Me har ikkje vore på Tveit sidan sist, men me har nå fått vore på Ålgård og gjort ein del avtalar med dei som produserer Drømmehytten. Det var eit raskt og effektivt møte, og i dagane etter tikka det inn mailar med teikningar og prisar. Ventar ennå på tilbud frå snekker. Me vil ha nokon som kan reisa hytta for oss og få henne tett, slik at me etterpå kan jobba i vårt eige tempo (som er høgst variabelt...) utan å bekymra oss om noko har blese vekk eller ramla ned for kvar gong me reiser nordover.
Det neste me må gjera, er å bestilla forskalingsblokker til fundamentet, slik at det er klart til å begynna med dette så snart snøen er vekke. 2011 blir eit spennande år!
torsdag 30. desember 2010
søndag 12. desember 2010
Bursdagsbesøk på Tveit
Forrige helg hadde me oss ein tur til Tveit igjen. Far min hadde 65-årsdag, og det blei feira med besøk av alle etterkommarane hans. Me nytta høvet til å ta oss ein tur ned på tomta og kikka. Måleband og fotoapparat er faste remedier når me går ned og ser, og så burde me hatt med notisblokk og hytteteikningane også, fant me ut etterkvart... Sidan sist har det kome singel der hytta skal stå, så neste steg i prosessen er å mura stripefundament. Det er med andre ord berre oss sjølv og vinterveret det kjem an på ei lita stund framover...
Her har Pål teke bilde frå nedsida av tomta der renseanlegget nå ligg. Det er blitt reine akebakken ned frå hytta, og me lurar på om me kanskje skulle sådd i blomsterengfrø her, eller om det berre skal få ligga åpent slik at naturen ordnar opp sjølv. Hmmm... Tenke, tenke...
Her er sjølve hyttegrunnen. Det blir to striper med forskalingsblokker på det øvste plattået, og ei på det nedste (ikkje omvendt, som eg kom i skade for å skriva på det forrige innlegget).
Så gjekk me og funderte litt på korleis me skal leggja stien det siste stykket ned til hytta. Antakeleg kjem me til å svinga oss rundt furua til venstre i bildet (om nå den kjem til stå der, då... Tvilsomt...). I hytta i bakgrunnen held Lilland-gjengen til.
Hobbyfotograf Berg lot seg fascinera av rimen som hadde lagt seg på strå og blad.
Må jo herja litt med han onkel!!!
Kose seg pågår!
Nå håpar me på eit møte med hytteprodusenten "Drømmehytten" på Ålgård før jul, slik at me får gjort dei siste avtalane.
Etiketter:
avsporingar,
djupe tankar,
overblikk
fredag 19. november 2010
Dagstur til Tveit
Nå har det skjedd ganske mykje på tomta vår utan at me har vore til stades. Kombinasjonen av å vera kontrollfrik og livredd for å gå glipp av noko, har gjort at eg har gått rundt og hatt eit behov for ein tur til Tveit dei siste vekene. Men så er det nå slik at det er vanskeleg å vera på to stader samstundes, så neste gong me kjem oss nordover heile familien blir i desember.
Neste helg skal me ha barnedåp i heimen, og eg hadde teke mål av meg til å laga kransekake sjølv. Det viste seg imidlertid at det å få tak i rette delene til kjøttkverna på Kenwooden blei litt vel avansert. Det var då pappen føreslo at eg skulle komma nordover ein tur, og så kunne me baka i lag.
I går slo eg to fluer i ein smekk, og tok Astrid med meg på ein dagstur til Tveit. Det tek omlag to og ein halv time å kjøra ein veg. Starta frå Hommersåk kl 08.50 og var på Tveit kl 11.15. Me starta med ein tur ned til tomta.
Så var det inn på kjøkkenet. "Me begynne alltid med å setta på kaffi", sa pappen. Og han bør vita kva han snakkar om, han som er utdanna bakar... Så kjørte me ferdigkjøpt kransekakedeig gjennom kjøttkverna og i former. Odense sin deig var i følge bakaren bannlyst, men han hadde fått tak i nokre godsaker som visstnok ikkje heimelaga deig kunne måla seg med. Så kom toppen på kransekaka, og då blei det meir frihandsarbeid. Blyant, linjal og bakepapir kom fram. "Det e kje så nøye, barra det e akkurat," presiserte bakaren. Akkurat, ja... Ein triveleg dag med pappen og ei smørblid babyjente blei avslutta med hjortekarbonader til middag, før eg og Astrid gjorde vendereis over Boknafjorden igjen. Denne gongen med eit kransekakebyggesett i bagasjen. Så får me sjå då, om me får til monteringa dagen før dåpen. Kyndig rettleiing har me i alle fall fått.
Neste helg skal me ha barnedåp i heimen, og eg hadde teke mål av meg til å laga kransekake sjølv. Det viste seg imidlertid at det å få tak i rette delene til kjøttkverna på Kenwooden blei litt vel avansert. Det var då pappen føreslo at eg skulle komma nordover ein tur, og så kunne me baka i lag.
I går slo eg to fluer i ein smekk, og tok Astrid med meg på ein dagstur til Tveit. Det tek omlag to og ein halv time å kjøra ein veg. Starta frå Hommersåk kl 08.50 og var på Tveit kl 11.15. Me starta med ein tur ned til tomta.
Sånn såg vegen ut i går.
Og sånn såg det ut der hytta skal stå. Me skal ha stripefundament, tre striper med betongblokker. To striper på det nederste nivået og ei på det øverste.
Her er eit bilde frå motsett side. Det er plannert og laga ein fin "akebakke" på nedsida av hytta der renseanlegget ligg nedgravd. Pappen og hundane var med på inspeksjonsrunden.
På veg oppover igjen.
Her får ein eit lite inntrykk av utsikta frå hytta. Me vil venda rett ned mot Kvitanesvikjå, for dei som er lokalkjende. Eg fekk og slått av ein prat med han som jobba på tomta, og fekk inntrykk av at alt var under kontroll.
Astrid og Bestefar, snart klare for baking...
mandag 8. november 2010
...og i hagen står en gravemaskin...
Endeleg er me i gong! Nå blir det ekstra spennande kvar gong me reiser til Tveit. Koss ser det ut nå, tru? Geir Flatnes begynte på onsdag med graving på tomta vår, og i helga måtte me nordover for å inspisera. Det er blitt laga veg frå parkeringsplassen og bort til tomta, det er gravd grøft til renseanlegget, og septikktanken er komen på plass. Me var nede på tomta på laurdag i krystallklart haustver og tok nokre bilder.
Her skal det ligga røyr der avrenninga frå septikktanken skal gå.
Ho mor står og speidar og tenker så det knakar...
Her skal hytta stå!
Så hadde me oss ein tur opp til han bestefar. Han hadde vore og henta store mengder med Aroma-epler, og var i gong med pressing av eplejuice
Den yngre garde i sving med den kjekkaste aktiviteten denne helga: Bli heist opp og ned på frontlastaren på traktoren hans bestefar! Verdas flottaste utsikt i bakgrunnen.
Nede på hyttetomta igjen, med penn og notisblokk. Kven må me snakka med om kva? Det blir ei stund til neste gong me kjem oss nordover, så mykje må ordnast pr. mail og telefon. Her er eit oversiktsbilde av tomta.
lørdag 30. oktober 2010
Halloviiiin!!!
"Jeg hadde prinsipper helt til jeg fikk barn selv" uttalte Anne Lindmo på nytt på nytt i går. Omtrent der er det eg er også i forhold til halloween...
I forfjor rømte me til skogs. Me reiste rett og slett til Tveit og skremte snopet av han bestefar...
I fjor blei me tekne på senga av storebror (som ikkje likar å kle seg ut ein gong, men hei, kva gjer ein ikkje for litt godteri...) som hadde gjort avtalar utan at me hadde fått det med oss (hæ, var det denne helga?), og som slett ikkje ville ha med seg veslebror på runden. Ein litt betutta superhelt satt igjen heime, heilt til ei søt lita heks med tilhald litt lenger oppi gata kom og forbarma seg over han.
I år hadde me eigentleg planar om å gjenta suksessen frå i forfjor, men så viste det seg at bestefar og beste-Unn er litt opptekne denne helga, og i tillegg blei veslebror invitert i bursdag. Eg førslo den alternative "hallo venn"-feiringa i Riskahallen, men det blei raskt nedstemt.
"Ka ska dokke kle dokke ut som, da?" spurte eg.
"Spiderman", kom det frå veslebror.
"Maen med ljåen" forkynte storebror.
Eg var rask med å legga ned veto mot det siste. Ein plass må grensa gå, trass alt.
"Vett du ka maen med ljåen e?" spurte eg.
"Ja, det e ein mann med ein ljå", repliserte storebror.
Eg valde å ikkje gå inn på vidare forklaringar. Faren foreslo at storebror heller kunne vera "mannen med negleklipparen" (kor tek han det frå?), men hausta liten respons frå fotfolket, berre litt halvkvalt fnising frå kona.
Så nå driv eg altså og leitar fram kostymer til gutane, mens eg undrar meg over kor prinsippa mine blei av. Ein ting er i alle fall sikkert; spindelvev gremmes eg over å finna på dei mest utrulege plassar heile resten av året, så å kjøpa spindelvev for å dekorera huset denne dagen er uaktuelt, for svingende!!!

lørdag 9. oktober 2010
Me har vore litt opptekne...
September gjekk stort sett med til venting. Denne gongen hadde ikkje ventinga direkte samanheng med hytteprosjektet, men med eit anna prosjekt som me er særs nøgde med. Her er Astrid, veslejenta vår. Født 27.september, ein dag etter termin. 50 cm og 3806 g, så har me fått med dei vitale måla og.
Den som ventar på noko så godt, brukar heile energien sin på det. Å venta, altså. Stakkars storebror Torstein måtte utsetja bursdagen sin (eigentleg den 23. september) på ubestemt tid. Men nå har me nå fått feira den og, både saman med slekta heime...
...og på bowling saman med klassekameratane...
Også hytteprosjektet har måtta venta. Men nå til veka skal eg i det minste ta ein telefonrunde og purra på byggestraum og graving.
fredag 27. august 2010
Ingen byggeprosjekt utan...
Som nemnd i eit tidlegare innlegg er det om ein liten månad 9 år sidan me flytta inn i flett nytt hus. Grunnen til at eg veit det så nøyaktig, er at me den gongen hadde to prosjekt gåande samstundes, og begge prosjekta blei ferdigstilt same helga. Kort fortalt: Vatnet gjekk fredag kveld, me kjørte flyttelass heile laurdagen, og så kom Torstein til verda søndagen...
9 år etter gjentek me det heile, men denne gongen blir det nok ikkje like synkront. Attpåklatten kjem nok før me får begynt på sjølve hyttebygginga, men terminen er nøyaktig den same som for 9 år sidan...
Digresjon: Eg trur ikkje me bygde noko då me venta Halvard...???

Abonner på:
Innlegg (Atom)