger på ungane sine rom også, og for å utnytta plassen ville me bygga dei sjølve. Inspirasjon til dette henta me mellom anna frå denne flotte hyttesida:  http://www.samdal.com/hytte_ferdig.htm

Molefonken storebror er lei av å sova på feltseng.

Så då durte me i veg. Minstesnupps blei med Beste-Unn til Moster på kunstutstilling, og dermed fekk me høve til å jobba samanhengande begge to også. 

Fram med laseren - her skal det bli beint!


Måle måle...

Konsentrasjon...
Arbeidsteikningar må til...

Der var nedste køya på plass...

Svært mykje blidare storebror ser fram til å invia senga si!
Rakk ein tur til Raglamyr etter forsyningar også før me tok kvelden laurdag. Desverre var det bomtur både på Clas Ohlson der me skulle ha fleire skinner til spottane i taket, og på Biltema der me skulle ha fleire plater til sengebygging. Beis og pyntelister fekk me derimot tak i. Søndag trødde Beste-Unn til som barnevakt igjen, så då var det pussing, montering av pyntelister og beising på programmet.

Søndag: Mammå i sving med pensel og svamp...

Tyrilin interiørbeis. Farge: "Skigard"

Ta-daaa!

Då manglar berre stige og sengehest til overkøya, i tillegg til eit par lag med lakk, så er første senga ferdig. Reknar med at me sparar litt tid til å tenka og klø oss i hovudet på dei to andre romma, for nå har me jo gjort det ein gong. Storebror sitt rom har 90 cm brei underkøye og 75 cm brei overkøye. Det same blir det nok på minstesnupps sitt rom, mens mellomsten nok får dobbelseng nede (framleis noko usikkert akkurat kor brei) og 75 cm brei overkøye. Her skal det bli plass til gjester også!

Elles er me i gong med "terrassemysing". Ser for oss at hovudterrassen blir påskeprosjektet i år, og då kan det lønna seg å ha ein plan...






søndag 2. mars 2014

Todelt vinterferie

Dei i familien som har tilknytting til skule hadde vinterferie denne veka. Det førte til at me hadde to helger på hytta, den siste litt lenger enn den første. Sidan sist hadde Haugaland Kraft vore og kobla oss til straumnettet på ordentleg. Dermed var det å samla inn skøyteleidningar noko av det første eg heiv meg over. Så herleg å sleppa å snofla i leidningar på kryss og tvers!

Kvar gong me reiser er det alltid eit spørsmål om kva me skal prioritera, for prosjekt er det alltid nok av. Eg ytra eit ønske om å få kjøkkenkroken heilt ferdig, slik at alt verktøy kunne ryddast vekk derifrå og me kunne få ein funksjonell plass til å laga mat. Eg fekk det som eg ville.

Når det gjeld kjøkkenet har me nå hatt den første og førebels einaste "nei, forresten"-ideen i heile hytteprosessen. Me fekk for oss at me ville ha vifteskapet like stort som dei andre veggskapa, så det blei bytta ut. Etter dette har Pål saga hol i vegger og kobla vifta til ventil, montert pyntelister oppe og nede på veggskapa, kobla til oppvaskmaskin og montert front på denne (o lykke!), montert dekksider hist og pist, montert veggplate mellom benkeplata og veggskapa, og elles hengt opp hylle og lamper her og der. Me passa på å få teke nokre presentable bilde av kjøkkenet før byggestøvet på nytt la seg.

  Kjøkkenet er frå IKEA og heiter "Bodbyn". Lampene over kjøkkenvasken heiter "Foto" og er frå same stad.

 Veggplata mellom benkeplate og veggskap er frå Alloc. Mønsteret heiter "Betong".


På veggen til venstre for vindauget heng hylla "Stenstorp" frå IKEA.

Eg har jobba mykje innan renovasjon denne gongen: brunne bål og fått vekk mykje embalasje og kapp, og hatt ein ekspedisjon til Sveiåsen med søppelsekker. Kjekt å konstatera at me faktisk har eit golv...

Me har eksperimentert litt med belysning. Kjøpte eit par "starter kits" til eit skinnesystem for spottar frå Clas Ohlson. Det virkar greitt, så nå har me montert to skinner på eine takbjelken, og laga handleliste over kor mykje meir me skal ha.

 Spottar i taket.

Summa sumarum: Herleg med kjøkken som fungerer. Me har testa ut både koketopp, steikeomn og oppvaskmaskin. Godt med stort og romsleg spisebord å sitja rundt. Nå gledar me oss til å kunna innta ein komfortabel sofa også, men har vel kome fram til at me bør vera ferdig med innandørs saging før noko slikt kjem på plass.

Av andre ting som skjer på Tveit kan eg nemna at vegen er i ferd med å bli asfaltert frå hovudvegen på Erve og opp til snuplassen nedom garden til far min. Eg syns det ser veldig bra ut, men er svært spent på korleis Ervesbrekka/Olabakken blir på glatta om vinteren.


Nyasfaltert snuplass og veg.

(Digresjon: Eg syns det er svært hyggeleg at grandonkelen min, Ola, har fått ein bakke oppkalla etter seg. Han var ein original på mange måtar, blei nesten 100 år, og budde åleine i huset sitt nedom Ervesbrekkå/Olabakken. Framleis ventar eg instinktivt å sjå han rusla rundt huset sitt når eg kjører forbi, sjølv om det er ni år sidan han døydde. Nokre menneske skal liksom berre vera der, slik dei alltid har vore. Me har alltid kalla bakken for Ervesbrekkå, men eg høyrer mange av dei andre hyttefolka seier Olabakken, og det gjer meg litt varm om hjartet...)