søndag 17. november 2013

Langhelg i kjøkkenteneste

Som eg skreiv i sist blogginnlegg, hadde både eg og ungane fri denne fredagen, så då kunne ikkje gemalen vera verre...

Me kom oss avgarde torsdag ettermiddag. Då stod allereie tilhengaren klar i garasjen, ferdiglessa med kjøkkeninnreiding frå IKEA. På Tveit var me lova middag då me kom fram, og glade var me for det. Det er nå aller kjekkast å komma til gards når bestefar og beste-Unn er heime.

Tidlegare på dagen hadde snekkeren ringt. Han hadde vore ein ny tur i hytta vår, og kunne verkeleg ikkje finna ut kor lekkasjen kom frå. Drømmehytte-mannen var kobla på saka, og han igjen hadde kobla på Gilje vinduer. Kunne det kanskje vera sjølve vindauget som ikkje var tett? Ikkje veit me, men på torsdag kveld då me kom, var det i alle fall ein ganske stor dam på golvet innfor vindauget. Me kunne m.a.o. sjå vekk frå å legga ferdig parketten denne helga. Ein mann frå Gilje vinduer ringte fredag for å høyra meir om spetakkelet, men kunne ikkje forstå at det kunne vera produksjonsfeil frå dei heller. "Då foreslår eg at du ringer snekkeren og Drømmehytten og så blir de einige om kva som må gjerast," fekk han som svar frå Pål. Tydelegare melding går det vel ikkje an å få? Me ventar i spenning...

Fredag morgon begynte kjøkkensjauen. Først skulle galskapen berast inn i hytta.

 Heile folket i arbeid!

Deretter var det teikning av kjøkkenet på veggen, sortering av pakkar og lesing av manual. IKEA har verkeleg tima og tilrettelagt for at folk skal kunna montera kjøkkena sine sjølv; i manualen står det til og med kva tid det er på tide med kaffipause!

Pål begynte å montera skap, og Torstein monterte skuffer. Eg fekk opp lister rundt to dører i stova, berre avbroten av 465 "mammaaaaa!??" frå minstesnupps.

 Benkeskap

 Torstein monterer skuffer. Dette arbeidet overtok eg på laurdagen.

Veggskap på plass, her blir ventilator montert.


...og så langt kom me denne helga.

Bevares for eit rot!

Ettersom me hadde tilhengar med oss, måtte me sørga for å få med oss heim ved til vinteren. Nå blir det ei god stund til neste gong me kjem oss nordover. Handball og julebord får ta skulda. Me håpar likevel at ting ikkje står heilt stille, og gjer nokre forsøk på å få elektrikar og røyrleggjar i sving mens me er vekke.




søndag 10. november 2013

Svart november og innspurt

Då har me hatt nokre heimehelger etter kvarandre. Himla stress, eigentleg, for når me er heime ei helg, skjer det ting ustanseleg. Eldstemann er ivrig idrettsutøvar, og når fotballen avsluttar sesongen, så begynner handballen. Dessutan er det kler som skal vaskast, rot som skal ryddast, og avtalar som skal gjerast. Då er det godt å komma på hytta og ikkje ha andre ting i tankane enn det me held på med akkurat der og då.

Denne helga telde me litt på knappane: Ville det vera temperatur til å sova i hytta, eller skulle me ta inn på hotell Tveit Gaard? Ettersom dei fastbuande var vekkreiste, og me strengt teke får gjort meir når me er på staden, endte me med å vera på hytta. 

For å vera sikre på at me fekk tempen nok opp, var Pål og kjøpte ein gassomn på Obs bygg. Den var ein makalaus manik, og fiksa god lunk i hytta på eit blunk.


Det me har halde på med denne helga, er parkett i stova. Nå er dei lengste strekka tekne, det står antakeleg igjen ein del banning når ting skal skråskjerast og tilpassast i spissen. Det var desse vinklane då...






Me måtte ha oss ein bytur laurdag, sidan me slapp opp for underlagspapp til parketten. I same rennet fann me ut at me ville ta oss ein kinotur og sjå Solan og Ludvig. Koseleg film som passa til heile gjengen. Me var litt tidleg ute i høve til filmen, så då blei det ein bokhandeltur igjen. Denne gongen var alle spel til halv pris, så me hadde m.a. med oss "Risk" då me reiste tilbake til hytta. Me har førebels spela ein gong, slik at me har skjøna gongen i spelet, så nå er me klare til strategisk tenking i seine kveldstimar på hytta (og så ser me fram til å spela på eit skikkeleg bord som ikkje terningane set seg fast i sprekkene på...).

Snikkeren var og fekk fiksa vindauget i veka som var, så då me kom til hytta fredag såg alt kjempefint ut. Eg hadde likevel ei kjensle av at noko burde sjekkast, og la meg på alle fire og kjende under den nye foringen på vindauget. Jepp. Klissvått. Den eine klossen som vindauget står på er framleis gjennomvåt, og altså ikkje bytta ut, berre fuga rundt. Skal ikkje fagfolk sjekka slikt? Grmpf! Sjølv om det var fredag kveld og strengt teke snikkeren si fritid, blei det likevel sendt ein mms med bilde av galskapen til han, og i morgon blir det nok teke ein telefon med krav om rask fiksing så ikkje også den nye foringen blir fuktskadd.

Onsdag i veka som var, hadde me fått fiksa oss barnevakt for å få ordna med hyttekjøkken. Me hadde jobba med teikneprogrammet til IKEA heime, og skulle berre leggja siste hand på verket før bestilling. Det blei ei heller langdryg affære pga sjukdom blant kjøkkenkonsulentane, så me endte med å gå så å seia heile kvelden på IKEA og venta på å få bestilla. Då det blei vår tur, tok det berre ti minutt før me var ferdige... Planen vidare er at Pål låner tilhengar på jobb frå onsdag av. Då tek han ein runde på IKEA og plukkar det me skal ha, og så reiser me nordover igjen på torsdag ettermiddag. Både eg og ungane har fri på fredag, og då kan jo ikkje Pål vera verre! Neste helg blir det listing og kjøkkenmontering på programmet. Godt Pål jobba på IKEA i studietida...

Når så kjøkkenet er på plass, blir utfordringa å få booka elektrikar, røyrleggjar og murar til å gjera sin del i hytta, samstundes som møblering blir eit tema.

På ein nettstad for hyttebyggarar var det ein som kommenterte at mange som skriv hytteblogg sluttar når hytta er nesten ferdig. Eg tenkte at det skulle i alle fall ikkje eg gjera, men det er jammen ikkje så lett å vita kva tid hytta er heilt ferdig, for sluttar ein eigentleg å jobba på hytta nokon gong?

lørdag 12. oktober 2013

Skal me bli arbeidsledige? Det skulle teke seg ut!

Det var med litt vedmod at me vendte nasen sørover i dag. Me hadde blitt einige om å reisa heim laurdag, slik at me skulle få ein dag å summa oss på før kvardagen igjen meldte seg etter haustferien. Det var berre det at veret var så fantastisk nydeleg at me mest hadde lyst til å bli ei natt til. Blikkstille og krystallklart, god lunk i solveggen, men låg sol og lange skuggar, og eit drag i lufta som minnar om at det går mot kaldare tider.


Me klarte å lausriva oss, og godt var det, for minstesnupps slit med å roa seg i senga heime etter ei heil veke på hytta. Nå er klokka ti om kvelden og treåringen har akkurat sovna...


Me reiste nordover laurdag denne gongen, sidan me hadde ei heil veke å ta av. Handla litt i Aksdal, og var oppom hos far min og laga oss middag og fekk pressa oss litt juice av eplene me hadde med frå treet vårt i hagen på Hommersåk.

Rundt åtte liter blei det frå pingletreet vårt. Skulle kanskje hatt eit epletre til?

Elles gjekk kvelden med til å installera oss og få litt oversikt i hytta. Det aller kjekkaste å konstatera, var at nå har me varmtvannstank og dusjkabinett som fungerer! Røyrleggaronkel Per Inge hadde nemleg vore og jobba sidan sist me var på hytta.

 Sjå! Eit speil!

 Sjå! Ein dusj!

 Den varmtvannstanken skal med tid og stunder få eit skap rundt seg... Arbeidslampa sørga for både lys og varme på badet...

 ...og i speilet kan de sjå; me har dør til badet!

Det første Pål heiv seg i gong med, var å montera dei siste dørkarmane som me hadde med oss. Dermed kan me lukka døra både på badet og på foreldresoverommet. Det kallar eg framsteg!


 Hmm... Pål har vore på taket igjen...

Dette er  ein takhatt. Funksjon? Tja. Har noko med ventilering av kloakkavløp å gjera. Den pussige lukta på badet har forsvunne, og det boblar ikkje lenger i sluken når me har vore på do. Ein nyttig ting med andre ord. 

I og med at gjennomføringa til takhatten nå var på plass, kunne Pål også plata ferdig vegger og tak på kryploftet.

Så var det listing, då. I dag morges trudde me at me hadde lista alle stader me kunne, men då me rydda og gjorde reint før me reiste, fann eg ut at det var to lister eg hadde gløymd likevel. Ja ja, det skulle teke seg ut om me blei heilt arbeidsledige...

Eg har ei stund gått rundt og vore noko oppgitt over mangelen på stader å henga opp kler. Nå har me fått på plass garderobestang, hattehylle og skohylle i entreen, og knaggrekker både her og der på soveromma. Ikkje så mykje meir som skal til for at ho mor får ro i sjela...



Noko overraska fant me midt i veka ut at nå er det i grunnen berre å starta på golvlegging i stove/kjøkkendelen av hytta.

 Du og du, nå er me i innspurten!

Dei håpefulle måtte "herja inn" det nye golvet...

I tillegg fekk me endeleg tak i snekkeren som reiste hytta, og han lova å komma ei av dei to neste vekene og fiksa det fuktskadde vindauget. Då mangla berre ein plan for pipe og ovn, og etter ein tur til Neumann bygg i Haugesund begynte me å sjå løysingar på dette også. Me hadde eigentleg teke mål av oss til å setja opp pipa sjølve, men har nå komme fram til at me skal få ein proff til å gjera jobben.

Innimellom alt dette har me kosa oss slik ein trebarnsfamilie skal når det er ferie. Me har vore på kino og sett "Turbo" (Astrid: "på den sjempestore fimlen og spist nommi-nomm"), me har vore på skogstur med tante/søster og søskenbarn/tanteungar og henta kongler, me har vore på Tysværtunet og bada med same gjengen, dei to eldste har vore med onkel Geir på sjøen og sett teine, OG vore med då ho blei dregen opp igjen MED hummar oppi, me har vore på middagsbesøk hos venner i Haugesund, me har gått bananas i bokhandelen Nils Sund (30-50%, då er det lov å handla!), og me har brunne opp uendelege mengder med avkapp i grillen.

Den store båtturen med strandhogg som me planla fredag blei i staden til ein liten runde på Ervessundet før baljen blei dregen opp for vinteren. Motoren ville ikkje gå i revers, og det var visst lekkasjer hist og pist, så då var det best å komma seg til lands. Reknar med at det blir fleire turar på sjøen neste år enn det har vore i år (det skal ikkje mykje til...), og så er det greit å vita at båten nå står trygt under tak for vinteren.



søndag 15. september 2013

Liste meg her og liste meg der...

Denne helga starta fredag med tidenes ferjekø som strekte seg frå Mortavika og godt forbi Sørbø kyrkje på Rennesøy. Det gjekk berre to ferjer, og me var vel fleire som sendte Fjord1 ein "venleg" tanke der me sat time etter time. Me hadde planlagt å handla til helga i Aksdal, men begynte å tenka alternativt då me fant ut at der stenger dei klokka 21.00. Klokka 20.53 parkerte me ved Aksdal senter, og eg rakk å vera den aller siste kunden gjennom kassa, gudskjelov. Me var på Tveit litt over halv ti, godt og vel leggetid for nokon og ein kvar, og mørkt som i ein sekk.

Laurdag inntok ho mor horisontalen i senga store deler av dagen. Mistanken er retta mot penicillinkuren mot bihulebetennelsen eg tok denne veka; magen var i alle fall alt anna enn god. Dei tre musketterane var ute med tante, onkel og søskenbarn, mens Pål måtte ta seg av jobbinga aleine. Det er framleis listing det går i, og så har han fått sett i nok ei dør. Dei einaste listene eg har jobba med denne helga, er lister over alt me må huska når me skal nordover i haustferien. Det begynner nesten å bli ein slags mani med denne listeskrivinga; me er knapt komne inn dørene før me set i gong med ting me må huska neste gong.







Helga blei avslutta med eit brak søndag, då stigen Pål sto i glei ned frå veggen og blei liggande tvers over stabelen med parkett. Det gjekk verst utover vannkokaren, den gamle kassettspelaren til Pål og Torstein si fiskestang som det plutseleg blei to av. Pål blei, i følge han sjølv, redda av airbagen... Det var vel då me fant ut at nå et me lunsj, pakkar og kjem oss heim. Til alt overmål klarte eg å reisa frå mobiltelefonen min, men heldigvis hadde ikkje søster mi og familien reist ennå då me oppdaga det, så han er i det minste på sørsida av Boknafjorden. Førebels får folk ringa Pål eller hustelefonen dersom dei vil meg noko.

Eg har med meg heim to søppelsekker fulle av gamle filleryer. For rundt 30 år sidan, då foreldra mine bygde hytte på Tveit, gjekk mor mi berserk i klesskapa heime, og klypte lange remser av alle gamle kler. Desse leverte ho til ei dame som vevde filleryer. Søster mi, som for tida disponerer den gamle hytta, syns det blei vel mykje filleryer, og pakka ned ganske mange av dei. Desse har eg nå teke med meg, og planen er å sjå kor mange av dei eg vil bruka, i tillegg til å sy fast noko gummigreier på undersida av dei slik at dei kanskje blir liggande i ro. Me får sjå koss det går med dette prosjektet, men det er litt rart å rulla ut eit teppe og tenka "der er den kjolen, og der er den buksa..."

PS: Kjære slekt! Torstein ønskar seg ny fiskestang til 12-årsdagen sin...

søndag 8. september 2013

Neste gong eg skal bygga hytte...

...skal alle vinklane vera 90 grader!

Det er listing det har dreidd seg om denne helga, og nå er me komne til den meir utfordrande delen av hytta. Det var ikkje tilfeldig at me begynte med soveromma. Dei har nemleg relativt uproblematisk form samanlikna med gangen mellom dei, for ikkje å snakka om stovedelen. Etter baksing med ei taklist som skulle ha ein 19 graders vinkel i eine enden og ein på 26 grader i den andre, falt utbrotet som denne gongen blei overskrifta. For noko klatt å halda på med! Men så blei eg då endeleg ferdig med soveromsgangen òg.


Pål begynte ute, og fekk gjort unna dei siste småtinga som stod igjen utvendig. Ein ting til å kryssa av for ferdig. Sjå, slik ser hytta ut utvendig! Er ho ikkje flott?

 Fasaden mot sjøen og søraust

 Mot sørvest - retning Lauvåsen for lokalkjende. Det er her den store terrassen kjem.

 Inngangsparti mot nordvest og Lilland-hytta

 Den kjedelegaste veggen mot nordaust

Etterpå kom Pål inn også, og heiv seg over listing i stovedelen mens eg måtte ha meg ein time-out pga feber og vonde bihuler. Då eg stod opp igjen, såg det slik ut:

Taklister og lister rundt eine dragaren på plass. Me skal også lista langs med dragaren, men det blir neste gong.

Taklister på veggen mot soveromsdelen. Der det viser plast skal det opp nokre fjøler som eg beisa denne helga.

Lister rundt luka til loftstrappa.

Til slutt i dag tok eg ein runde og tok bilde av korleis det ser ut rundt hytta:

Dette bildet er teke frå soveromsvindauget vårt. Tilnærma same utsikta har me frå terrassen, frå dei store vindaugene i stova, og frå do (kan risikera dokø med den utsikta der...). Eit par furutre lever farleg...

 Utsikt frå inngangsdøra. Her må me nok laga oss ein noko bedre sti...

"Utsikt" frå skyvedøra. Her ser me rett inn i skogen, og dessutan på den framtidige terrassen med utestove, bakaromn og mange andre gode idear som me ikkje har fått ennå...

søndag 25. august 2013

Sommarforlenging

Fint vêr, sjølvgåande ungar og arbeidsinnsats som viser igjen gjer at me er riktig nøgde med helga. Me har aldri vore så nær ferdig hytte som nå!

Eg har stort sett lista denne helga, og nå var det kjekt å kunna kryssa av for fire soverom og eitt bad ferdig lista (manglar berre dørlistene på badet og vårt soverom, ettersom me ennå ikkje har dører der...).

 Ferdig jenterom (førebels berre madrass på golvet) ...

 Ferdig guterom (førebels berre med madrass oppå feltseng) ...

 Ferdig guterom - med kjøleskap...


Pål har jobba på badet, og nå var det noko klissete fugemassegreier som skulle på plass mellom golv og vegg og mellom flis og baderomspanel.

Røyrleggar-onkel Per Inge var innom laurdag og gjorde klart slik at me fekk sett opp den siste baderomspanelplata og kobla til vasken. Han kjem tilbake i løpet av veka og set opp dusjkabinett og varmtvannsberedar, og då har me plutseleg eit heilt funksjonelt bad neste gong me reiser nordover. Jippi!


 Do og vask på plass. Vasken er ein utgått modell frå IKEA (me fekk med naud og neppe kjøpt utstillingsmodellen...). I holrommet ved sida av skuffene skal det komma vaskemaskin.

 Her kjem varmtvannsberedaren - skal byggast inn i eit skap.

Her kjem dusjkabinettet.

Me var også ein tur på Obs bygg i Haugesund, sidan dei hadde einstavs eikeparkett på tilbod. På Jula fant me dessutan terrassebord og fire stolar. Me skulle eigentleg berre ha to stolar, men det blei billigast slik... Dermed hadde me igjen mykje å snofla i; ein varmtvannsberedar og eit flatpakka dusjkabinett på gangen, og 19 pakkar med parkett og eit terrassebord i stova...




Me er framleis like forbløffa over det fine veret me har vore velsigna med denne sommaren. Også denne helga blei alle måltid innteke utandørs. Det var rett nok tendensar til flygande papptallerkenar ei stund, men vinden var varm og behageleg. I dag var gutane til og med nede og bada i Kvitanesvikjå!


søndag 11. august 2013

For ein sommar!




Då går ferien mot slutten, også for oss som held oss i skuleverket. Og for ein flott sommar det har vore! Det seier sitt at me blei heilt forvirra då me ikkje kunne innta frukosten utandørs i dag. Me har trass alt vore to veker samanhengande på hytta i sommar, i tillegg til innspurten denne helga. Heile tida med eit vër som har invitert til bading i sjøen og anna uteliv. Eg tenkjer me skal vera sjeleglade for at det blei slik, i alle fall å døma etter humøret på både den eine og den andre i dag då det for ein gongs skuld ikkje var uteverande vêr...

Skal eg prøva å ta det heile frå starten? Me reiste avgarde med fullasta bil med hengar tysdag 16. juli. Veka før hadde me vore på koseleg ferie i Nederland saman med bror til Pål med familie. Litt av kvart må ordnast når det skal pakkast om, og sidan tørketromla hadde teke kvelden, tok det rett og slett si tid med klestørken, men til slutt kom me oss avgarde.

Det første me gjorde då me endeleg inntok Tveit for sommaren, var å reisa heim igjen... Me hadde nemleg gått i langsamelege tider og irritert oss over ting me berre gjekk og snofla i. Dermed blei ein del gipsplater, og ikkje mindre enn 35 ferdigmala mdf-plater hive på hengaren og transportert sørover. Trøyste og bere! Me var vel einige om at den økta der kvalifiserte som styrketrening for både den eine og den andre. Så nå har me ingen båtar i garasjen, men derimot gips- og mdf-plater. Dei blir nok lagt ut på Finn.no ved første høve, så "løyp og køyp"!

Etter dette fekk Pål det travelt med å få brukt opp dei mdf-platene me ikkje hadde teke med oss heim oppe på kryploftet på hytta, i tillegg til å få panel i taket der oppe.


 Parallelt med dette begynte me på baderomsgolvet. Det golvet har nok høyrt både eitt og to ord som ikkje akkurat var av den fine sorten (Heldigvis heldt eg og ungane oss stort sett i Kvitanesvikjå mens dette pågjekk...), men nå er Pål ferdig med både primer, membran, fliser, og nå denne helga fuging. Puh!

Etter badegolvet var ferdig, kunne me få lagt parkett i gangen i soveromsavdelinga, og etter at parketten var lagt, var det tid for å setja inn dører. Berre så synd at to av dørkarmane hadde feil storleik, så foreldresoverommet og badet er framleis utan dør...

Listing er eit anna stikkord. Og hjelpes og bevares kor mange typar lister me har! Pål, som det ordensmennesket han er, laga eit listesorteringsstativ, så nå går det i det minste an å finna fram i virrvarret. Ferdige? Absolutt ikkje. Me har framleis mykje godt arbeid foran oss, trur eg me trygt kan konstatera.

Med finvêret meldte det seg eit behov for ein stad å sitja ute. Me såg oss rett og slett nøydde til å prioritera terrasse. Me begynte ikkje på det som nok blir hovudterrassen, men valde å begynna der det var lettast å få noko på plass i ein brenning.

Dette var eit smart trekk, for her har alle måltid blitt innteke, og her har det blitt spela mange rundar med ulike kortspel på kveldstid. Middagen har vore variasjonar rundt temaet grillmat. Me har ikkje kjøkken, men me har vannkokar og grill, og då kjem me langt. Etter grillmaten er innteken, blir grillen omgjort til bålpanne (dvs me tek vekk rista...), og så er det koseleg oppryddingsarbeid, dvs fyring med kapp, resten av kvelden.

 Besøk frå Unn, pappa og broder Stein.

 I mangel av vinåpnar...

  Halvard har funne ei god stilling og ei god bok.


Elles hadde me sett som mål å bli heilt ferdige utandørs. Me klarte det nesten. Me har igjen nokre bord som skal under takskjegget i spissen mot Kvitanesvikjå, og nokre hjørnebord same staden. Men det var altså så mykje knott då me prøvde å jobba ute i dag at me berre måtte gi opp. 

Men det skal nå alltid vera noko. -Mamma! Her er det noko eg trur du bør sjå! ropa mellomsten eine dagen då eg sto vagla på ein krakk og krangla med ei taklist.

Under det eine store vindauget i spissen mot Kvitanesvikjå hadde han fått auge på store mengder maur. Då eg såg nærare etter var det i tillegg ein stor bulk på nedste foringen på vindauget. Etter litt riving av panel og fjerning av glava var det berre å konstatera: Fukt, med tilhøyrande maurinvasjon.

Mauren har me klart å kvitta oss med, men foringen i nedre kanten av vindauget må nok vekk, og så må me finna ut kor fukta kjem frå. Me avventar svar frå Drømmehyttemannen på kva i hulaste me skal gjera nå, og så prøver me å ikkje tenka så altfor mykje på om heile vindauget må ut igjen. Det skal i så fall fagfolk få ta seg av.

Søndag 28. juli reiste me heim. Pål skulle på jobb, Astrid i barnehagen og Torstein på Lyngdal cup med fotballen. Denne helga var det på 'an igjen, og så blir det nok nokre helgeturar framover også. Dersom hausten blir like fin som sommaren har vore, har me mykje kjekt å sjå fram til!