søndag 26. august 2012

Tak og vegger

Første jobbehelga på hytta etter at eg begynte i ny jobb, og dermed var eg litt spent på kva tid me ville komma oss avgarde. Etter å ha jobba mange år på barnetrinnet og slutta tidleg på fredagar, er eg nå mykje på ungdomstrinnet og underviser fram til 14.00. I tillegg har eg tidlegare hatt gangavstand til jobb, mens eg nå må legga 20 minuttar kjøring inn i reknestykket. Frå før av inneheld reknestykket ein tur heimom etter Torstein, innom SFO etter Halvard, innom barnehagen etter Astrid, innom bakaren etter brød, og innom Lyse på Mariero etter Pål. Me rakk akkurat køen gjennom Tjensvollskrysset (stønn...), og var framme på Tveit akkurat så seint at eg ikkje gidda å gå ned på hytta og beisa fredag kvelden...

Laurdag, derimot, var det bånn gass. Astrid var i godlaget, så ho underheldt seg sjølv og foreldra med teikning, høgtlesing frå bok og bygging med duplo. Ho er etterkvart blitt vant til lydane frå kompressor, spikerpistol og sirkelsag, og me konstaterer at ein toåring som veks opp på ein byggeplass utviklar god motorikk...

Elles har ho vore med bestefar og kjørt traktor...

...og ete dosen sin, og vel så det, med bær av ymse slag. Hageblåbær er visst den nye favoritten.


På hytta fekk me fullført panel i tak og plater på vegger på nok eit soverom denne helga:




I tillegg er det panel i taket på dei to siste soveromma også, og klargjort for panel i gangen i soveromsdelen og på badet. Dermed veit me godt kva det er me skal i gong med neste gong...



Elles hadde tv-en hans bestefar teke kvelden denne helga, og det syns eg godt han kan gjera oftare. Eg og gutane fekk ein koseleg kortspelekveld på laurdag, heilt utan nokon form for krangling. Gutane fekk forbod mot å gå og legga seg før eg hadde vunne ein omgang (noko som tok tid...), og dei syns det stod til å slå mora ned i støvlane gong etter gong...




Eit anna prosjekt denne helga har vore han Hårek, ein liten båt som har ligge på låven hos far min og berre venta på at nokon skulle forbarma seg over han. Det var vel eigentleg bonusbrørne mine som i si tid freste rundt i Førdespollen med denne.


Ettersom me ikkje kjem oss av garde til Tveit på nokre helger nå, tok me han like godt med oss heim. Her skal han vera garasjeprosjekt for Pål og gutane, og så er målet at han med tid og stunder skal komma seg på sjøen igjen og gjera Ålfjorden utrygg i lag med Torstein og Halvard.

søndag 12. august 2012

Annie, get your gun!

Farmor og Per trødde til som barnevaktar for minstejenta, og dermed var det duka for ei real jobbehelg på hytta. Og gjett om det blei jobba! Og gjett om det viser igjen!


Her er eit bilde frå fredag kveld...


...og her er same rommet i dag, søndag.


Ta-daaaa!


  Me har eit rom!


 Panel i taket og plater på veggene!


Pål er nøgd med eigen innsats!


Det som ikkje synest på bilda, er at me også har fått på plass plast i tak og vegger oppe på loftet. Det blei faktisk så mørkt at det var mest uråd å ta bilde der oppe i det heile. Me har også fått på plass plast i taket og ytterveggene på det neste soverommet, og har kome godt i gong med panel i taket der og. Det er så kjekt når det me gjer viser så godt igjen!



 Djup konsentrasjon...



Ein køddar ikkje med damer med spikerpistol...



Artig sak: Før panelen blei sett opp, blei ein magnetisk dingseboms putta inn i takpunktet. Dermed blei det lett å finna punktet igjen...



 ...så var det fram med holsaga...



...og vips så var takpunktet framme i dagen igjen. Elegant, hæ?


Elles fekk me faktisk tid til ein tur på Sildajazz i Haugesund laurdag kveld. Var på Rådhusplassen på konsert med Bernhoft. Fantastisk oppleving, eg har hatt nokre funky rytmar på hjernen i dag! Ser på facebook at mange eg kjenner også var der - eg såg ingen av dei...

Gutane har vore mykje nede ved sjøen i finveret, i tillegg til at dei har vore med beste-Unn og henta rips og laga syltetøy, og vore med besten og banka (!) solbær. Me blei taua inn til lunsj på brygga både i går og i dag, så me fekk sett litt av sola og.






søndag 5. august 2012

Beis, plast og kortreist mat.

Ny jobbehelg på hytta, og nå føler me me er over ein bøyg når det gjeld å jobba med ting som ikkje viser.

Eg har sjølvsagt halde på med den sedvanlege beisinga mi. Me rekna ut at etter fire jobbehelger til, så kan det vera eg er ferdig med den jobben. Det føreset at eg tek eitt strok fredag kveld, eitt strok laurdag morgon, eitt strok laurdag ettermiddag og eitt strok søndag morgon.Me har plass til å leggja ut og beisa to pakkar med panel om gongen, det er seks bord med panel i kvar pakke, og all panelen skal ha to strok med beis...

Men sjølv om veslejenta har installert seg med leiker og teiknesaker...

...så kan det likevel titt og ofte sjå slik ut, så det blir jobbing på skift, og det må planleggjast kven som jobbar kva tid.

Laurdag kveld hadde me oss ei jobbeøkt etter at Astrid hadde lagt seg, og då fekk me jobba godt begge to. Nå er det plast det dreier seg om.

Fuktsperre i tak...

...og i yttervegger. Det som stoppa oss denne gongen var at me slapp opp for stifter!

 Pål har begynt å setja opp MDF-plater på det som blir hovudsoverommet.



Makalaus sag, kobla direkte til støvsugar. Eg skal ikkje påstå at det ikkje støvar med denne metoden, men det blir mykje mindre støv enn det elles ville ha blitt. Og så må det nemnast at nå er ho mor utsjekka på spikerpistol! Karsleg!

Elles har mykje av helga dreia seg om kortreist mat. Fredag kveld tok Pål eldstemann med seg ut i båten og fiska litt. Faren kom opp etter sju makrellar, men sonen hadde fått blod på tann, og blei med onkelen ut i hans båt og fekk to til. Den som stod og sløydde på fisk til seine kvelden, var eg... Så laurdag stod det foliebakt makrell på middagsmenyen. Blir ikkje skikkeleg sommar utan makrell!

Laurdag tok heile familien seg ein båttur. Det gjekk nemleg rykte om at Plassabakeriet i Vikebygd hadde sesongavslutning...

...og me kunne ikkje la det gå enda ein sommar utan å få smaka på dei vidgjetne snurringane deira! Me blei ikkje skuffa, verken av plassen eller av snurringane.

Mens me sat der og kosa oss, såg me veret som kom inn fjorden, og dermed fekk me det litt travelt med å komma oss heim igjen... Pål, som styrte båten, fekk heile byga i hovudet og blei klissvåt. Me andre slapp litt lettare frå det, ettersom me sat under hardtop'en...

I dag har me vore og henta bringebær som me fekk med oss heim. Astrid viste fine takter som bærplukkar hos "essefa" (bestefar). Bringebær har vore dessert kvar dag i helga. Søstera mi diska i tillegg opp med marengs og heimelaga vaniljesaus. Mmmm, me svelt ikkje akkurat på Tveit...







søndag 29. juli 2012

Småting som ikkje viser

Når sant skal seiast, er det litt kjedeleg å halda på med ein masse småting som tek tid, men som ikkje viser så godt igjen. Fluenetting, til dømes. Kompressoren durar og går, og eg høyrer stiftepistolen smell i eit bankande ute, men kor er det eigentleg det er blitt jobba? Så peikar Pål litt snurt på noko grønt inkjevetta oppunder takutstikket. Der! Ser du det ikkje?

Denne helga har Pål montert resten av ventilane, kledd igjen heilt opp på oppsida av hytta, lista rundt inngangsdøra, montert noko spikerslag inne, og så var det altså denne hersens fluenettingen...

For min eigen del er det jammen ikkje mykje å melda. Eg beisar og beisar. For spesielt interesserte kan eg nemna at eg nå har begynt på eit nytt spann med beis. Juhuuu!!!

Elles har det vore relativt folksamt på Tveit. Søster med familie har vore innlosjert i nabohytta, og i tillegg til oss har to bonusbrør også vore innom oppe på garden, så bonusmora mi hadde eit svare strev med madrassar og sengtøy både her og der på fredag. Tippar dei skal bli glade og letta når me kan begynna å sova i eiga hytte...

 Astrid i gong med teiknesaker på hytta.

 Inngangsdør med innramming.

Oppsida av hytta, nå også med fluenetting...

tirsdag 24. juli 2012

På'an igjen...

Etter to veker med bilferie i Europa, var det berre heimom ein liten tur for å vaska og pakka om kler, før me på ny var klare for hyttejobbing sist veke. Eine dagen hadde me elektrikar på plass, og han fekk gjort såpass mykje at det nå er plenty me kan henga fingrane i utan å måtta venta på andre. Han skal etter planen tilbake ein gong denne veka.

 Nå går det el.røyr og vassrøyr på kryss og tvers i det som skal bli veggene i hytta.

Sikringsskapet i gangen.

Pål har monter lufteventilar i ein del rom, kledd oppunder utspringet over terrassen, montert røyr til sentralstøvsugar og heva ytterdøra slik at det er plass til varmekablar og påstøyp i gangen.

 Justering av ytterdør.

 Røyropplegg til sentralstøvsugar.

Her måtte Pål slåst litt med nokre illsinte veps før han kunne kle igjen, men det blei då bra, ikkje sant?



Eg for min del har stort sett beisa, i tillegg til å vera handlangar for Pål. Haugen med ferdigbeisa takpanel veks sakte men sikkert.

Halvard fekk seg gummibåt til bursdagen sin. Pumpa som følgde med var ikkje noko å ropa hurra for, men poden visste som vanleg råd...



Astrid har tydelegvis bestemt seg for at lur midt på dagen er eit tilbakelagt stadium, så dermed har me dels jobba på skift og dels hatt barnevakt oppe på Tveit. Neste gong me reiser for å jobba, tek me med oss ei kasse med leiker til å ha inne i hytta, og så har me planar om ein liten sandhaug utanfor hytta. Minstejenta er i grunnen veldig flink til å sysselsetja seg sjølv, så me har faktisk litt tru på at me dermed skal få jobba litt meir.

Elles hadde me "vaffelbesøk" frå Sandnes på laurdag. Svigermor og vennen hennar tok seg ein dagstur for å sjå kor langt me var komne. Stor stas då ho farmor installerte seg med vaffelrøre og dobbelt vaffeljern i hytta.

mandag 25. juni 2012

Midtsommar

Note to self: Ikkje planlegg å reisa nokon stad like etter jobb siste skuledag før sommarferien, spesielt ikkje dersom du skal skifta jobb...

Fredag kom eg heim etter å ha levert frå meg nøklar og teke farvel med elevar og kolleger, og så skulle det pakkast, og det helst litt brennkvikt. Begynner heldigvis å bli ganske dreven i pakka-til-jobbehelg-faget, så det meste gjekk på autopilot, men eg kjende likevel at dette var litt i overkant...

Eit par heimehelger på rad gjorde at me faktisk var komne litt utav det. Kva var det nå me skulle gjera denne gongen igjen? Me starta laurdagen med ein tur til Haugesund. Kjøpte villetrapp til loftet og interiørbeis til panelen me skal ha i taket, i tillegg til litt småplukk på Biltema.

Tilbake på hytta blei villetrappa montert med "megen møye og stort besvær". Både eg og Pål klarte kunststykket å klemma handa i trappa under prosessen. Himla vondt, og ikkje så reint lite komisk. Kjenningsmelodien til "dei to gode naboane" (aust-europeisk dokkefilm frå "hine hårde dage") dukka plutseleg opp i hovudet mitt, uvisst kvifor...

Pål hadde hanka med seg eit par pakkar med dyttestrimmel med glava, som skulle, ja nettopp, dyttast inn i sprekkene rundt vindauga. Ein fantastisk demotiverande jobb - var me ikkje ferdige med denne glavaen då?

Fekk såvidt begynt litt på panelbeising. Det blei, om eg skal seia det sjølv, gysla fint når eg først påførte beisen med pensel, og deretter gjekk over med ein svamp.

 Dette var eitt strok. Må nok ha to...

 Villetrapp ferdig montert. Ein kan "lata upp"...

 ... "og lata att att"...

 Røyrleggjar-onkelen min har vore og gjort litt.

Eit nytt teknisk vidunder: Pål har fått seg ny sag. Kom i posten frå England og skal visst vera dualeg god til å saga mdf-plater med, noko me skal ha store mengder av...

Den store St. Hans-feiringa uteblei. Vått og kaldt var det, men me har nå fått både jordbær med fløyte på og rabarbrapai i helga, så litt sommar har me nå hatt likevel. Nå er det straks på tide med total utkobling og ferie, men etter det kjem det nok fleire rundar med "Anne Jorunn og Pål gjer ting dei ikkje kan"...

mandag 28. mai 2012

Pinsen 2012 - trøste og bære - del 2

"Pinsti", sa dei gamle. I gemalen si slekt har dei sågar tradisjon for "pinsti-stebne". Kor mange som var på "pinsti-stebne" rundt omkring i år, skal eg ikkje gjetta på, men at det var utfartshelg er det i alle fall ingen tvil om...

Det første hintet burde eg ha teke då eg var innom hos den lokale bakaren og skulle kjøpa brød til helga. Neste år må eg huska å bestilla. Eg fekk dei tre siste brøda som var igjen...

Me var nøgde som hadde fått pakka i bilen, henta ungar og var på vegen klokka fire om ettermiddagen. På motorvegen konstaterte me at dei som skulle sørover hadde ein god dose med køkjøring foran seg, og priste oss lykkelege for at me ikkje bygger hytte på Sørlandet. Så, då me kjørte av motorvegen, var det stopp. Bomstopp. Køkjøring var tydelegvis ikkje berre for dei som skulle til Sørlandet. Først nederst i den første tunnelen i Rennfast løyste køen seg opp. Frå Hommersåk til Mortavika brukte me to timar, det same som me på ein god dag brukar på heile turen...

Nydeleg vêr hadde me heile helga. Litt i overkant varmt til å stå i stige i søreveggen for å montera vindskier og vannbord, men så blei det i alle fall gjort. Gutane bada seint og tidleg, og ein tur ut i båten måtte me og. Ingen uhyggelege pipelydar denne gongen, og glade var me.


Veslejenta var overbegeistra over å vera på sjøen, og sa "båt, tut-tut, båt, tut-tut" ustanseleg. Eg hadde mi fulle hyre med å sørga for at ho ikkje hoppa på sjøen for oss.


Elles har helga gått med til klargjering for elektrikar og røyrleggar. Me skal ha vegghengt toalett på badet, og dermed måtte Pål setta opp ein vegg i bakkant av der det skal vera, og smøra på membran for å sikra mot lekkasje.



Så var det til å rydda, slik at handverkarane kjem fram der dei skal jobba. Den resterande glavaen heiv me opp på loftet, og dermed fekk eg nok ein gong utfordra høgdeskrekken min (eksponeringsterapi, kallar Pål det...)


Deretter stabla me veggplater og panel for n-te gong, denne gongen i spissen i stova.






Til slutt blei teikning over kjøkken og bad + kor me ville ha montert kontaktar, lyspunkt og brytarar stifta opp på stenderane. Me kjem ikkje til å vera på staden når handverkarane kjem, så på denne måten håpar me å gardera oss mot overraskingar...




Her er til slutt eit bilde av hytta teke frå sjøen denne helga - nå også med vindskier og vannbord på den sida...