søndag 15. september 2013

Liste meg her og liste meg der...

Denne helga starta fredag med tidenes ferjekø som strekte seg frå Mortavika og godt forbi Sørbø kyrkje på Rennesøy. Det gjekk berre to ferjer, og me var vel fleire som sendte Fjord1 ein "venleg" tanke der me sat time etter time. Me hadde planlagt å handla til helga i Aksdal, men begynte å tenka alternativt då me fant ut at der stenger dei klokka 21.00. Klokka 20.53 parkerte me ved Aksdal senter, og eg rakk å vera den aller siste kunden gjennom kassa, gudskjelov. Me var på Tveit litt over halv ti, godt og vel leggetid for nokon og ein kvar, og mørkt som i ein sekk.

Laurdag inntok ho mor horisontalen i senga store deler av dagen. Mistanken er retta mot penicillinkuren mot bihulebetennelsen eg tok denne veka; magen var i alle fall alt anna enn god. Dei tre musketterane var ute med tante, onkel og søskenbarn, mens Pål måtte ta seg av jobbinga aleine. Det er framleis listing det går i, og så har han fått sett i nok ei dør. Dei einaste listene eg har jobba med denne helga, er lister over alt me må huska når me skal nordover i haustferien. Det begynner nesten å bli ein slags mani med denne listeskrivinga; me er knapt komne inn dørene før me set i gong med ting me må huska neste gong.







Helga blei avslutta med eit brak søndag, då stigen Pål sto i glei ned frå veggen og blei liggande tvers over stabelen med parkett. Det gjekk verst utover vannkokaren, den gamle kassettspelaren til Pål og Torstein si fiskestang som det plutseleg blei to av. Pål blei, i følge han sjølv, redda av airbagen... Det var vel då me fant ut at nå et me lunsj, pakkar og kjem oss heim. Til alt overmål klarte eg å reisa frå mobiltelefonen min, men heldigvis hadde ikkje søster mi og familien reist ennå då me oppdaga det, så han er i det minste på sørsida av Boknafjorden. Førebels får folk ringa Pål eller hustelefonen dersom dei vil meg noko.

Eg har med meg heim to søppelsekker fulle av gamle filleryer. For rundt 30 år sidan, då foreldra mine bygde hytte på Tveit, gjekk mor mi berserk i klesskapa heime, og klypte lange remser av alle gamle kler. Desse leverte ho til ei dame som vevde filleryer. Søster mi, som for tida disponerer den gamle hytta, syns det blei vel mykje filleryer, og pakka ned ganske mange av dei. Desse har eg nå teke med meg, og planen er å sjå kor mange av dei eg vil bruka, i tillegg til å sy fast noko gummigreier på undersida av dei slik at dei kanskje blir liggande i ro. Me får sjå koss det går med dette prosjektet, men det er litt rart å rulla ut eit teppe og tenka "der er den kjolen, og der er den buksa..."

PS: Kjære slekt! Torstein ønskar seg ny fiskestang til 12-årsdagen sin...

søndag 8. september 2013

Neste gong eg skal bygga hytte...

...skal alle vinklane vera 90 grader!

Det er listing det har dreidd seg om denne helga, og nå er me komne til den meir utfordrande delen av hytta. Det var ikkje tilfeldig at me begynte med soveromma. Dei har nemleg relativt uproblematisk form samanlikna med gangen mellom dei, for ikkje å snakka om stovedelen. Etter baksing med ei taklist som skulle ha ein 19 graders vinkel i eine enden og ein på 26 grader i den andre, falt utbrotet som denne gongen blei overskrifta. For noko klatt å halda på med! Men så blei eg då endeleg ferdig med soveromsgangen òg.


Pål begynte ute, og fekk gjort unna dei siste småtinga som stod igjen utvendig. Ein ting til å kryssa av for ferdig. Sjå, slik ser hytta ut utvendig! Er ho ikkje flott?

 Fasaden mot sjøen og søraust

 Mot sørvest - retning Lauvåsen for lokalkjende. Det er her den store terrassen kjem.

 Inngangsparti mot nordvest og Lilland-hytta

 Den kjedelegaste veggen mot nordaust

Etterpå kom Pål inn også, og heiv seg over listing i stovedelen mens eg måtte ha meg ein time-out pga feber og vonde bihuler. Då eg stod opp igjen, såg det slik ut:

Taklister og lister rundt eine dragaren på plass. Me skal også lista langs med dragaren, men det blir neste gong.

Taklister på veggen mot soveromsdelen. Der det viser plast skal det opp nokre fjøler som eg beisa denne helga.

Lister rundt luka til loftstrappa.

Til slutt i dag tok eg ein runde og tok bilde av korleis det ser ut rundt hytta:

Dette bildet er teke frå soveromsvindauget vårt. Tilnærma same utsikta har me frå terrassen, frå dei store vindaugene i stova, og frå do (kan risikera dokø med den utsikta der...). Eit par furutre lever farleg...

 Utsikt frå inngangsdøra. Her må me nok laga oss ein noko bedre sti...

"Utsikt" frå skyvedøra. Her ser me rett inn i skogen, og dessutan på den framtidige terrassen med utestove, bakaromn og mange andre gode idear som me ikkje har fått ennå...

søndag 25. august 2013

Sommarforlenging

Fint vêr, sjølvgåande ungar og arbeidsinnsats som viser igjen gjer at me er riktig nøgde med helga. Me har aldri vore så nær ferdig hytte som nå!

Eg har stort sett lista denne helga, og nå var det kjekt å kunna kryssa av for fire soverom og eitt bad ferdig lista (manglar berre dørlistene på badet og vårt soverom, ettersom me ennå ikkje har dører der...).

 Ferdig jenterom (førebels berre madrass på golvet) ...

 Ferdig guterom (førebels berre med madrass oppå feltseng) ...

 Ferdig guterom - med kjøleskap...


Pål har jobba på badet, og nå var det noko klissete fugemassegreier som skulle på plass mellom golv og vegg og mellom flis og baderomspanel.

Røyrleggar-onkel Per Inge var innom laurdag og gjorde klart slik at me fekk sett opp den siste baderomspanelplata og kobla til vasken. Han kjem tilbake i løpet av veka og set opp dusjkabinett og varmtvannsberedar, og då har me plutseleg eit heilt funksjonelt bad neste gong me reiser nordover. Jippi!


 Do og vask på plass. Vasken er ein utgått modell frå IKEA (me fekk med naud og neppe kjøpt utstillingsmodellen...). I holrommet ved sida av skuffene skal det komma vaskemaskin.

 Her kjem varmtvannsberedaren - skal byggast inn i eit skap.

Her kjem dusjkabinettet.

Me var også ein tur på Obs bygg i Haugesund, sidan dei hadde einstavs eikeparkett på tilbod. På Jula fant me dessutan terrassebord og fire stolar. Me skulle eigentleg berre ha to stolar, men det blei billigast slik... Dermed hadde me igjen mykje å snofla i; ein varmtvannsberedar og eit flatpakka dusjkabinett på gangen, og 19 pakkar med parkett og eit terrassebord i stova...




Me er framleis like forbløffa over det fine veret me har vore velsigna med denne sommaren. Også denne helga blei alle måltid innteke utandørs. Det var rett nok tendensar til flygande papptallerkenar ei stund, men vinden var varm og behageleg. I dag var gutane til og med nede og bada i Kvitanesvikjå!


søndag 11. august 2013

For ein sommar!




Då går ferien mot slutten, også for oss som held oss i skuleverket. Og for ein flott sommar det har vore! Det seier sitt at me blei heilt forvirra då me ikkje kunne innta frukosten utandørs i dag. Me har trass alt vore to veker samanhengande på hytta i sommar, i tillegg til innspurten denne helga. Heile tida med eit vër som har invitert til bading i sjøen og anna uteliv. Eg tenkjer me skal vera sjeleglade for at det blei slik, i alle fall å døma etter humøret på både den eine og den andre i dag då det for ein gongs skuld ikkje var uteverande vêr...

Skal eg prøva å ta det heile frå starten? Me reiste avgarde med fullasta bil med hengar tysdag 16. juli. Veka før hadde me vore på koseleg ferie i Nederland saman med bror til Pål med familie. Litt av kvart må ordnast når det skal pakkast om, og sidan tørketromla hadde teke kvelden, tok det rett og slett si tid med klestørken, men til slutt kom me oss avgarde.

Det første me gjorde då me endeleg inntok Tveit for sommaren, var å reisa heim igjen... Me hadde nemleg gått i langsamelege tider og irritert oss over ting me berre gjekk og snofla i. Dermed blei ein del gipsplater, og ikkje mindre enn 35 ferdigmala mdf-plater hive på hengaren og transportert sørover. Trøyste og bere! Me var vel einige om at den økta der kvalifiserte som styrketrening for både den eine og den andre. Så nå har me ingen båtar i garasjen, men derimot gips- og mdf-plater. Dei blir nok lagt ut på Finn.no ved første høve, så "løyp og køyp"!

Etter dette fekk Pål det travelt med å få brukt opp dei mdf-platene me ikkje hadde teke med oss heim oppe på kryploftet på hytta, i tillegg til å få panel i taket der oppe.


 Parallelt med dette begynte me på baderomsgolvet. Det golvet har nok høyrt både eitt og to ord som ikkje akkurat var av den fine sorten (Heldigvis heldt eg og ungane oss stort sett i Kvitanesvikjå mens dette pågjekk...), men nå er Pål ferdig med både primer, membran, fliser, og nå denne helga fuging. Puh!

Etter badegolvet var ferdig, kunne me få lagt parkett i gangen i soveromsavdelinga, og etter at parketten var lagt, var det tid for å setja inn dører. Berre så synd at to av dørkarmane hadde feil storleik, så foreldresoverommet og badet er framleis utan dør...

Listing er eit anna stikkord. Og hjelpes og bevares kor mange typar lister me har! Pål, som det ordensmennesket han er, laga eit listesorteringsstativ, så nå går det i det minste an å finna fram i virrvarret. Ferdige? Absolutt ikkje. Me har framleis mykje godt arbeid foran oss, trur eg me trygt kan konstatera.

Med finvêret meldte det seg eit behov for ein stad å sitja ute. Me såg oss rett og slett nøydde til å prioritera terrasse. Me begynte ikkje på det som nok blir hovudterrassen, men valde å begynna der det var lettast å få noko på plass i ein brenning.

Dette var eit smart trekk, for her har alle måltid blitt innteke, og her har det blitt spela mange rundar med ulike kortspel på kveldstid. Middagen har vore variasjonar rundt temaet grillmat. Me har ikkje kjøkken, men me har vannkokar og grill, og då kjem me langt. Etter grillmaten er innteken, blir grillen omgjort til bålpanne (dvs me tek vekk rista...), og så er det koseleg oppryddingsarbeid, dvs fyring med kapp, resten av kvelden.

 Besøk frå Unn, pappa og broder Stein.

 I mangel av vinåpnar...

  Halvard har funne ei god stilling og ei god bok.


Elles hadde me sett som mål å bli heilt ferdige utandørs. Me klarte det nesten. Me har igjen nokre bord som skal under takskjegget i spissen mot Kvitanesvikjå, og nokre hjørnebord same staden. Men det var altså så mykje knott då me prøvde å jobba ute i dag at me berre måtte gi opp. 

Men det skal nå alltid vera noko. -Mamma! Her er det noko eg trur du bør sjå! ropa mellomsten eine dagen då eg sto vagla på ein krakk og krangla med ei taklist.

Under det eine store vindauget i spissen mot Kvitanesvikjå hadde han fått auge på store mengder maur. Då eg såg nærare etter var det i tillegg ein stor bulk på nedste foringen på vindauget. Etter litt riving av panel og fjerning av glava var det berre å konstatera: Fukt, med tilhøyrande maurinvasjon.

Mauren har me klart å kvitta oss med, men foringen i nedre kanten av vindauget må nok vekk, og så må me finna ut kor fukta kjem frå. Me avventar svar frå Drømmehyttemannen på kva i hulaste me skal gjera nå, og så prøver me å ikkje tenka så altfor mykje på om heile vindauget må ut igjen. Det skal i så fall fagfolk få ta seg av.

Søndag 28. juli reiste me heim. Pål skulle på jobb, Astrid i barnehagen og Torstein på Lyngdal cup med fotballen. Denne helga var det på 'an igjen, og så blir det nok nokre helgeturar framover også. Dersom hausten blir like fin som sommaren har vore, har me mykje kjekt å sjå fram til!



søndag 23. juni 2013

Virrehelg...

Nokre helger kjenner me oss absolutt meir målretta i hyttejobbinga enn andre. Dette har vore ei av dei andre...

Fredag: 
Kom oss relativt seint av garde. Skuleavslutning, og ho mor hadde eit hovud som kjentest fullt og tomt på ein gong, forstå det den som kan. Ingenting var pakka på førehand, ergo måtte det gjerast fredag ettermiddag. Fordelen var at me slapp noko særleg med kø, i og med at alle andre var langt før oss i løypa. Ulempa var at det i grunnen var leggetid for både den eine og den andre då me kom fram...

Laurdag: 
Virre, virre... Ok, då var me her igjen. Rundt ein månad sidan sist - kva var det me heldt på med, nå igjen?

Virre, virre... Listing, ja. Uff, det såg ikkje fint ut det eg sette opp sist! Gemalen kom og kikka, og hinta på diplomatisk vis om at det kanskje hadde vore litt mørkt då eg hadde halde på med dette. Eg tok hintet, og reiv ned heile driten...

Virre, virre... Det ligg i grunnen ein god del med plater av ymse kvalitet og tek opp plass. Neste gong må me ha med hengar, så me får teke dette med oss heim. Då bør me kanskje plata ferdig på kryploftet denne helga, då, så me veit at me kan ta med alle platene? God idé! Har me spiker til spikerpistolen? Ikkje det, nei? Då må me vel ein tur på Biltema, då?

Virre, virre... Er det noko anna me kan hiva oss over? Montera ei dør, det kan me gjera! Rydda litt ute, brenna opp litt avkapp i kulegrillen - det er jo sankthans, ikkje sant?

Søndag:
Eg starta med å måla opp kjøkkenkroken. Greit å vera heilt sikker på at måla på teikninga og måla i det verkelege livet stemmer overeins før me leverer endeleg bestilling av kjøkkeninnreiding. Deretter fortsette me med måling av alle slags avstandar der pipa/brannmur/vedovn skal stå.

Pål støypte resten av golvet på badet, og så fortsette me på platejobben på loftet. Eg saga, og Pål spikra. Litt meir i siget i dag. Fram med notatbok. Skriva ned alt me må huska neste gong: stolar, fyrstikker, underlag til parkett, boksåpnar, tørkerull...

 Ho mor i djup konsentrasjon om saga...

 Astrid hjelper til med måling...

 Ei dør montert - sju igjen...

Festplass for sankthansfeiring. Bordet er ein stige med sponplate oppå. Stolleiken blei obligatorisk, sidan me hadde tre stolar og var fem som ville sitja...

 Me er i det minste ferdige med listing rundt sikringsskapet, så det så!

Hadde me med oss båten nordover denne gongen? Ja. Fekk me sjøsett han? Nei. Men me har i det minste litt bedre plass i gardsrommet på Hommersåk...

søndag 26. mai 2013

Løyp og støyp!

Fredag var elektrikaren på plass og monterte varmekablar på bad og gang. Dermed var det duka for den store støyping-av-golv-helga. Veslesnupps fekk seg ei helg på "feri" hos farmor og Per, mens resten av gjengen vendte nasen nordover. "Daljert" frå Haugesund hadde me også fått ordna...

Ettersom me var innom hos farmor med Astrid, innom Lyse etter lånetilhengar og innom obs for å kjøpa avrettingsmasse, var me ikkje så veldig tidlege av garde. Dessutan gjekk det berre to ferjer, og dermed blei me ståande litt meir i kø enn me er vane med for tida. Det blei seine kvelden før me var framme på Tveit, og då gadd me slett ikkje gjera noko som helst. Dessutan hadde me teke på oss å vera hundevakt for folket på Tveit, så me måtte sjå koss Tassen hadde det også.


 Varmekablar montert på gangen...


 ... og på badet.

Laurdag morgon var me derimot klare.

Eg heiv meg over noko klorin og eit kjøleskap som hadde stått ubrukt akkurat lenge nok til å få ei "interessant" lukt. Etterpå var det i gong med ny omgang med listing.

Pål og "daljerten" oppretta firmaet "Berg og Endresen løyp og støyp" og jobba etter samlebandsprinsippet i ein rasande fart. Laurdag var det ganggolvet som skulle støypast.

 

Enda ein "daljert" i arbeid...

Så var det berre å venta på at støypen skulle tørka. Då me kom opp til Tveit, hadde Tassen funne ut at det å stå i band var nå altfor kjedeleg, på underleg vis fått av seg heile halsbandet, og forlete åstaden utan å leggja igjen beskjed om kor han hadde tenkt seg. For nokon hundevaktar! 
Me prøvde dei triksa me kjende til; leita der det kan vera ungar (Tassen elskar ungar, og ungar har ein tendens til å elska Tassen), starta traktoren (då pleier han å komma susande - livredd for å gå glipp av ein kjøretur), men ikkje noko resultat. Då dei innfødde kom heim, tok dei telefonen fatt, og fekk napp på Hovda, nabogarden på andre sida av Tveitefjellet. Kort tid etter var det ein gørrskitten hund som blei transportert heim og nekta innpass i stova...

Søndag - ny dag og nytt golv. "Daljerten" var på plass, og han og Pål fortsette i same tralten som dagen før. Eg hadde funne ut at dersom eg skulle halda på med listing, ville me for det første gå i vegen for kvarandre, og for det andre ville eg dra sementskvettar med meg inn på parketten, så det utgjekk. I staden heiv eg meg over montering av ein kulegrill me hadde kome i skade for å pådra oss, og deretter fyring oppi denne med småbitar av avkapp som låg strøydde utanfor hytta. Rydda dessutan ikkje-brennbart-materiale oppi søppelsekkar, men det viste ikkje igjen nokon stad at det faktisk hadde vore nokon der og rydda... Det skal hivast og fyrast mykje før det blir ryddig rundt hytta, det har eg skjøna denne helga.

Gutane hadde ein dag i zoologiens teikn. Først oppdaga dei nokre padder, deretter ein stålorm, og dermed fant Torstein ut at han skulle leika naturfotograf.

 Stålormen

 To av fleire padder som syntest det var greit å halda seg rundt hytta vår.

 Rumpetroll-kulpen i bekken bak Lilland-hytta.


 Rumpetroll - for dei som ser ekstra godt etter.

Naturforskar Halvard i sitt rette element.
 

 Nede i hytta gjekk ting på fram. Badegolvet blei støypt nesten ferdig. Bittelitt igjen, slik at me får fall mot sluken, men det tek me neste gong.



 

 På gangen var det nå klart for legging av laminat på golvet. 

På veggen rett fram skal me ha garderobeplass. Spørsmålet er kva løysing me skal gå for. Brukar ein kleshengarar på ei hytte, eller er det bedre med ei knaggløysing? Skap eller åpen løysing? Gemalen slår ut med armane og seier: "Vett kje eg!", og eg er tilbøyeleg til å gjera det same...

Syns det blei fint, eg!

Avsluttar denne gongen med å takka Olav Magne (også kalla Ken Wood) for god hjelp!