mandag 21. april 2014

Forsmak på sommaren

Påska markerer starten på ein ny sesong for oss som har hytte ved sjøen. Nå skal det seiast at for akkurat vår familie varer hyttesesongen heile året, men heile vinterhalvåret er me mest åleine på Kvitanes. Når påska så kjem, er plutseleg gardinene trekte frå i alle hytter, og det tyt folk ut av alle dører - tjukke slekta heile gjengen. Kaffi skal drikkast, skrøner skal forteljast, og ungane får det plutseleg svært så travelt med kameratar og venninner i ulike nabohytter. Dei er som regel heimom og får i seg noko mat innimellom før det ber av garde igjen, og så har me som mål å få lagt ungane i rett seng i rett hytte kvar kveld...

Og der var me plutseleg innpå temaet som har gått igjen i det siste: Senger. Nå har endeleg alle fått seg ordentlege heimesnekra senger. Då me kom denne gongen, heiv Pål seg over snekring av Halvard si seng. På dette rommet var det betre plass, så der blei det reine familiesenga: Dobbeltseng nede, og enkeltseng i overkøya. Astrid si seng blei beisa og lakkert, mens Halvard si seng førebels berre har fått beis på seg, sidan me gløymde å kjøpa meir lakk. Verdas beste seng, gliser Halvard.


 Astrid si seng, ferdig beisa og lakkert, og med sengehest både oppe og nede...

 Halvard si seng.


Då sengemakeriet var over, flytta Pål sagene ut, og dermed blei det råd å få rydda, sopa, støvsuga og gjera det litt meir heimekoseleg i hytta.

Nysopt stovegolv - reine ballsalen (men det manglar ein sofa og to...)!


Ute blei det snekra tram, slik at me kunne kvitta oss med dei to pallane me til nå har balansert på på veg inn og ut av hytta. I tillegg snekra Pål gangveg frå trammen og bort til der hovudterrassen kjem. Det begynner å bli framkommeleg ute også.

 På trammen blei det felt ned ei rist som me fant på Biltema. Min idé, noko murrande utført av gemalen...


 ...men når jobben var gjort, var han einig i at det var ein god idé og ser ganske tøft ut...


Inne hadde eg ein fæl sorteringsjobb av ulike verktøy, skruar, spiker og andre duppedittar. Kva skulle lagrast og kva skulle hivast - og kva var det nå alt me hadde lagra inne på boden? Heldigvis blei det ikkje teke bilde av den seansen, for det var til tider eit deprimerande syn...

Båten blei henta på Mosterøy. Det å stå til vinterlagring i ei løe er ikkje berre berre. Det resulterte dette året i eit knust glas i vindskjermen. Båten står framleis på hengaren sin, den. Sjøsetting får me ta seinare når det som skal reparerast er reparert. Eg trur me etterkvart har fått tak i dei rette skruane, men så var det visst eit bor som knakk...

Langfredag fekk me besøk av farmor og Per. Dei hadde med seg vaffeljern som presang, og farmor hadde i tillegg med seg ferdig vaffelrøre. Svært praktisk, syns me.

 Torstein, farmor og eit vaffeljern. Går ikkje an å få det betre...

Fint vêr hadde dei med seg også.

Og finvêret varte, og det å gjera noko innomhus blei plutseleg mindre interessant. Me måtte ut. Den vesle båten som gutane skal ha å krusa rundt i, blei dulla litt med.


Bunnstoff må til. Full konsentrasjon...

Første påskedag blei feira i Kvitanesvikjå. Full rulle med folk som hadde ulike prosjekt på gong.

Klypping og rydding av brakabuskar...


Fisking...
...og sløving...

I dag er det andre påskedag. Finvêret er spådd å vara ei veke til, så det var med tungt hjerte me vende nasen heimover til klesvask og førebuing av ny veke. Me har fått ein fin forsmak på sommaren på Tveit og Kvitanes, og me gler oss til det me har i vente!



søndag 6. april 2014

Ny helg - ny seng

Familien Fred og Harmoni sette seg i bilen og vendte nasen nordover. Minsten hadde tydelegvis øvd på songar til påskegudsteneste i barnehagen, for ho skrålte av full hals: "Halle-halle-halleluja! Det bobb-bobb-bobb-bobb-bobler inni meg!"

Då me passerte Vatnekrossen syntest visst mellombror det fekk halda, og kom med ei oppfordring til veslesøster om å slutta å synga. Ho på si side repliserte: "Nei!" og fortsette: "Halle-halle-halleluja..."

Etter ein tur innom Kvadrat for påfyll av energi og ny bok til storebror, gjekk ferda vidare, akkompagnert av veslesøster sine glade hallelujarop. Nærmare Tjensvollskrysset begynte det visst å bobb-bobb-bobb-bobb-bobla i storebror også: "Kan du tia stille?" "Nei!" kom det frå veslesnupps. "Halle-halle-halleluja!"

Vel er eg pedagog. Eg har til og med musikk som fag. Men når det bobb-bobb-bobb-bobb-boblar ustanseleg frå baksetet i nærare to timar, då kjenner også eg at det kan bli i meste laget. Det var ikkje fritt for at temperaturen i hovuda til familien Fred og Harmoni steig til nærare kokepunktet på denne turen, og det på grunn av ein i overkant festleg søndagsskulesong...

Gemalen stilte noko redusert rett frå jobbreise på Austlandet. Han hadde teke med seg nokre basillusker, så han gjekk for halv maskin, og var slett ikkje så effektiv som han sjølv hadde ønska. Likevel blei det produsert nok ei køyeseng denne helga, denne gongen inne hos veslesøster.


Eg fekk lakka storebror si seng. Torstein er fiskaren i familien, så det er kanskje ikkje så rart at han valde eit maritimt preg på rommet sitt. Han har fått puter frå IKEA, forma som fenderar, makrell og tauverk. Makrellputene har allereie blitt sjekka ut, og dei KAN brukast som slagvåpen i putekrig...


Det blei ei relativt amputert helg, sidan det også venta bursdagsfeiring på Tasta i dag. Vel inne i bilen var me snare til å setja på lydbok etter lydbok på vegen sørover. Det er grenser for kor mykje "halleluja" ein kan makta på ei helg...

søndag 23. mars 2014

Plassbygd seng

Denne helga la byggestøvet seg på nytt over store deler av hytta. Me fant nemleg ut at det var på tide å få skikkelege senger på ungane sine rom også, og for å utnytta plassen ville me bygga dei sjølve. Inspirasjon til dette henta me mellom anna frå denne flotte hyttesida:  http://www.samdal.com/hytte_ferdig.htm

Molefonken storebror er lei av å sova på feltseng.

Så då durte me i veg. Minstesnupps blei med Beste-Unn til Moster på kunstutstilling, og dermed fekk me høve til å jobba samanhengande begge to også. 

Fram med laseren - her skal det bli beint!


Måle måle...

Konsentrasjon...
Arbeidsteikningar må til...

Der var nedste køya på plass...

Svært mykje blidare storebror ser fram til å invia senga si!
Rakk ein tur til Raglamyr etter forsyningar også før me tok kvelden laurdag. Desverre var det bomtur både på Clas Ohlson der me skulle ha fleire skinner til spottane i taket, og på Biltema der me skulle ha fleire plater til sengebygging. Beis og pyntelister fekk me derimot tak i. Søndag trødde Beste-Unn til som barnevakt igjen, så då var det pussing, montering av pyntelister og beising på programmet.

Søndag: Mammå i sving med pensel og svamp...

Tyrilin interiørbeis. Farge: "Skigard"

Ta-daaa!

Då manglar berre stige og sengehest til overkøya, i tillegg til eit par lag med lakk, så er første senga ferdig. Reknar med at me sparar litt tid til å tenka og klø oss i hovudet på dei to andre romma, for nå har me jo gjort det ein gong. Storebror sitt rom har 90 cm brei underkøye og 75 cm brei overkøye. Det same blir det nok på minstesnupps sitt rom, mens mellomsten nok får dobbelseng nede (framleis noko usikkert akkurat kor brei) og 75 cm brei overkøye. Her skal det bli plass til gjester også!

Elles er me i gong med "terrassemysing". Ser for oss at hovudterrassen blir påskeprosjektet i år, og då kan det lønna seg å ha ein plan...






søndag 2. mars 2014

Todelt vinterferie

Dei i familien som har tilknytting til skule hadde vinterferie denne veka. Det førte til at me hadde to helger på hytta, den siste litt lenger enn den første. Sidan sist hadde Haugaland Kraft vore og kobla oss til straumnettet på ordentleg. Dermed var det å samla inn skøyteleidningar noko av det første eg heiv meg over. Så herleg å sleppa å snofla i leidningar på kryss og tvers!

Kvar gong me reiser er det alltid eit spørsmål om kva me skal prioritera, for prosjekt er det alltid nok av. Eg ytra eit ønske om å få kjøkkenkroken heilt ferdig, slik at alt verktøy kunne ryddast vekk derifrå og me kunne få ein funksjonell plass til å laga mat. Eg fekk det som eg ville.

Når det gjeld kjøkkenet har me nå hatt den første og førebels einaste "nei, forresten"-ideen i heile hytteprosessen. Me fekk for oss at me ville ha vifteskapet like stort som dei andre veggskapa, så det blei bytta ut. Etter dette har Pål saga hol i vegger og kobla vifta til ventil, montert pyntelister oppe og nede på veggskapa, kobla til oppvaskmaskin og montert front på denne (o lykke!), montert dekksider hist og pist, montert veggplate mellom benkeplata og veggskapa, og elles hengt opp hylle og lamper her og der. Me passa på å få teke nokre presentable bilde av kjøkkenet før byggestøvet på nytt la seg.

  Kjøkkenet er frå IKEA og heiter "Bodbyn". Lampene over kjøkkenvasken heiter "Foto" og er frå same stad.

 Veggplata mellom benkeplate og veggskap er frå Alloc. Mønsteret heiter "Betong".


På veggen til venstre for vindauget heng hylla "Stenstorp" frå IKEA.

Eg har jobba mykje innan renovasjon denne gongen: brunne bål og fått vekk mykje embalasje og kapp, og hatt ein ekspedisjon til Sveiåsen med søppelsekker. Kjekt å konstatera at me faktisk har eit golv...

Me har eksperimentert litt med belysning. Kjøpte eit par "starter kits" til eit skinnesystem for spottar frå Clas Ohlson. Det virkar greitt, så nå har me montert to skinner på eine takbjelken, og laga handleliste over kor mykje meir me skal ha.

 Spottar i taket.

Summa sumarum: Herleg med kjøkken som fungerer. Me har testa ut både koketopp, steikeomn og oppvaskmaskin. Godt med stort og romsleg spisebord å sitja rundt. Nå gledar me oss til å kunna innta ein komfortabel sofa også, men har vel kome fram til at me bør vera ferdig med innandørs saging før noko slikt kjem på plass.

Av andre ting som skjer på Tveit kan eg nemna at vegen er i ferd med å bli asfaltert frå hovudvegen på Erve og opp til snuplassen nedom garden til far min. Eg syns det ser veldig bra ut, men er svært spent på korleis Ervesbrekka/Olabakken blir på glatta om vinteren.


Nyasfaltert snuplass og veg.

(Digresjon: Eg syns det er svært hyggeleg at grandonkelen min, Ola, har fått ein bakke oppkalla etter seg. Han var ein original på mange måtar, blei nesten 100 år, og budde åleine i huset sitt nedom Ervesbrekkå/Olabakken. Framleis ventar eg instinktivt å sjå han rusla rundt huset sitt når eg kjører forbi, sjølv om det er ni år sidan han døydde. Nokre menneske skal liksom berre vera der, slik dei alltid har vore. Me har alltid kalla bakken for Ervesbrekkå, men eg høyrer mange av dei andre hyttefolka seier Olabakken, og det gjer meg litt varm om hjartet...)


søndag 9. februar 2014

Svart belte i shopping

Første hyttetur i 2014. Eg gir austavinden skulda, for me hadde faktisk planlagt og pakka til ei hyttehelg i januar, men ferjer som kanskje går er litt for usikkert for oss.

Heldigvis har det skjedd litt sjølv om me ikkje har vore på hytta. Per Inge røyrleggjaronkel har vore og gjort seg ferdig med sin jobb, så nå er det vatn både inn og ut, både på bad og i kjøkkenkrok. Elektrikaren er og ferdig, men Haugaland Kraft har ikkje fått kobla oss til ennå, så det blei byggestraum denne helga også.

Eg hadde teke ein telefon til Vikse møbler i Haugesund, så denne helga låg det ein god del og venta på oss der. Laurdag fekk me oss barnevakt oppe på garden, lånte varebilen til pappen og kjørte til Haugesund og fylte han til taket og vel så det. Tilbake kom me med spisebord med to klaffer og ti stolar, sofabord, taklamper til alle soveromma og diverse anna småtteri. Betalingskortet lukta svidd, eg er heilt sikker...

 Pappen sin varebil i ferd med å tømmast etter tunge tak.

Så kom nok ein runde av "trøyste og bere", og ein augneblink eller to tenkte eg at me kanskje heller skulle gått for den minimalistiske stilen med melamin og stål, i staden for å kjøpa møblar av det tyngste treverket som er å oppdriva. Jaja, me fekk det nå inn, og ikkje trur eg det blir aktuelt å bera det ut att i mi levetid i alle fall!



Der var spisebord og stolar på plass. Serien heiter "France", og er i såpebehandla eik.

Laurdagskvelden etter at minstesnupps var ekspedert til køys gjekk med til å pakka ut og montera galskapen. Så var det til å pakka ut og begynna å montera taklamper på soveromma. Vinflaska som me brifa med på bildet er framleis uåpna...


Den yngre garde fekk det travelt med alle eskene som stolane kom i...


I dag fortsette me å jobba med kjøkkenet. Koketoppen og steikeomnen er monterte, og så er det lys under veggskapa og i skuffene.


Sofabordet har me ennå ikkje rukke å gjera noko med, så det står framleis fint i pakken sin. Neste post på programmet er sofagrubling. Sofa til heilårshytte ved sjøen. Må tåla ein støyt, vera god å sitja i og ikkje sprenga alle økonomiske rammer. Hm...





søndag 29. desember 2013

Romjul i blesten

Etter julaftan heime på Hommersåk, og førstedag hos svigermor på Lura, var me klare for romjul på hytta. Litt annleis enn det me hadde sett for oss blei det, ettersom far min blei innlagt på sjukehus og sendt til Haukeland for ryggoperasjon på julaftan. Heldigvis har det visst gått i likaste laget, for nå er han i alle fall tilbake på Haugesund sjukehus og ligg i hardtrening for å komma seg heim, "tålmodig" som han er...

På hytta var det som vanleg ganske kaldt då me kom 2. juledag, men gassomnen sytte for at me fekk opp tempen, og tøflane som alle hadde fått til jul gjorde sitt til at ingen fraus på beina i det minste. Dagane gjekk til listing, rydding og legging av parkett. Enda eit steg nærmare ferdig hytte. Røyrleggjar og elektrikar gjer seg ferdige over nyttår, så nå er me begynt å tenka på møblar, gardiner og belysning. Må nok komma oss på salg!

Etter at minstejenta var ekspedert til køys om kveldane, blei det ein del spel på oss fire andre. Risk er blitt ein favoritt, dessutan fekk Halvard spelet "Mexican train game", ein slags dominovariant, til jul, og dermed måtte dette også prøvast. Då stova endeleg var rydda for rot og listverk, kom også modellhelikopteret fram. Ingen kan påstå at me ikkje veit å leika oss!

"The Mexican train game".


Full konsentrasjon!
 


 
Me har god lagringsplass på loftet på hytta. Me har luke med villetrapp på gongen, men har også laga oss eit lite "gaukur" oppe på veggen i stova, til bruk når me skal ha opp/ned lengre ting. Av og til dukkar det opp ein og annan gauk og gjel litt også...



 Kjøkkenkroken, nå også med handtak. Ferdiglista kjøkkenvindauge, og til ei forandring kan ein sjå benkeplata... Der alle kvitevarene nå står stabla oppå kvarandre skal kjøleskapet stå.

ENDELEG! Problemvindauget vårt ferdig lista, og all parkett ferdiglagd!

Elles kan me vel ikkje seia anna enn at det har vore eit himla vêr heile romjula. Vind frå søraust tek rennefart inn Kvitanesvikjå og rett opp mot hytta vår. Resultatet er eit sabla bråk. Fred og ro på landet, du liksom... Det kom i tillegg stadige oppdateringar frå Fjord1 om ferjer som gjekk/ikkje gjekk/gjekk ein annan stad enn dei skulle ha gått osb, så me lurte ei stund på om me ville komma oss heim etter planen. Nå er me her heldigvis, og morgondagen går nok til førebuing av storinnrykk nyttårsaftan. Godt nyttår!

søndag 15. desember 2013

Kjøkken og hemmelege ungar.

Endeleg tid for ein tur nordover igjen. Fire veker sidan sist. Eg kan ikkje akkurat seia at eg følte at eg hadde tid til det denne helga, med jobb til godt over øyrene. Men så var det nå ting som skulle gjerast, og ikkje minst julegåver som skulle overleverast, så då fekk jobb vera jobb, og så får det heller bli seine kveldstimar i veka som kjem.

Middagen stod og venta på oss då me kom til Tveit, og det var herleg! Med ei lærarmor som går i si eiga jobb-boble for tida, var ingenting ferdig pakka og me hadde kome oss relativt seint avgarde, så svoltne var me alle mann! Då me litt seinare kom ned i hytta, var det sju grader ute og seks grader inne. Ikkje den store sengevarmen, altså. Men den makalause gassomnen vår sette alle klutar til og gjorde det han kunne for å varma opp hytta så raskt det lot seg gjera. Sidan me har sirkelsaga ståande framme i stova, fant me ut at den kunne brukast til dynevarmingsstativ!

Ho mor søkjer varmen!

Sidan sist har det vore ein servicemann frå Gilje vinduer og sett på lekkasjen i vindauget vårt. Han fant årsaka til galskapen. Det var ei skrue som frå fabrikken si side var skrudd altfor stramt til, og som dermed hadde sørga for at treverket hadde sprukke. Me hadde fått melding om at dette nå var fiksa, så me var spente på korleis det såg ut. Dei fastbuande hadde vore nede nokre dagar tidlegare og rapportert at ting såg bra ut, og det var heilt tørt då me kom fredag kveld. I løpet av helga har det også blåse og regna kraftig rett mot dette vindauget, så me fekk verkeleg testa det ut. Endeleg kunne me kle igjen den veggen også. Eller som Pål snøfta: "Tilbake til der me var for eit halvt år sidan..." Glava dyttestrimmel, plast og veggplater. Nå kan me lista rundt dei vindaugene også, i tillegg til å få lagt parkett heilt ut.

Eitt stk friskmeldt vindauge...

Det nærmar seg jul, og dei tre musketterane våre blei innkalla av beste-Unn til noko svært hemmeleg oppe på Tveit laurdag føremiddag. Ikkje veit eg kva dei dreiv på med, men då eg og Pål kom opp til graut eit par timar seinare, var det nokon som var relativt sprekkeferdige og såvidt greidde å halda seg frå å busa ut med heile greia. Eg og Pål fekk oss ein handletur heilt på eiga hand etterpå, og dermed var alle julegåvene som i år skulle vidare til Voss på plass. 

Gåveinnpakking på gong...

Elles er det kjøkken det har gått i denne helga også. Nå er benkeplatene på plass, det er saga hol til vask og koketopp, og vasken er i tillegg montert i benkeplata. Dei skuffene og skapdørene som ikkje er i vegen for røyrleggjar og elektrikar er også monterte, så nå liknar det verkeleg på noko. Det gjenstår nokre foringar og dekklister her og der, men ein får i alle fall eit godt inntrykk av korleis det blir.

Tadaaa! Sjå kor fint!

Helga blei avslutta med søndagsmiddag oppe på Tveit. Onkel Stein kom også, så minstesnupps sette æra i å tyta øyrene hans fulle. Hjelpe meg så den jenta kan snakka! Så fekk me med oss heim eit lass med eplejuice og syltetøy av ymse slag, så me skal nok klara oss gjennom denne jula også...