søndag 14. september 2014

Sommar i september

Me sette ny personleg rekord i å komma seint fram til hytta denne helga. Ein frontkollisjon i Rennfast gjorde sitt til at me sat bom fast i kø på Tasta i lengre tider, og me brukte seks timar på ein tur som vanlegvis tek to og ein halv. Me hadde mat og lydbok i bilen, så det var ikkje så synd på oss. Verre var det med dei som blei skadde i ulykka.

Ved frukosten laurdag ikkje-akkurat-så-veldig-tidleg, konstaterte me at me ikkje hadde noko som på død og liv MÅTTE gjerast denne helga. Eg lakkerte senga til Halvard og sengestigane som Pål og Bjørn laga sist, mens Pål beisa terrassegelenderet.


 Der var stigane på plass både hos Torstein og Astrid. Inne hos Halvard går me for ein avtagbar variant.

 Nybeisa gelender.


Deretter smørte me niste som me tok med oss ned til Kvitanesvikjå, og så var me der store deler av dagen. Strålande sol var det, godt og varmt, og ungane freste rundt i den vesle båten sin. Og så måtte det sjølvsagt badast, sjølv om Torstein var den einaste som hadde hugsa badetøy...





Tilbake på hytta måtte me opp på loftet etter stolputer og grillkol. Så pesimistiske var me sist, at me trudde det ikkje kom til å bli bruk for dette før neste sesong. Så feil kan ein ta! Grillmaten blei fortært, og så fekk mammå seg ein real sopptur i Ervesvåg (ingen kantareller igjen der nå...), mens resten av familien fekk underhaldning av ei flaggermus som hadde show like utanfor hytta.

Søndag føremiddag forsvant resten av familien til sjøs igjen, mens mammå tok den STORE hyttevasken. Litt av poenget med store vindauge er jo at det skal gå an å sjå ut av dei... Elles har me vore flittige med listeskriving over alt me må hugsa å ta med neste gong, som nok blir i haustferien. Me er med andre ord komne til den fasen i prosessen der me stort sett er på hytta for å kosa oss, mens me puslar rundt med småprosjekt etter innfallsmetoden. Herleg!

Helga blei avslutta med å ta bilde av innhaldet i kjøleskapet. Me er nemleg medlem i korttidsminneforeininga alle som ein i vår familie, og innhaldet i kjøleskapet blir ofte deretter: "Hæ? Det var eg nå sikker på at me hadde!", evt.: "Jah, nå har me tre kaviartuber..."


søndag 31. august 2014

Besøk kan setjast i arbeid!

Denne helga kjørte me i to bilar. Torstein går framleis heime og dinglar p.g.a. lærarstreik, så han blei med pappen og kjørte "flyttelass": To sofaer, ein skyvedørsgarderobe, ein kommode og den gamle kista etter oldemora mi. Eg, dei to minste og katten kom etter så snart me kunne. Me blei sitjande i den verste ferjekøen eg nokon gong har vore i, og det gjorde besøket vårt frå Sandnes også. Framme ved hytta klokka halv ni om kvelden var me holsvoltne! Kvinner og barn gjekk laus på tacoen, mens Pål og Bjørn bar inn og monterte sofaer. Katten gjekk i vegen så godt ho kunne. Det var heilt vanvittig med aktivitet, heilt til maten var klar og stillheita senka seg...

 Endeleg noko anna enn spisestovestolar å sitja på!

Laurdagen blei mindre hektisk. Pål og Bjørn jobba i hytta, Torstein og Henrik var nede og fiska, mens me andre gjekk på slang på Tveit, både i bjørnebærfeltet og i sylte-og saftebua til far min. Elles blei det leika både ute og inne, lese litt bøker, og ete store mengder mat og laurdagsgodt... Pusen var særs nøgd med at gutane kom opp frå sjøen med ein fisk som var akkurat passe stor til henne, så alle fekk sitt.

Skyvedørsgarderobe ferdigmontert på vårt soverom.


Stigar til alle køysengene er nå ferdige. Dermed slepp Bjørn å lempa ungane sine oppi og utav sengene neste gong dei er med på hyttetur...
 
Kjekt med besøk, det vil me gjerne ha meir av. Og i alle fall av den typen som kan setjast i arbeid...




søndag 17. august 2014

Litt av ein sommar!

Det var den sommaren då me fekk tak i billige flybillettar til Barcelona, og tilbrakte to veker i Pål sitt ferieparadis frå 80-talet, Platja d'Aro. Me opplevde fin natur og storbyliv, god mat, kultur og historie, avslapping og full fart i badeland. Greie temperaturar, fint ver, absolutt ein stad å reisa tilbake til. Men neste gong går me nok litt opp i standard på leiligheit.

 Bånn gass i eine badelandet me var i.

 Stranda "vår". Mykje meir oversiktleg og mykje mindre folk enn "hovudstranda" i byen.

Gjengen i Barcelona

Det var den sommaren me fekk oss ein liten pusekatt. Det hadde blitt med snakket lenge, for me vaksne såg jo at minst ein av avleggarane hadde hatt godt av eit dyr å kosa med, stella og ta ansvar for. Eit bilde som blei delt på Facebook blei sparket i baken som skulle til. Det nye familiemedlemmet hadde allereie blitt kalla Sniff av familien til kattemor, og då såg me ingen grunn til å endra på det. Sniff er blitt ein pendlarkatt mellom hus og hytte, og ser ut til å takla dette greitt.

Sniff og Halvard


Det var den sommaren då uteplassen på hytta stod i fokus, og då skruing av terrassebord var eit heitt tema. Heitt i dobbel forstand - jaggu ikkje greitt å jobba midt i solsteiken i over 30 graders varme. Me innførte spansk arbeidsmønster med siesta midt på dagen. Det var også den sommaren då målet om å få beisa heile hytta og terrassane gradvis blei moderert: -Eg skal i alle fall få teke hytta... -Eh, eg skal i alle fall få teke denne veggen... Halve hytta tenkjer eg me seier at eg rakk...

 Mange sånne dagar denne sommaren!

 Trapp frå ein terrasse til ein annan.

 Ferdig terrasse frå ulike vinklar


 Og endeleg denne siste helga også med gelender.


Det var den sommaren med utruleg mykje sol og høge temperaturar. Den sommaren då til og med ho mor skifta farge. Ikkje så veldig brun, men i alle fall ikkje blå! Den sommaren då badetemperaturen i Ålfjorden låg på rundt 22 grader, og Kvitanesvikjå var befolka til nær sagt alle døgnets tider. Den sommaren då den gamle "eingongsbrygga" Pål og svoger Geir snekra for nokre år sidan, plutseleg blei forvandla til flytebrygge til å bada frå. Dessutan blei det endeleg orden på den vesle båten som gutane skal ha til å putra rundt med på eigahand.

 Ute på fjorden i herleg sommartemperatur

 Kvitanesvikjå - nystrigla, og med flytebrygge

Astrid inspiserer "litlebåten"

Det var den sommaren me sloss mot alle salgs insekt. Først begynte kleggen, så overtok vepsen gradvis, og til slutt kom dei uappetittlege fluene. Me fekta og slo rundt oss, vaska ungar og kjøkken med ein utruleg frekvens til å vera oss, og laga insektsfeller som strengt teke ikkje virka noko særleg. Til slutt gjekk Pål og handla ein makalaus manik til å setja i stikkontakten, og dermed smalt det og lukta svidd rett som det var.

Det var den sommaren eldsteguten hadde sin første sommarjobb som bærplukkar på Tveit Gaard. Han plukka og plukka, og sveitta og sveitta. Kom varm og forkava frå jobb, og durte rett til sjøs for å kjøla seg ned. Det var også den sommaren då far min hamna på sjukehuset med blodpropp i eine leggen, midt i travlaste bringebærsesongen.

 Bringebær før...

 ...og etter plukking

Det var den sommaren hageslangen heime blei gløymt med trykk på eine fredagen med helgependling til hytta, for så å hoppa av og laga lekkasje inn i kjellaren. Årvakne naboar skal ha takk for at det ikkje blei ståande å renna lenger enn det gjorde. Likevel blei det litt armar og bein med rydding, avfukting, demontering av veggplater, forsikringsselskap osb.

Oppsummert: Det har vore ein sommar me vil hugsa, og det har knapt vore tid til fotografering og blogging.

mandag 9. juni 2014

Pinsti på terrassen

Fredag var me oppe og fekk låna tilhengaren til papen då me kom. Etter legging av "lille Trille" var det rett ut og fylla han med søppel. Her skulle det vera effektivitet, ikkje noko slinger i valsen!

Laurdag morgon var det avgårde-Kåre til Haugesund og Årabrot. Vekk med søppel, så kjøpa terrassebord. Me blei litt flate i fjeset då me kom til stengd miljøstasjon, me som hadde lese oss opp på åpningstider og alt. Det viste seg at me ikkje hadde lese langt nok, for lenger nede på nettsidene sto det om unntaka: påskeaftan, pinseaftan og julaftan. Det var lita trøyst i at me slett ikkje var dei einaste. Då var det vel berre å gjera vendereis, då.

Etter litt refleksjon i framsetet, akkompagnert av Folk og røvere i Kardemommeby frå baksetet, fant me ut at me skulle sjekka SIM sine åpningstider på Stord. Dei hadde berre påskeaftan og julaftan som unntak, og dermed fekk søppelet vårt seg reine sightseeinga før det enda dagane sine på Heiane på Stord. På Heiane fekk me kjøpt terrassebord også, så glade var me. Me kom tilbake akkurat tidsnok til avsluttinga av dugnaden i Kvitanesvikjå...

 Då var det berre til å begynna...

Sommarkjole, solbriller og arbeidshanskar. Godt utstyr er halve arbeidet...

Her går det unna!

Eldstemann fant ut at å kombinera styrketrening med høve til å tena seg nokre kroner var gode greier. Han var vel den som bar brorparten av terrasseborda ned til hytta. 
 
Ein stk utsliten storebror...

...men nye oppgåver ventar...

 Måndag morgon.

 Det begynner å likna noko!

 Riktignok mykje skruearbeid igjen - mange av borda er berre lagde utover.

Kven vil vel vera inne i dette fine veret?
 
Halvard med husdyret...

Hytte bada i sommarsol.

Fantastisk pinsehelg: Nydeleg ver, ungar som leikar kjekt, litt "raddl" med slekta og hyttenaboane, og arbeid som viser igjen. Kan ikkje få det betre!



søndag 1. juni 2014

Terrasseprosjekt

Om de trur at me nå begynner å få stålkontroll på å planlegga hytteturar, må de nok revurdera dei tankane ein smule. Spesielt når hytteturane kjem så tett at me ikkje rekk å pakka skikkeleg ut frå den eine før me er i gong med den andre, då går ting litt på ein snei. Me reiste onsdag, men først måtte me pakka, så måtte me innom ein plass og eta middag, så måtte me handla badehåndkle sidan me hadde gløymt det heime, så måtte me innom ei byggsjappe og kjøpa papprøyr, og til slutt måtte me handla mat for helga. Det blei seint på kveld før me kom fram, men det er kanskje ikkje nødvendig å seia?

På parkeringsplassen møtte me på eit lass med singel. Dermed var det berre å starta der me slapp sist helg etter frukosten torsdag. Beste-Unn tok med seg eldste-og yngstemann på "Trodlamarsjen" opp til Trodlavassnipen nord i Sveio kommune. Mellomsten bestemte seg for å vera i området rundt hytta og leika med søskenbarnet sitt. Dermed var det godt med arbeidsro for foreldra. Far min syns tydelegvis at det er så kjekt å kjøra traktor (eller kanskje han tvilte litt på våre evner i den retninga...???), at han blei med oss heile dagen.

 Dette synet får meg til å føla meg heime: Traktor med far min og Tassen inni.

Drensrøyr på plass

Måling og sikting: -Det e kje så nøye, barra det e akkurat, seier far min...

Grei arbeidsfordeling: Pål held røyren i vater, far min spar og Tassen går i vegen...

Fredag lesste me tilhengaren full av byggeavfall og kjørte til Årabrot med det. Deretter kjørte me til Byggmax og fyllte hengaren med 2x8 og 2x6, og bagasjerommet med sementsekker. Dermed var det duka for nok eit kapittel i serien "trøyste og bere". Me har komne litt ut av teljinga på nummeret i rekkja, men me konkluderte vel med at verken joggetur eller styrketreningsøkt var naudsynt den dagen (sjølv om Pål, med Nordsjørittet pustande i nakken, hadde seg ein kveldstur på sykkel saman med svoger Geir).





Laurdag, etter enda meir bering, begynte blandemaskinen å gå. Pål støypte fast bjelkesko i røyra, mens eg hadde gjengen vår med meg til Kvitanesvikjå. Litt arbeidsfordeling må ein ha, ikkje sant?

Sjå der, ja! Fint på rad og rekke.

Då gjenstår det å sjå om ho mor kjem ajour med klesvasken før neste helg. Planen då er nok eit lass med søppel til Årabrot, for så å komma tilbake med 475 meter med terrassebord. Trøyste og bere!






søndag 25. mai 2014

Blir så flott, atte!

Kva gjer ein når ein har noko ein skulle ha grave, og ein har ein bror med tilgang til minigravar? Då inviterer me sjølvsagt bror med familie med på hyttetur. Dermed blei svogers med oss på hytta denne helga, og mens kvinner og barn inntok Kvitanesvikjå i herleg sommarvêr, begynte brørne Berg å grava...


Dei grov og grov, og snart såg sørvestsida av tomta slik ut:


Gravarane var tydeleg nøgde med jobben sin, og i løpet av laurdagskvelden var dei fleire gonger borti vindauget, kikka ut, og kom med kommentarar som: "Blir så flott, atte!" mens dei gliste rått. Kva som var vitsen med all gravinga kan me jo ta ein liten gjettekonkurranse på. Kanskje det blir litt klarare i løpet av neste helg?


Kvinner og barn tok seg stort sett av borddekking og oppvask, i tillegg til studier av lokalt dyreliv i Kvitanesvikjå. Store mengder småkrabbar sørga for at den yngre garde var godt sjølvgåande. Svigerinna mi sa det temmeleg treffande: "Ein blir sinnsjukt lat av å gjera ingenting!"


mandag 21. april 2014

Forsmak på sommaren

Påska markerer starten på ein ny sesong for oss som har hytte ved sjøen. Nå skal det seiast at for akkurat vår familie varer hyttesesongen heile året, men heile vinterhalvåret er me mest åleine på Kvitanes. Når påska så kjem, er plutseleg gardinene trekte frå i alle hytter, og det tyt folk ut av alle dører - tjukke slekta heile gjengen. Kaffi skal drikkast, skrøner skal forteljast, og ungane får det plutseleg svært så travelt med kameratar og venninner i ulike nabohytter. Dei er som regel heimom og får i seg noko mat innimellom før det ber av garde igjen, og så har me som mål å få lagt ungane i rett seng i rett hytte kvar kveld...

Og der var me plutseleg innpå temaet som har gått igjen i det siste: Senger. Nå har endeleg alle fått seg ordentlege heimesnekra senger. Då me kom denne gongen, heiv Pål seg over snekring av Halvard si seng. På dette rommet var det betre plass, så der blei det reine familiesenga: Dobbeltseng nede, og enkeltseng i overkøya. Astrid si seng blei beisa og lakkert, mens Halvard si seng førebels berre har fått beis på seg, sidan me gløymde å kjøpa meir lakk. Verdas beste seng, gliser Halvard.


 Astrid si seng, ferdig beisa og lakkert, og med sengehest både oppe og nede...

 Halvard si seng.


Då sengemakeriet var over, flytta Pål sagene ut, og dermed blei det råd å få rydda, sopa, støvsuga og gjera det litt meir heimekoseleg i hytta.

Nysopt stovegolv - reine ballsalen (men det manglar ein sofa og to...)!


Ute blei det snekra tram, slik at me kunne kvitta oss med dei to pallane me til nå har balansert på på veg inn og ut av hytta. I tillegg snekra Pål gangveg frå trammen og bort til der hovudterrassen kjem. Det begynner å bli framkommeleg ute også.

 På trammen blei det felt ned ei rist som me fant på Biltema. Min idé, noko murrande utført av gemalen...


 ...men når jobben var gjort, var han einig i at det var ein god idé og ser ganske tøft ut...


Inne hadde eg ein fæl sorteringsjobb av ulike verktøy, skruar, spiker og andre duppedittar. Kva skulle lagrast og kva skulle hivast - og kva var det nå alt me hadde lagra inne på boden? Heldigvis blei det ikkje teke bilde av den seansen, for det var til tider eit deprimerande syn...

Båten blei henta på Mosterøy. Det å stå til vinterlagring i ei løe er ikkje berre berre. Det resulterte dette året i eit knust glas i vindskjermen. Båten står framleis på hengaren sin, den. Sjøsetting får me ta seinare når det som skal reparerast er reparert. Eg trur me etterkvart har fått tak i dei rette skruane, men så var det visst eit bor som knakk...

Langfredag fekk me besøk av farmor og Per. Dei hadde med seg vaffeljern som presang, og farmor hadde i tillegg med seg ferdig vaffelrøre. Svært praktisk, syns me.

 Torstein, farmor og eit vaffeljern. Går ikkje an å få det betre...

Fint vêr hadde dei med seg også.

Og finvêret varte, og det å gjera noko innomhus blei plutseleg mindre interessant. Me måtte ut. Den vesle båten som gutane skal ha å krusa rundt i, blei dulla litt med.


Bunnstoff må til. Full konsentrasjon...

Første påskedag blei feira i Kvitanesvikjå. Full rulle med folk som hadde ulike prosjekt på gong.

Klypping og rydding av brakabuskar...


Fisking...
...og sløving...

I dag er det andre påskedag. Finvêret er spådd å vara ei veke til, så det var med tungt hjerte me vende nasen heimover til klesvask og førebuing av ny veke. Me har fått ein fin forsmak på sommaren på Tveit og Kvitanes, og me gler oss til det me har i vente!