tirsdag 19. april 2011

Påske på Tveit

Påskeveret kunne vel ikkje vore bedre. Vindstille, strålande solskin, og me ser koss det spirer og gror alle stader. 


Ein kan få lyst til å hoppa av mindre!



Morgonstemning på Oaneset, fotografert frå snuplassen mens eg venta på betongbilen i dagmorges.
Hyttefolket inntek Tveit i påsken.

Betongbilen på plass før klokka ni i dagmorges.

Den yngre garde følger spent med.
Ganske så nøgde!
Me slutta å bråka før klokka ti, då overtok ein hakkespett som prøvde å hakka hol i blikkplata oppå straumstokken. Spørs om dei fekk sova frampå i Lilland-hytta i dag...

lørdag 16. april 2011

På tide å pakka loffen?

Me har kjøpt oss ny bil. Baksetemafiaen fekk litt for liten plass i BMW-en, så til tross for lydbøker og finurlege avleidingsmanøver frå foreldra si side, var turane nordom Boknafjorden begynt å bli ei mare. Bilansvarleg i heimen, som er ihuga medlem av BMW ccn, fant til slutt ut at han nok måtte "tenka ut av boksen". BMW har rett og slett ikkje produsert bilar som treff oss når det gjeld både behov og lommebok på ein gong.

Så etter eit par veker der gubben høglytt psyka seg opp, for han til Oslo med fly ein morgon, og kom heim igjen seint på kvelden med det han definerer som ein loff. Renault espace, ein franskmann, altså. Franskbrød, pariserloff, baguette... Gutane meiner han liknar på eit romskip, mens underteikna tek seg i å nynna "ein bussjåfør, ein bussjåfør" når eg sit bak rattet. Ein sjuseter er det - eller ein Sju(r)set(h)er, som far min så sinnrikt kom på...






Så i morgon pakkar me loffen før me dreg i 6-årsdag til niesa i Sandnes, og så reiser me direkte derifrå til Tveit på påsketur. Så får me håpa på rolegare tider i ferjekøen, mens me smått om senn venner oss til å kjøra rundt i ein loff...

søndag 3. april 2011

Ta-daaaa!!!

Då er me komne heim etter ei helg på Tveit. Babyen har fått mat og rein bleie, vaskemaskinen går og gutane har fått kveldsmat og vore i dusjen. Me er akkurat så hektiske og skitne som me skal vera etter ei god jobbehelg.

Sidan sist hadde Geir Flatnes vore og gjort nokre justeringar på vegen fram til tomta, fiksa litt der me skal ha terrasse, og grove ned tilførselsledningar for straum og vatn. Me var litt spente på koss det ville sjå ut, og må sei oss riktig nøgde med resultatet.

Arbeidet denne helga har gått ut på å fullføra stablinga av forskalingsblokker, slik at det er klart til betongbil i påskeveka. Det heile gjekk atskillig meir knirkefritt denne gongen, og nå må me kunna seia at me er i rute. 

Her er nokre bilde frå helga:


 Dette bildet er teke frå det nordaustre hjørnet, med soveavdelinga nærmast i bildet.


 Her har me det nordvestre hjørnet med kjøkkenkroken nærmast.


 Her blir terrassen. Bildet er teke frå sørvest.


Her er bildet teke frå terrassen, med kjøkkenkrok og stove nærmast. I spissen skal me ha svære golv-til-tak-vindauge i stova. Der skal me sitja og ha kontroll over Kvitanesvikjå...


Den yngre garde har denne helga kosa seg med slengtau som blei montert i ei furu. Elles dreiv dei ei stund og skulle grava eit hol til Kina, var det snakk om. Dessutan er det kome froskeegg i "Lilland-dammen", og dermed var ingen støvlar tørre...

fredag 11. mars 2011

Plan a, b, c...

Gårsdagen blei nok ein ineffektiv dag. Det var to grunnar til dette, kor ein av dei var eigen toskaskap, og ein noko me slett ikkje rådde med. Toskaskapen var at me gløymde slangevateren ute, og dermed var den frossen og ubrukeleg. Han blei lagt inn til tining, men det tok si tid likevel. Det me ikkje kunne rå over, var eit 3-4 timar langt straumbrot (Pappen kunne fortelja at det var arbeid ved eit par transformatorar i nærleiken, så det var nok derfor...). Dermed hjelpte det lite at me disponerte to vinkelsliparar, for dei virka himla dårleg utan straum... Me surra rundt og leita etter plassar me kunne setja ei blokk og to, mens Pål mumla noko om Murphy's lov og "tingenes iboende faenskap". Typisk nok kom straumen igjen då me hadde rydda saman og kome opp i huset for å dusja...

Dagen i dag har vore straks bedre, i alle fall for Pål sin del. Han har vel vore det ein kan kalla "ein støvande kar", for i dag har vinkelsliparen verkeleg fått kjørt seg!


Me prøvde oss på å jobba parallelt med kvar vår stripe. For min del blei det alt anna enn effektivt. Dels var dette fordi at teknikk og muskelkraft var "noget tilbage at ønske" på underteikna, dels p.g.a. at det var heller sparsomt med singel som underlag, og dels p.g.a. mange avbrot av typen: "Mammaaaa!!?" Det er nok berre å innsjå at i denne fasen er eg mamma og handlangar.

Sånn såg det ut då eg forlot tomta i ettermiddag. Etterpå fekk Pål gjort nye avtalar med Geir Flatnes, så nå er me visst over på plan B som er at muring og støyping skal vera ferdig til påske. Godt me har god tid!

onsdag 9. mars 2011

"Mindre snakking - meir jobbing!"

"Du trur vel ikkje me kjem til å bruka heile veka på dette?" gemalen såg forbausa på meg.
"Klart det, det er gjort på eit par dagar, det!" konstaterte far min.

Det eg hadde spurt om, var om det verkeleg lot seg gjera å både lø forskalingsblokker til fundamentet på hytta og få støypt oppi på same veka. Nå er halve vinterferien gått, og eg konstaterer at fasiten seier: "Nei, for oss lar ikkje det seg gjera..."

Etter dagar med sikting, måling og berekningar, innkjøp, magasjau og formålslaus virring rundt oss sjølve, var me i dag endeleg klare til å begynna å "bygga med store LEGO-klossar".


Men aller først var røyrleggar-onkel Per Inge på plass og fekk plassert avløpsrøyret der det skulle vera. Og du kan jo vita at når slekta møtest, så må det jo gjensidig oppdatering til på både dette og hint, og det var då mellomsten kom med gullkornet: "Mindre snakking - meir jobbing!"




Seinare på dagen, då me var godt i gong med arbeidet, dukka det opp ein kar frå Sveio kommune. Han var ute på befaring i samband med innføring av eigedomsskatt i kommunen, og han aktualiserte verkeleg mellomsten sitt gullkorn frå tidlegare på dagen. Han var nemleg både forveten og snakkesalig. "Du verda så tatlete folk er på desse kanter!" utbraut gemalen etterpå. Eg er noko usikker på om det var rette mannen som snakka...

mandag 14. februar 2011

Kontorrotta vil ut og jobba!!!

Og eg som trudde hyttebygging skulle dreia seg om å få gjort noko praktisk...

Me er tydelegvis framleis på kontorstadiet, og jammen er det godt eg er i permisjon, for det er mailar og telefonar i aust og vest.

Me har fått eit tilbod frå ein snikker på å reisa hytta og få henne tett. Etter å ha høyrt litt rundt har me funne ut at dette er eit godt tilbod som me vil gå for. Så har me fått nokre formelle papirer å kikka på når det gjeld leveringa av byggesettet frå Drømmehytten. Var visst litt om å gjera å få dette unna slik at dei kunne bestilla vindauge og dører.

Eg har brukt ei veke i telefon og på mail for å få tak i elektrikaren. I dag fekk eg tak i han, og nå lova han at det skulle komma byggestraum i løpet av eit par dagar. Mannen med gravemaskinen skal tilbake og grava ei grøft, men slit litt i forhold til frosta. Han må i tillegg få informasjon frå elektrikaren/Haugaland Kraft. Dessutan er det vel snart på tide å kobla inn onkel røyrleggar Per Inge også.

Og så må me ikkje gløyma å bestilla forskalingsblokker og betongbil!

Eg ser for meg at den vinterferieveka blir travel...

fredag 21. januar 2011

Etter den søte kløe...

Rekningar. Me har begynt å få rekningar. Førebels har me heva augebryna og sagt: "Åh, ikkje verre?" til rekningane frå dei som faktisk har gjort noko, og det er jo bra. Måtte det berre fortsetja sånn.

Men i tillegg har me betalt 10.548 kr i tinglysingsgebyr og dokumentavgift til Statens kartverk, 9505 kr i behandlingsgebyr til Sveio kommune og 3100 kr i gebyr for utsleppssaker til Sveio kommune. Det er litt surare pengar å betala, sidan det stort sett dreier seg om papirflytting. I dag fekk me dessutan varsel i posten om at Sveio kommune innfører eigedomsskatt. Juhu!

Elles ønsker eg meg ein typisk mild, snøfri sørvestlandsvinter, det som er igjen av han, slik at vinterferien kan brukast til muring av fundament til hytta. Me hadde eigentleg tenkt oss ein tur nordover denne helga, men nå ligg eldstemann med feber og stygg hoste, så då får me heller halda oss heime og pussa opp guterom til mellomsten i staden. Me prøver igjen om 14 dagar, då får eldstemann i tillegg med seg ei innebandyturnering i Norheimshallen på søndagen.

Ja, og så må eg ikkje gløyma å skriva at det var triveleg å sjå at slekta les bloggen min, Jan!