søndag 26. februar 2012

Vinterferie

Endeleg ei heil veke samanhengande på Tveit! Me vaksne hadde sjølvsagt hyttejobbing som førsteprioritet, men det er klart at med ungar i bagasjen så må ein finna på litt andre ting også. Me har jo som mål at dei skal trivast med å reisa på hytta, og då kan me ikkje drepa all entusiasme allereie i byggeprosessen. Etter litt grubling på korleis me skulle løysa dette, slo lærargenet hos ho mor ut i full blomst. Gutane fekk følgjande oppgåve: "Lag ei liste over ti ting som du har lyst til å gjera i ferien!" Oppgåva blei teken svært alvorleg, og etter ei lita stund hadde me ei variert smørbrødliste over trivelege gjeremål. Forslaga varierte frå "spela på DS", "spisa snop" og "sjå på tv" til "laga bål", "gå på museum" og "fiska". Etter endt veke kunne me konstatera at me hadde gjort ni av Halvard sine forslag og sju av Torstein sine forslag. Gutane var strålande nøgde med veka, og er allereie blitt førebudde på at ei tilsvarande liste skal utarbeidast for påskeferien.

Dagane fekk sin eigen rytme: Etter frukost jobba Pål åleine i hytta, mens eg var igjen oppe i huset. Når det var tid for at minstesnupps skulle sova, trilla eg henne ned til hytta. Den turen var vanlegvis nok til at ho sovna, og så kunne eg ta meg ei jobbeøkt på eit par timar også. Når Astrid vakna, var det eit signal om at arbeidsdagen var over, og at det var på tide å finna på andre ting. Pål har stort sett halde på med stenderverk til skillevegger inne, mens eg har vore "Dronninga av Glava". Gutane fekk i oppdrag å laga bål utanfor hytta dei dagane det var ver til det. Dette var både nyttig og koseleg; me blei kvitt ein masse avkapp som låg og slang rundt i hytta, og me har grilla både pølser og pinnebrød i løpet av veka.

Veret har variert frå snøstorm via regnbyger til blikkstille opphaldsver. Noko for ein kvar smak, med andre ord... Her er nokre bilde frå veka:

 Tre gode venner: Astrid, Tassen og bestefar.

 Fyrbøtarar i aksjon!

 Pølselunsj er ikkje dumt!



 Nå begynner me å sjå korleis romma blir. Her er gangen. Redningsvestane ligg i det som skal bli bod.

 Kjøkkenkroken.

 Det minkar styggeleg på glavaen som skal i ytterveggene.

 Litt verre med den som skal i taket...

 Torstein har vagla seg...

 Trekløveret vårt i sving på trampolinen.



 Sånt ser det ut ute.

 Pål monterer klossar til å spikra vannborda fast i.



Har kjent litt stikking i bihulene denne veka. Er det desse rakkarane som er skuld i det tru? Store rakler på hasselen i alle fall!

Spirer på hyllen også. Det vårast!

mandag 6. februar 2012

Meir glava

Me visste det var ei god stund sidan sist me var nordover, men det blei poengtert ytterlegare ved funnet av julepresangar (!) som stod og venta på oss då me kom i helga... Januar og februar er fæle med at det alltid er nokon som er sjuke. Denne helga klarte me likevel å snika oss unna.
Dei fastbuande på Tveit var barnevaktar i Stavanger. Antakeleg møttest me midt i Boknafjorden fredag kveld, og me klarte akkurat å unngå kvarandre søndag kveld også. Tassen var derimot heime, og var ivrig velkomstkomite'.
Nede i hytta gjekk det i glava og skillevegger. Søndag blei det etterkvart så ille vêr, at me ikkje våga å jobba så lenge som me hadde tenkt, av frykt for å snøa inne. Pål måtte hiva seg i traktoren og brøyta ned til Erve, for det hadde laga seg skikkelege snøfenner på vegen. Så var det berre å lø ungar og bagasje i bilen og komma seg heimover. Neste gong blir vinterferien om 14 dagar. Då får me jobba fleire dagar i strekk, og det skal bli godt. Her er nokre bilde frå helga:

Utsikt frå hytta. Ikkje mykje Ålfjord å sjå...


Det viser igjen. Rundt dette vindauget kjem etterkvart kjøkkeninnreidninga.


Pål har begynt å dela av romma i soveromsdelen.


Enda eit soverom...


...og enda eitt.




mandag 21. november 2011

Ei helg i isolasjon

Me inntok nabohytta denne helga. Fordelen med å bu der når me jobbar, er at me får jobba meir samanhengande. Ulempa er at me dreg på eit heilt flyttelass når me kjem. Og så har me den snodige tradisjonen at kvar gong me innlosjerer oss i hytta, er det ein eller annan som spyr. Denne helga var ikkje noko unntak. Minstejenta hadde dårleg appetitt fredag kveld, og når ho har det, då er det verkeleg noko! Laurdag morgon vakna me av eit vræl, og konstaterte nok ein gong at fortset me på denne måten, er vaskemaskin heilt aldeles påkrevd i vår eiga hytte... Babycallen, som me i eit anfall av vill og gal optimisme hadde pakka med oss i håp om å få jobba på kveldstid, blei for det meste ståande ubrukt.

Men trass i småtroll med magasjau, syns me faktisk at me fekk gjort litt denne helga. Både eg og Pål kjenner på støle musklar etter mykje bæring.

Fredag, mens "lille trille" låg i vogna si og sov, kom eit lass med glava. Lastebilen rygga seg bort til tomta, og så begynte to karar å lempa ut glavarullar så dei berre trilla nedover. Eg tenkte: "Gud bedre, nå ber det rett til sjøs med heile isolasjonen!", men heldigvis stoppa dei før dei kom så langt. "Ha ei fin helg!" hauka glava-karane (iført tresko, sjølvsagt - må ein gå i tresko for å vera lastebilsjåfør?), og vekk var dei. Igjen i striregnet stod Torstein, Pål og eg, og ei uhorveleg mengd med glava som måtte bergast innomhus i ein rasande fart. Me bar og bar...

Etterpå dumpa me dei to eldste avleggarane hos han bestefar, mens foreldra og minstejenta tok ein tur til Haugesund etter eit tilhengarlass med golvsponplater til loftet på hytta. Fant ut at det var like greit å få dei på plass, så har me noko å gå på når me skal få glava inn i tak og vegger. Dette bar me inn i hytta på laurdagen, innimellom turane til bestefar sin vaskemaskin...



Pål har skore til og montert golvsvillene til dei innvendige skilleveggane...


...denne makalause "maniken" driv med luftavfukting ...



 ...og desse "romfararane" kasta seg over glavaen med dødsforakt!

Den siste berejobben var då me kom heim søndag, for då hadde me med oss eit hengarlass med ved. Nå kan minusgradene berre komma, me er klare til fyring!



onsdag 9. november 2011

Lekkasje!

Eg har fått kommentarar frå fleire hald på at det har vore stille på bloggen vel lenge. Det er det berre ein grunn til: Me har ikkje vore på Tveit på aldri den tid. Det har vore bursdagar opp og i mente, og me har hatt ei fin haustferieveke på Rhodos saman med "svigers og svogers", som svigerinna mi så treffande kallar det. Men nå var me endeleg klare. Endeleg kom me oss avgarde til Tveit igjen, og endeleg kunne me konstatera at det siste vindauget var på plass og hadde riktig storleik. Pål heiv seg over listverk i ein rasande fart.



Så var det det der beslaget som skulle vera over vindauget, då. Kor i all verda var det blitt av? Det skulle vera omlag 2 m langt, og det skulle vera ein 4-5 stykker av dei. Vill leiting både ute og inne. Me fant det ikkje nokon stad. Det me derimot fant, var ein lekkasje ved dei store vindauga i spissen mot Kvitanesvikjå. I all verda! Kor kjem dette vatnet frå?



Vill leiting nok ein gong. Panikken begynte å bre seg. Kor stor skade er skjedd? Pål gjekk opp i stigen ute og tømte vatn frå ei halvannan liters brusflaske, mens eg stod i stigen inne og såg om eg kunne finna ut kor det kom inn.



Her var det. Eit lite hol i enden på det eine trekantvindauget.




Her er det sett utanfrå. Puh, det er i alle fall ikkje me sjølve som har gjort noko gale. Dette er snekkeren sitt arbeid, så nå får han enda meir å komma tilbake og ordna opp i. Kor mykje som er skadd og må fiksast på veit me framleis ikkje, men me har fått tetta holet mellombels, og så har Pål hatt kontakt med Drømmehytten som som vanleg er løysingsorienterte. Til tross for surring med storleik på vindauge, ser det ut til at me har funne rett hytteprodusent!







"Eh, du Pål? Det er nokon på veg opp stigen eg står i! Eg kjem meg ikkje ned!"

Det blei ikkje gjort så forferdeleg mykje denne gongen. Mykje av tida gjekk vekk til leiting og grubling. Det merkest også at Astrid er blitt større, for ho har slett ikkje tenkt å sova meir enn høgst nødvendig når det foregår så mykje spennande rundt henne. Stigeklatring er ny hobby - ikkje så rart når ein tenker på kven som er brørne hennar, kanskje... Men neste gong, då er det isolasjon som står på planen, og då satsar me på ei skikkeleg jobbehelg med overnatting på nabohytta og babycallen med for kveldsjobbing. Me får sjå, me får sjå...


mandag 19. september 2011

Strekar på golvet

Endeleg kom me oss avgårde ei helg. Me starta inne denne gongen. Sist me var nordover fekk me rydda og sopt godt inne i hytta, så nå gjekk det faktisk an å få litt oversikt. Her er nokre bilder:

Her har eg stått heilt inntil veggen mot nordaust og teke bilde mot stovedelen. Det som er på denne sida av stolpen er soveromsavdelinga.


Og her er eitt bilde teke motsett veg. Her har eg stått med ryggen inntil skyvedøra.

Dette bildet er teke frå kjøkkenkroken mot stova.

Og så motsett veg. Like ved denne stolpen kjem pipa. Stolpen markerer også avslutninga på skillevegg mellom kjøkken og gang/kott.

Me har fått markert på golvet kor alle dei innvendige veggane skal vera...
 ...irritert oss ein smule over kjøkkenvindauget som Drømmehytten klarte å bestilla feil nok ein gong...
 ...og så har Pål fått kledd kortveggen mot sørvest heilt opp til mønet.
Dessutan er båten komen på land og høgtrykksspylt. Nå blir det ein månad til me kjem oss avgarde neste gong, og då må me ha med oss arbeidslamper!




mandag 15. august 2011

Beising i motvind

Eg beisar og beisar. Short og t-skjorte er arbeidsantrekket, for ein vil jo gjerne få litt farge når ein likevel står ute og jobbar. Greit nok, eg er særs flink til å søla sånn til vanleg når eg malar også, men når den søraustlege vinden står på der eg jobbar, gjer det slett ikkje saka bedre. Jommen sa eg farge! "Ny stengrå" i flekkar nedover leggene var kanskje ikkje akkurat det eg hadde sett for meg. Eg ser ut som om eg har fått ei eller anna mellomaldersk pest, og det etter to rundar med white spirit og ein runde med Biltema sin handrens. Denne beisen sit godt!

Ein får tenkt på ganske mange saker og ting når ein står slik med malekosten, og det er ikkje fritt for at denne helga har tankane kretsa rundt vindskjerming av uteplassen. Det som skal bli terrassen på hytta ligg godt i le for nordavinden, men eg har i løpet av året merka meg at vinden svært ofte kjem frå søraust, inn i Kvitanesvikjå, og rett opp og inn på terrassen vår. Denne helga har me fått merka dette til fulle. Då kjem ein opp i konflikta mellom vindskjerming og utsikt, og eg vil gjerne ha begge deler. Me får grubla vidare, og sjå om me finn ei god løysing.

Pål driv nå og listar rundt vindauge og dører. Utruleg kor godt det viser igjen, og kor mykje meir ferdig det ser ut. Blir så fint atte, men fotoapparatet har visst hatt ferie denne helga, så dokumentasjon manglar.

Elles har me undra/fryda oss over kor godt minstejenta søv når ho ligg i vogna si utanfor hytta. Om det bles stikker og strå eller regnar kattungar - jenta søv like godt. Ho søv aldri så godt og så lenge heime. Det fører jo til at foreldra får nokre gode arbeidsøkter på hytta om dagane, og meir kan ingen forlanga!


lørdag 6. august 2011

Vannkoppar og vaniljesaus

Då dreg det seg til mot haust. På kalenderen har me bikka august, og me har sett, og ikkje minst høyrt, fleire plogar med grågås på veg mot varmare strok. Det er ei fascinerande skvaldring frå desse fuglane, og ein kan jo begynna å fabulera over kva dei eigentleg snakkar om der oppe i plogen sin. Diskuterer dei reiseruta? Er det sladder som blir utveksla? Driv gjess med baksnakking?

På Tveit er dei fastbuande midt i verste bringebærhausten, og tek seg knapt nok tid til å eta. Til tider har det vore vår oppgåve å kalla dei inn til lunsj og middag, hvis ikkje veit eg ikkje om dei hadde teke til seg næring i det heile... Bortsett frå bringebær og vaniljesaus, då... Uansett om dei har stått og plukka bær heile dagen; når kvelden kjem, er det på tide med bringebær med vaniljesaus. Eg lurar verkeleg på kor mange liter med vaniljesaus det går med på ein sesong...



Me for vår del har halde fram med beising og spikring. Ingenting nytt der, altså. Status nå, er at Pål er så ferdig med å spikra shingel som han kan bli før pipa er på plass (manglar litt over mønet), me har fått opp så mykje kledning som me kan før me får nærare rettleiing frå Drømmehytten (manglar trekanten over skyvedøra på kortveggen mot vest), og Pål har fått lista rundt dei fleste vindauga. Me endte opp med samme fargen på listene som på resten av hytta. Fant ut at det gav rolegast inntrykk. Har i alt kjøpt fem ti-literspann med beis, og er i gong med det fjerde av dei. Sånn, då har me det skriftleg til ein annan gong også.




Noko av det siste me gjorde, var å kjøra eit lass med søppel til Årabrot. Framleis ein del igjen, men atskillig bedre enn det var. Det blir nok fleire lass den vegen...




Veret har vore litt opp og ned, dessutan fekk babyen vannkoppar denne veka, så effektiviteten har vel vore sånn passe. Dessutan har me pusla litt rundt nede ved sjøen med båt- og bryggeprosjektet vårt. Eldstemann er blitt biten av fiskebasillen, og ønskjer seg nå garn, line og slukar til bursdagen i september, mellomsten elskar å rota rundt i fjæresteinane på jakt etter små og store dyr, og begge har arva faren sin sans for fart og spenning...