søndag 23. juni 2013

Virrehelg...

Nokre helger kjenner me oss absolutt meir målretta i hyttejobbinga enn andre. Dette har vore ei av dei andre...

Fredag: 
Kom oss relativt seint av garde. Skuleavslutning, og ho mor hadde eit hovud som kjentest fullt og tomt på ein gong, forstå det den som kan. Ingenting var pakka på førehand, ergo måtte det gjerast fredag ettermiddag. Fordelen var at me slapp noko særleg med kø, i og med at alle andre var langt før oss i løypa. Ulempa var at det i grunnen var leggetid for både den eine og den andre då me kom fram...

Laurdag: 
Virre, virre... Ok, då var me her igjen. Rundt ein månad sidan sist - kva var det me heldt på med, nå igjen?

Virre, virre... Listing, ja. Uff, det såg ikkje fint ut det eg sette opp sist! Gemalen kom og kikka, og hinta på diplomatisk vis om at det kanskje hadde vore litt mørkt då eg hadde halde på med dette. Eg tok hintet, og reiv ned heile driten...

Virre, virre... Det ligg i grunnen ein god del med plater av ymse kvalitet og tek opp plass. Neste gong må me ha med hengar, så me får teke dette med oss heim. Då bør me kanskje plata ferdig på kryploftet denne helga, då, så me veit at me kan ta med alle platene? God idé! Har me spiker til spikerpistolen? Ikkje det, nei? Då må me vel ein tur på Biltema, då?

Virre, virre... Er det noko anna me kan hiva oss over? Montera ei dør, det kan me gjera! Rydda litt ute, brenna opp litt avkapp i kulegrillen - det er jo sankthans, ikkje sant?

Søndag:
Eg starta med å måla opp kjøkkenkroken. Greit å vera heilt sikker på at måla på teikninga og måla i det verkelege livet stemmer overeins før me leverer endeleg bestilling av kjøkkeninnreiding. Deretter fortsette me med måling av alle slags avstandar der pipa/brannmur/vedovn skal stå.

Pål støypte resten av golvet på badet, og så fortsette me på platejobben på loftet. Eg saga, og Pål spikra. Litt meir i siget i dag. Fram med notatbok. Skriva ned alt me må huska neste gong: stolar, fyrstikker, underlag til parkett, boksåpnar, tørkerull...

 Ho mor i djup konsentrasjon om saga...

 Astrid hjelper til med måling...

 Ei dør montert - sju igjen...

Festplass for sankthansfeiring. Bordet er ein stige med sponplate oppå. Stolleiken blei obligatorisk, sidan me hadde tre stolar og var fem som ville sitja...

 Me er i det minste ferdige med listing rundt sikringsskapet, så det så!

Hadde me med oss båten nordover denne gongen? Ja. Fekk me sjøsett han? Nei. Men me har i det minste litt bedre plass i gardsrommet på Hommersåk...

søndag 26. mai 2013

Løyp og støyp!

Fredag var elektrikaren på plass og monterte varmekablar på bad og gang. Dermed var det duka for den store støyping-av-golv-helga. Veslesnupps fekk seg ei helg på "feri" hos farmor og Per, mens resten av gjengen vendte nasen nordover. "Daljert" frå Haugesund hadde me også fått ordna...

Ettersom me var innom hos farmor med Astrid, innom Lyse etter lånetilhengar og innom obs for å kjøpa avrettingsmasse, var me ikkje så veldig tidlege av garde. Dessutan gjekk det berre to ferjer, og dermed blei me ståande litt meir i kø enn me er vane med for tida. Det blei seine kvelden før me var framme på Tveit, og då gadd me slett ikkje gjera noko som helst. Dessutan hadde me teke på oss å vera hundevakt for folket på Tveit, så me måtte sjå koss Tassen hadde det også.


 Varmekablar montert på gangen...


 ... og på badet.

Laurdag morgon var me derimot klare.

Eg heiv meg over noko klorin og eit kjøleskap som hadde stått ubrukt akkurat lenge nok til å få ei "interessant" lukt. Etterpå var det i gong med ny omgang med listing.

Pål og "daljerten" oppretta firmaet "Berg og Endresen løyp og støyp" og jobba etter samlebandsprinsippet i ein rasande fart. Laurdag var det ganggolvet som skulle støypast.

 

Enda ein "daljert" i arbeid...

Så var det berre å venta på at støypen skulle tørka. Då me kom opp til Tveit, hadde Tassen funne ut at det å stå i band var nå altfor kjedeleg, på underleg vis fått av seg heile halsbandet, og forlete åstaden utan å leggja igjen beskjed om kor han hadde tenkt seg. For nokon hundevaktar! 
Me prøvde dei triksa me kjende til; leita der det kan vera ungar (Tassen elskar ungar, og ungar har ein tendens til å elska Tassen), starta traktoren (då pleier han å komma susande - livredd for å gå glipp av ein kjøretur), men ikkje noko resultat. Då dei innfødde kom heim, tok dei telefonen fatt, og fekk napp på Hovda, nabogarden på andre sida av Tveitefjellet. Kort tid etter var det ein gørrskitten hund som blei transportert heim og nekta innpass i stova...

Søndag - ny dag og nytt golv. "Daljerten" var på plass, og han og Pål fortsette i same tralten som dagen før. Eg hadde funne ut at dersom eg skulle halda på med listing, ville me for det første gå i vegen for kvarandre, og for det andre ville eg dra sementskvettar med meg inn på parketten, så det utgjekk. I staden heiv eg meg over montering av ein kulegrill me hadde kome i skade for å pådra oss, og deretter fyring oppi denne med småbitar av avkapp som låg strøydde utanfor hytta. Rydda dessutan ikkje-brennbart-materiale oppi søppelsekkar, men det viste ikkje igjen nokon stad at det faktisk hadde vore nokon der og rydda... Det skal hivast og fyrast mykje før det blir ryddig rundt hytta, det har eg skjøna denne helga.

Gutane hadde ein dag i zoologiens teikn. Først oppdaga dei nokre padder, deretter ein stålorm, og dermed fant Torstein ut at han skulle leika naturfotograf.

 Stålormen

 To av fleire padder som syntest det var greit å halda seg rundt hytta vår.

 Rumpetroll-kulpen i bekken bak Lilland-hytta.


 Rumpetroll - for dei som ser ekstra godt etter.

Naturforskar Halvard i sitt rette element.
 

 Nede i hytta gjekk ting på fram. Badegolvet blei støypt nesten ferdig. Bittelitt igjen, slik at me får fall mot sluken, men det tek me neste gong.



 

 På gangen var det nå klart for legging av laminat på golvet. 

På veggen rett fram skal me ha garderobeplass. Spørsmålet er kva løysing me skal gå for. Brukar ein kleshengarar på ei hytte, eller er det bedre med ei knaggløysing? Skap eller åpen løysing? Gemalen slår ut med armane og seier: "Vett kje eg!", og eg er tilbøyeleg til å gjera det same...

Syns det blei fint, eg!

Avsluttar denne gongen med å takka Olav Magne (også kalla Ken Wood) for god hjelp!




tirsdag 21. mai 2013

17. mai, pinse og første overnatting!

Reine kinderegget denne helga, jo!

For vår del begynte helga på torsdag, då eldstemann var på trening, mellomsten var i bursdag og farmor passa minstejenta. Hytte-handletur utan ungar - eg kan lova at me kom ikkje heim med tom bil, akkurat!

Etter ein relativ travel 17. mai på Hommersåk, pakka me bilen, forlot heimen i vilt kaos og vendte nasen nordover. Me var ei stund usikre på om me kom til å få med oss alt, men med ein 7-seter som kan pakkast på dei mest kreative måtar klarte me det. Eldstemann hadde jobba hardt på postane han hadde ansvar for i skulegarden under 17. maifeiringa, og konstaterte forbløffa at snopepengane frå besteforeldra framleis var ubrukte, så han tok seg ut i kiosken på ferja, for å seia det sånt...

På Tveit var det nok relativt fredleg før me kom, vil eg tru. Men slumpehøvet (sabla godt ord, funne i ei naturfagbok på jobb...) ville det slik at søstera mi med familie kom med same ferja som oss. Dermed var me fire vaksne og fem ville ungar som toga inn samstundes. Bonusbror min, som var på besøk med den vesle familien sin, kom seinare med nokre hint om at dette hadde vore ei relativt overveldande oppleving...

Frå forrige helg låg det madrassar klare til ungane i hytta. Denne helga blei dette supplert med feltsenger til gutane, flatpakka dobbeltseng til oss vaksne og uendelege mengder sengetøy. Ungane blei installerte i kvart sitt soverom, og roa seg så fort me kan forlanga i ei hytte utan dører mellom romma. Så skulle dobbeltsenga monterast.

Den fortener mest eit blogginnlegg for seg sjølv, den senga... IKEA klarar altså det kunststykket å rulla saman ei 160x200 cm springfjørmadrass. Då eg såg dette, må eg seia det fôr nokre bilde gjennom hovudet mitt om korleis det ville gå føre seg når dette spetakkelet skulle pakkast ut, men det gjekk atskillig fredelegare for seg enn det eg tenkte (eg har nok sett for mykje Donald og Tom&Jerry...).




Elles må eg seia at eg er imponert over ungane som sov seg gjennom dunking, banking og lydar frå batteridrillen då senga blei montert!

Tadaaa!

Elles då, kva har me fått gjort denne helga? Pål har lagt laminat på golvet i boda og sett opp golvlister same stad, og dermed manglar det berre ei dør før det rommet er heilt ferdig. Dessutan har han sett opp resten av baderomspanelen, hatt primer på golvet på badet og gangen og montert armering til varmekablar same stadene.

Astrid og Torstein dreg av plastfolien som var klistra til baderomspanelen.

Nokre rullegardiner kom opp på soveromma også, slik at me skulle sleppa å vakna av soloppgangen i fem-tida...

Sjølv har eg drive med rydding og listing. Taklister denne gongen, og ikkje berre 45 graders vinklar heller. Meistringskjensla er høg - det ser faktisk ikkje så verst ut, og eg er "nyss på fjorden rodd" i faget. Det er noko "potl", som gemalen uttrykker det på sandnesisk, men eg kosar meg med det. Elles må det vel nemnast at eg har vore på møte i vegforeininga. Det viser seg at det er mange trivelege folk på Tveit som eg aldri har sett før. Me bør absolutt få til noko sosialt!

Veret var fantastisk denne helga. Optimisten i meg vel å tru at dette var forsmaken på sommaren som kjem. Minstejenta insisterte på å labba rundt i berre bleia, og var stort sett grautskitten heile helga. Ein tur ned i Tørresvikjå tok me oss tid til, og der blei det fanga både det eine og det andre. Den eine kvelden då ungane var lagde, sat eg og Pål utfor hytta og teikna terrasse: "trapp sånn, gelender der, utestove her og pizzaomn der". Joda, prosjekta og ideane er der...

Måndag blei ein ryddedag. Det går rykter om at elektrikaren har tenkt seg ein tur i nær framtid, og då kan det vera greit at han finn alle punkta...

48 mdf-plater til overs - kan det vera at Drømmehytten har rekna litt romsleg?

Oppe på Tveit var det akkurat så mykje liv og røre som sju barn og svigerbarn (yngste bonusbror heldt seg klokeleg på avstand) og seks barnebarn mellom 0 og 12 år kan greia å få til. Bonusbror min, som elles om dagane held til på Voss, hadde ein ide om at furtebua til pappen måtte eigna seg til ølbrygging (!). Og dermed blei det ei syding og ei putring der ute. Skal sjå det blir ei ny tilvekst til sortimentet til Tveit gaard etterkvart...

mandag 13. mai 2013

Effektiv langhelg.

Langhelg og hyttejobbing. Kom oss avgarde på onsdag kveld, noko som gav oss fire gode arbeidsdagar på hytta. Takka vera beste-Unn som har hatt minstejenta i hælane heile helga, har me fått jobba samanhengande begge to, og det viser igjen!

Me begynte med å flytta ting ut av det soverommet som ikkje hadde fått golv ennå, og det var ein heil jobb berre det! Dermed fekk Pål lagt parkett der, mens eg vekselvis smørte membran på nedste delen av baderomsveggane og sparkla og pussa veggane på boda.



Fredag bar det avgarde på bytur med lang huskeliste. Me var innom Årabrot og stod i kø for å hiva boss, deretter trur eg me var innom alle bygg-butikkane i Haugesund, og dei er det jammen blitt ein del av. Dessutan fekk me kjøpt madrassar. Neste gong me reiser nordover skal me nemleg sova i hytta for første gong!


Boda er nå ferdig pussa, sparkla og mala. Dessutan har ho fått taklister, opphengskrokar og hyllesystem, og hyllene har fått to strok med lakk. Me har til og med rukke å fylla henne opp med store mengder rot. Det som gjenstår på dette rommet er laminat på golvet, golvlister og dør.


Pål har jobba med baderomspanel. 3/4 av badet har nå ferdige veggar. Laservater var visst eit heilt fantastisk hjelpemiddel, skal ein tru gemalen.


Etter jobben med boda, heiv eg meg over listing. Eg har lista rundt alle soveromsvindauga, og er nesten ferdig med taklistene på det første soverommet. "Mål nøyaktig", stod det alle stader der eg prøvde å lesa meg opp på listing. Det tok ikkje lange stunda før eg fant ut at dette i mitt høve betyr "mål nøyaktig, legg til ein halv centimeter for sikkerheits skuld, og kapp av milimeter for millimeter til lista sit som støypt". Sikkert unødvedig pirkete og dillete, men det funka for meg, i alle fall.



Veret har vel vore litt varierande denne helga. Eg for min del har vel aldri vore så glad for regn nokon gong, for då blei pollenallergien mindre påtrengande. Kristi himmelfartsdag tok beste-Unn med seg trollungane våre og gjekk "Trodlamarsjen" opp til "Trodlavassnipen" nord i Sveio kommune. 






Bilete: Trodlamarsjen halvvegs
Her er dei komne halvvegs, våte men ganske nøgde. Etter turmarsjen var dei ein tur innom Straumøy gard og fekk helsa på både sauer, høner, lamaer og litt av kvart anna. Astrid påstod ho hadde sett "Dyrene i Afrika"...

Laurdag fekk me besøk av sandnesgaukar. Farmor hadde med seg dei to andre barnebarna sine og kom på hytteinspeksjon. Koseleg!

mandag 22. april 2013

Trøste og bære - del 3

Me fant nokre tilbod som me ikkje kunne seia nei til. Dessverre var desse tilboda på sørsida av Boknafjorden, og på temmeleg store ting også. Først var me og kjøpte baderomspanel. I og med at me då måtte ha tilhengar med oss denne helga, var me like godt og kjøpte parkett til soveromma med det same. Dermed var det duka for mykje løfting og flytting denne helga. Rart med det; endeleg har me plass til å områ oss på, og dermed er det til å fylla hytta med ting som ligg i vegen enda ein gong...


Første jobben denne helga var altså å bera dette lasset inn. Deretter fortsette me med å plata boda med kryssfiner, ein jobb me starta på sist. Under saginga av kryssfinerplater, fekk plutseleg gemalen ordre om å stoppa. Frua hadde sett noko spennande i kryssfineren, må vita! Dermed blei det saging i motsett ende av plata, og eg fekk "bildet" mitt.


Det var ei stund hektisk aktivitet på facebook, og folk føreslo både "kor" og "det siste måltidet" som tema for bildet. Det var til og med dei som meinte dei såg Den Heilage Ande i kryssfineren...

Elles kom me godt i gong med å leggja parkett (parkera?) på soveromma. Største jobben var i grunnen å få tømt romma for rot på førehand...

 Før...

 ...og etter...

 Dette bildet er teke kl 13:42 søndag.

...mens dette er teke kl 14:55.

Tre av fire soverom har nå fått golv, mens det fjerde ser slik ut:

Gudane må vita kor me skal gjera av alt dette. Det blir kanskje ein ledig flekk når me får vekk baderomspanelen? Trur jammen det hastar med å få hyller på plass i den boda, eg...

mandag 1. april 2013

Drømmepåske!


"Det var jo terrasse me skulle ha jobba med nå!" utbraut gemalen den eine dagen då me stod vagla i kvar vår gardintrapp inne. Eg var vel ikkje heilt ueinig... Fantastisk påskever! Absolutt altfor fint ver til å jobba inne!

På den andre sida - me vil jo bli ferdige med denne hytta ein gong, og då er det nå greit om det går litt på fram og. 

 Pål har nå plata ferdig veggane i stova, og dermed hadde me store mengder med kapp å transportera til Årabrot. Godt å få det vekk, berre så synd at me gløymde det som stod i eine soverommet...

Eg har pussa og beisa dragarane i stova.

 Slik ser det ut nå.

Panel i taket og kryssfiner på veggane i boda. Ikkje heilt ferdige her.

Glava i veggane på badet. Dei har reklamert for billig baderomspanel, så denne veka må me prøva å få lånt ein tilhengar og komma oss ut på handel.
Plater på veggane og ferdigmontert sentralstøvsugar på kryploftet.

Den lokale klatremusa i sving. Faren er etter uttrykket å dømma noko skeptisk...

Me måtte skaffa ei "dissa" til minstejenta. Ein ting er å gå på besøk til folk som har "dissa" på terrassen, ein heilt annan ting er å flytta inn der... (Jada, haugesundarar, eg veit det heiter "føysa". Det er berre dei sørom fjorden som ikkje har forstått det heilt...)
Ein tur opp på Tveitefjedlet høyrer med når det er påske. Minsten trava trøstig i veg og viste fine takter. Ingen tvil om ho er klar for fleire turar i skog og mark!

Nokon har uendelege mengder energi, ser det ut til...

Lønn for strev. Sjekk den utsikta!



Vår nest eldste håpefulle reiste til fjells med Beste-Unn, og hadde ei veke med "skileirskule" på hytta hennar. Det kom daglege rapportar frå fjellheimen om turar, snøholer og hopptrening (!), og ein gut som hadde det heilt topp. Han hadde litt av kvart å fortelja då dei kom heim påskeaftan.

Kos i solveggen utanfor hytta 1. påskedag. Unn og pappa kom ned med nysteikte lappar til oss. Me rigga oss til med ein provisorisk benk av to forskalingsblokker, ein stige og ei golvsponplate.